Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

         
Føreord
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 23.05.2006

For femti år sidan tok siste verdenskrigen slutt. Det er så lenge sidan at mange av dei som var vaksne då no tek til å falle ifrå. Dei tek kunnskapen om kvardagslivet i krigsåra 1940-1945 med seg. Beretningane om dei «store Heltane» er for det meste nedteikna før, men minnet om innsatsen til «den vanlege mann» sit nok helst i hovudet på dei gamle i bygdene omkring. 

Pensjonistane har mykje å fortelje når ein spør dei om hendingar frå krigens dagar. Dei nemner bygdefolk som tok del i ulike handlingar retta mot okkupasjonsmakta. Dei minnest korleis folk på ulik vis innretta seg i kvardagslivet i krigsåra. Det er den uskrivne krigshistoria barna våre ikkje får kjennskap til om vi ikkje får den festa på papiret. 

Sjølv var eg mellom 15 og 20 år under krigen. Eg var mykje i butikkane til far min på Furenes og på Oppdalsøyra. Folk kom og gjekk. Dei prata om det meste, og på det viset fekk eg høyre om korleis livsvilkåra var for folk rundt om i bygdene. Rutebåten hadde fast anløp ved kaia vår, og folk samla seg der når båten kom. Då gjekk praten, og nyheitene skiftest mellom dei som kom - og dei som venta. Far sende meg i veg til Bergen for å gjere innkjøp til butikkane. På desse turane dit opplevde eg flyalarmen gå - og krigen kom brått så nær. Eg gjekk og på skule i Nordfjord under krigen, og reisene fram og attende langs kysten var ikkje utan fåre. Det ga meg ei aning om at vi levde utrygge her vest. 

Etter krigen kom eg i militærteneste på eit av stabskontora på Bergenhus. Der møtte eg fleire av offiserane som hadde delteke i krigen mot tyskarane i Norge 1940, på Vestfronten og ikkje minst i det illegale arbeidet her heime. Bland desse ein vel kjend mann på våre trakter, kaptein Harald Risnes, sjefen for Bjørn West styrkane. På kontoret der møttest offiserane. Dei prata saman og fortalde frå ymse opplevingar dei hadde hatt i krigsåra. Såleis vart interessa for dette stoffet tidleg vakt hos meg. 

Eg har gjort mitt beste for å få med alle navna på dei som gjorde ein innsats i motstand mot okkupasjonsmakta, og alle dei frå Gulen og Brekke som miste livet i denne kampen for fridomen. Om nokon skulle vere gløymd må eg be om orsaking. Takk til dei som har delt med meg sine minner frå krigsåra - og gjort det mogeleg å samle dei i dette vesle heftet. 

Eivindvik/Åsane januar 1995 
Ingolf Austgulen © 

Informanter og medhjelpere: 
Gjert Kråkenes 
Gjert Iversen 
Tilla Kråkenes 
Magna Furnes 
Gunnar Thune 
Bjørn Takle 
Sverre Wergeland 
Johan Haveland 
Ole J. Midtun 
Odd A. Midttun 
Toralf Sande 
Sjur Dale 
Leif Nyhammer 
Kjell Hammer 
Turid Westervik 
Håkon Søreide 
Alf Bogetvedt 

Litteratur: 
Ragnar Ulstein, Englandsfarten 
Trygve Nordanger, Lang kyst 
Odd Strand, Hitra 
Arnfinn Haga, Dette er vinteren 
Andreas Hauge, Valdres 1940 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal