Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

    
Til fronten i robåt
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Arent og Konrad Rørtveit var ikkje blant dei som vart kalla inn ved mobiliseringa 9. april. Dei gjekk heime og hadde sterke følelser for det som no hende - at landet heldt på å bli herteke av tyske troppar. Dei ville gjerne kome med i dei norske styrkane som endå kjempa, og tenkte at om dei kom seg nordover kysten så ville det vere mogeleg. 

Ein ny stor oselvar var nett komen i naustet, og etter nokre dagar så bestemte dei seg. Lasta ombord godt med utstyr til båten, fann gode klede til seg sjølv og litt proviant i ei kiste. Så drog dei avgarde, rodde og segla dag etter dag, kvilte seg litt på «tiljene» når vinden tok godt i segla og farten var tilfredstillande. Hoppa på land på ein holme eller ei lun vik, for å strekke beina og ikkje stivne til. Ein lang tur vart det, men framover gjekk det kvar dag. Så var dei komen til Rørvik på Trøndelagskysten og ville orientere seg. Då fekk dei vite at dagen før hadde alle kamphandlingar opphøyrt, - og at konge og regjering var reist til England. 

Vegen heimover til Rørtveit vart lettare, for no vart båten «vinsja» på dekket til ein fraktebåt på veg sydover. To ungdomar med sterk forsvarsvilje for landet. Eit godt forsøk... 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal