Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
«Gestaporeir» på Timmerøya
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002

Timmerøya, mellom Eivindvik og Flolid, er ei fin skogkledd øy som tidlegare høyrde til Fonna, men vart overført til garden Gryta i Eivindvik. Historikarane har funne ut at det har vore holmgangsplass på Timmerøya i den tida Gulatinget var i nærleiken. 

Ein i familien Kahrs, som hadde hatt bustad på Gryta, fekk behalde Timmerøya. Sofus Kahrs kom fleire turar til øya i krigsåra. Det var oppført ei hytte på austsida, som seinare vart flytta til stranda på vestsida, der ho står i dag (om enn i dårleg forfatning). Sofus Kahrs var N.S. frontkjempar på Austfronten, - med andre ord ein dårleg landsmann. Det kom også medspelarar på vitjing i hytta på Timmerøy, til og med den farlege politibetjent Njøten fra Bergen. Dei møtte ikkje til nokon sundagsskule, i helgane på Timmerøya. Så langt derifrå. 

Dei var på jakt etter «jøssingar», gjennomførte radiorazziar og det dei kunne fange opp for å få folk straffa. N.S. sin politikk var alt for desse aktørane. Ei hending som var knytt til opphaldet på Timmerøya, var at Mons Skauge i Fonnevika var meldt for å ha radio og høyre på sendingar frå England. 

Ein morgon kom Gestapo og statspolitiet til Eivindvik, og oppdraget var radiorazzia hjå Mons Skauge i Fonnevika. Radioen var gøymd i høystålet, og med Gestapo så tett innpå vart det hardt for dei involverte. Skauge vart lova mild straff hvis han kom fram med radioen som dei hadde fått melding om at han hadde illegalt. Skauge greidde å stå i mot presset. 

Så fann Gestapo kartongen som radioen hadde vore pakka i ved kjøp i Bergen. Kartongen var påført radiomerke, og dette ville dei sjølvsagt ha sjekka på det forsegla lageret med innleverte radioer i Eivindvik. Fleire ordna seg slik at dei leverte inn eit radioapparat og så hadde dei endå eit apparat (det beste) igjen å lytte på. Slik med Mons Skauge også. Dette ville gå galt, når kontrollen dagen etter ville kome på det avlåste lageret og feil radio låg i kartongen der. 

Så er det at Toralf Sande rører på seg igjen. Han tek robåten, legg fisketroer på ripa for å ha eit alibi og ror utover Prestesundet. Han har ein plan. Med kipe vert radioen henta frå høystålet i Fonnevika og båren utover utmarka til Haukøy, rodd over Prestesundet og vidare inn kleivane i kveldsmørket, fram til prestegarden til det offentlige lageret for innleverte apparat. Presten Vatne var utanfor rekkevidde og visste knapt kva som føregjekk. 

Då Gestapo troppa opp dagen etter, var alt gjennomtenkt, slik at lensmannsbetjenten Olav Bøe skulle låse opp og late som om alt var i orden og spele «uskuldig», så godt han kunne. Samspelet mellom lensmannsetaten og Toralf Sande var alltid det beste. 

Familien Skauge slapp unna meir «trøbbel» frå Gestapo. Angivaren fekk straff etter at krigen var over. Mons Skauge var Toralf Sande svært takksam for redninga, ellers hadde det nok vorte fangenskap ei lang tid for Mons Skauge. Og Sande hadde fått endå meir å svare for, hvis Gestapo hadde rulla opp saka. 

Fredsdagane i 1945 dukka Sofus Kabrs opp att i Eivindvik i følgje med nokre andre, og gjekk i skjul på Timmerøya. Dei var redde for straffa som venta dei. Dei vart der kort tid, før politiet henta dei for rettargang. Medan dei var der, hadde dei kontakt med m.a. ein unggut som budde i Fonna, Arvid Juvik 7 år. Han held dei med fersk fisk som han fiska rett utanfor øya. Litt lommepengar kom godt med og litt spenning følgde med på kjøpet, og det syntest guten om. 

Det vart fangeleir for Kahrs og dei andre. På Espeland i Arna vart dei sitjande i nokre månader, men fleire av «Kahrsgjengen» greidde å rømme. Med hjelp utanfrå, kom dei seg til Hjellestad i Fana og vidare ombord i båten «Solbris» (tidl. eigd av Chr. Michelsen), og så drog ein heil flokk syd og vest over havet. Dei kom seg heilt fram til Argentina, slik målet var. Kunne nok vore tekne i arrest på vegen, men det syntest ikkje vera så viktig, merkeleg nok. 

Fleire av dei som drog, fann seg ikkje tilrette i Argentina og kom attende til Bergensområdet etter nokre år. Om dei fekk meir trøbbel med dei norske styresmaktene? Neppe! 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal