Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
I Gulafjordane var ein heller ikkje fri for dei tyske militære
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 01.09.2002
   
På Haveland var det plassert ein kontingent på 30-40 tyske militære, noko som hadde samanheng med festningsanlegga som vart bygd opp i Rutledal i krigsåra. Vaktene på Haveland hadde nokre skytevern mot fjorden, medan forsvaret som verkeleg hadde slagkraft, dersom det skulle komme intrengarar frå Gulafjorden, det låg nord i Rutledalen. 

Tyskarane som var stasjonert på Haveland, budde i heimen til Gudrun Haveland, og hjå Olaf Olsen i Nordgulen. Det var aldri spørsmål om å få vere der, tyskarane plukka berre ut dei husa dei syntes passa best for dei. Det var vanleg fremgangsmåte. Gudrun Haveland, og dei to borna ho hadde, fekk nytte eine stova og så overtok soldatane resten av husværet og brukte det slik dei ville. På tunet hadde dei feltkjøkken medan dei etter kvart sette opp eit eige bygg som innheldt både kjøkken og spisesal. 

Det var mange tyske soldatar på Haveland ei tid. Dei gjekk vaktrundar på vegen og rundt på Haveland og i Nordgulen. Dei var nøye på at folk blenda skikkeleg etter at lysa var tente inne. Vart ikkje dette påbodet halde, kunne ein vera sikker på at vakta banka hardt på døra og stod med kvasse blikk og peika på lysstriper som siva ut frå huset ein eller annan stad. 

Folket på Haveland kunne ikkje unngå å bli litt kjende med dei «framande», ettersom dei vanka i butikken og ellers i bygda. Unggutane syntes det var spennande å ha kontakt, kome inn til soldatane, fanga opp språk, få litt snop og kome bort i godbitar som ellers var mangelvare heime. 

Det var nok fedre blant soldatane også, som sakna sine eigne og hadde ei viss glede av å prate med og ta seg av «gluntane» på Haveland. 
Johan Haveland var ein av desse. Han fortel at så lenge ein var høfleg og gjekk stilt fram, var soldatane venlege. Men vart ein frekk på nokon måte, fekk «pipa» ein annan lyd. Då vart det kvasse kommandorop både på tysk og norsk. 

Dei tyske hadde nokre digre hestar med seg og dei køyrde i hestespann, noko som var uvanleg på desse kantar.Johan Haveland vart fleire gonger rekvirert for skyssing med motorbåten til far sin. Dei skulle som regel til telegrafstasjonen på Dalsøyra. Han måtte smørje seg med tolmod mange gonger då han måtte vente heile natta før dei skulle attende. 

På telegraf/telefonstasjonen sat dei tyske vakter, og passa på kvar einskild av dei som kobla samtaler i aust og vest. Ein slik sentral kunne nok i mange høve vera viktig for dei som opererte i motstandsrørsla. 

Det oppsto ikkje konfliktar mellom dei tilsette i sentralen på Dalsøyra og dei tyske vaktpostane som dukka opp frå Haveland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal