Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

   
Ei trist historie
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Etter at dei tyske militære hadde pakka saman og drege frå anlegga i Rutledal, vart der mykje å rydda opp i for dei norske som overtok. Der stod m.a. mange barakkar omkring i landskapet. Sanitetstemnet som vart arrangert av Gulen Sanitetsforening dette året, vart lagt til Rutledal, og ein av tyskarbarakkene vart nytta i samband med dette stemnet. 

Der kom mykje folk, - slike samlingar hadde ikkje folk hatt mykje av i krigsåra, så det var stor interesse. Det kom til og med folk frå Solund. Vaktsoldater var plassert rundt for å passe på forskjellige militære effekter som endå låg igjen. Likevel var der tre gutar - stemnedeltakarar - som hadde kome over ein del sylinderforma pakningar, og noko av dette samla dei opp i poser og tok med seg for seinare å finne ut. Leif Nyhammer var ein av desse gutane, og han hadde sin pose i bagasjen heim. Den vart lagt i høystålet på løa. 

Ein dag kom sognebåten «Fanaråken» ut fjorden, men båten hadde ein uvanleg kurs denne dagen. Den la seg til nord i fjorden nær Solundlandet. Grunnen til dette var at dei venta på ein sterkt såra gut frå Nesefjorden. Det var Bjarne Nesøy, ein av gutane som hadde plukka med seg «stoff» under stemna i Rutledal om sundagen. Han hadde eksprementert, gjort dette i båten og med resultat at det meste av stoffet i pakkane eksploderte. Sterkt såra vart han nå sendt til Bergen og innlagt på sjukehus. Men han hadde fått så store skader at han døydde kort tid etter. Dette fekk dei høyre på Nyhamar, og det varte ikkje lenge før Leif Nyhammer rusla til høystålet, fann fram posen og drog langt ut på Nyhamarvika og senka det heile. Han hadde ikkje vore klar over kor farleg stoffet frå Rutledal var. Han vart letta, takka og prisa seg over at han slapp med skrekken. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal