Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

                
Innsats på utefronten
Forfatter: Thorbjørg Birknes
Publiseringsdato: 11.04.2006

Trygve M. Birknes og Knut Edvardsen frå Byrknesøy var med jagaren KNM "Svenner" ved invasjonen i Normandie på D-dagen 6. juni 1944. Skipet vart torpedert i den engelske kanal klokka 05.30, og 34 mann mista livet. 

Etter oppmoding vil eg prøve å fortelje litt om mannen min, Trygve M. Birknes, og det han opplevde under krigen. Han var fødd 28. januar 1923 og vart døypt Carl Trygve, men vart alltid berre kalla Trygve. 


Trygve M. Birknes

I 1940 var han altså berre 17 år, men hadde sin eigen båt, ein gavlbåt "Notmann" SF 255 G, som helst vart brukt til varetransport for krabbefabrikken som far hans, Martin E. Birknes, dreiv. 

Hausten 1941 var det nokre ungdommar frå Byrknes som ville til England, og båten måtte bli "Notmann". Dei gjekk ut frå Byrknes den 15. august. Dei var ti mann i alt, mellom dei fire frå Bergen som måtte komme seg vekk, og Trygve var skipper. 

På førehand hadde han vore ein tur til motorverkstaden på Mongstad for å korrigere kompasset. Det var ikkje ufarleg å reise, for det var mange tyskarar på Byrknes, og dei hadde ei vakthytte med god utsikt. Veret var fint, og etter 36 timar kom dei rett til Shetland. 


Knut Edvardsen 

Etter rutinemessige kontrollar kom Trygve og nokre av dei andre til marinen. Nokre vekers opplæring var alt dei fekk før dei måtte om bord. I begynnelsen måtte dei skifte båt etter som det var bruk for dei. Trygve vart etterkvart torpedoskyttar. Han var med i konvoifarten i 3 - 3,5 år, for det meste Liverpool - Halifax og retur. I Amerika fekk dei om bord mat og drivstoff, men fekk sjeldan gå i land. Neste konvoi låg klar, så det var berre å snu. 

Nord-Atlanteren om vinteren var ikkje å spøkje med, bylgjene kunne vere 20 meter høge, og det hende at lukene vart skalka og dei ikkje fekk gå under dekk på fleire døgn. Under dei var ubåtane, og nokre få marinebåtar skulle beskytte heile konvoien. 

Trygve fortalde at den største konvoien dei hadde var på 102 båtar. Sjølvsagt hende det at ein båt gjekk ned. Då hadde ikkje marinebåtane lov å stogge for å hjelpe overlevande. Dette var hardt, men dei måtte ta omsyn til resten av konvoien. 

Trygve fortalde nok ein og annan episode frå krigsåra, særleg viss me hadde besøk eller var hos andre, og dei spurde han ut. 
Men både han og fleire av dei andre som var ute, ville helst gløyme alt saman. Vart det grave fram att, resulterte det ofte i mareritt om natta. Ikkje noko krisepsykiatri den gongen nei, men sidan me no stadig høyrer om det, forstår me nok langtidsverknaden betre. - Dei var i livsfare døgnet rundt i årevis, hadde aldri ferie, og det var ikkje noko som heitte frivakt. Ein gong gjekk det 1,5 år utan at Trygve sette foten på land. Sjølv om dei fleste var unge og sterke, så vil slikt merkast likevel. 


KNM "Svenner" vart torpedert i den engelske kanal på D-dagen 6. juni 1944 klokka 05.30. 
Fartøyet knakk saman og forliste i V-form. Av eit mannskapet på 230 mann mista 34 livet denne dagen. 
KNM "Svenner" var ein heilt ny og moderne jager, sjøsett i 1943 og overteken av den norske marinen våren 1944. Skipet var godt væpna og hadde asdic-radar. 

Under invasjonen i Frankrike den 6. juni 1944 var Trygve om bord i den nye jagaren KNM "Svenner". Ein annan byrknesing, Knut Edvardsen, var og der. I alt var dei over 230 marinesoldatar om bord. Som me veit, var det hundrevis av båtar. 

"Svenner" låg langt framme, og då dei nærma seg franskekysten, fekk dei ein torpedo midtskips. Båten knakk i to, begynte å gå ned og alle måtte berre hoppe i sjøen. Ingen hadde lov å stogge for å ta dei opp, dei hadde eigne båtar til det, - og dei kom sist. 

Trygve fekk plass på ein redningsflåte. Den var overfylt og mange hang rundt og heldt seg fast. Trygve heldt ein av dei andre i handa, då han som var i sjøen klagde over vondt i føtene. Trygve kunne sjå at begge beina hans var borte. Han sa ikkje noko om det, men heldt han i handa og snakka med han til han døydde. Då måtte han berre sleppe han. 

Slike hendingar gløymer ein ikkje. 

I alt var det 34 mann frå "Svenner" som kom vekk den dagen, men både Knut og Trygve vart berga. Etter den turen fekk dei verkeleg 14 dagar fri og var privat hos ein familie ein stad i England. Men krigen var ikkje slutt, så dei måtte om bord att. Eg veit ikkje kva båt det vart no, men frå 10. november 1944 var Trygve om bord i den norske jagaren "Arendal". 

Alt den 3. september 1943 vart Trygve tildelt krigsmedaljen. Diplomet som fylgde med er underskrive av kong Haakon og Johan Nygaardsvoll. Sidan fekk han deltakarmedaljen med diplom underskrive av kronprins Olav, som var forsvarsjef, og av sjef for sjøforsvaret Thore Horve. Han fekk og frihetsmedaljen, som var til minne om kong Haakon sin 70-årsdag, 3. august 1942. 

Etter krigen fekk Trygve brev om at han hadde rett på eit par medaljar til, men skulle han få dei, måtte han skrive etter dei. Dette gjorde han aldri noko med. Han brukte heller aldri medaljane sine. 

Trygve kom attende til Oslo med "Arendal" den 13. mai 1945. Dei var eskorteskip for kryssaren "Devonhire", som kom med kronprins Olav. 

Den 7. januar 1946 vart han dimittert frå marinen. 

Eg vart kjend med Trygve etter krigen. Me gifta oss i november 1949. No er det 19 år sidan han gjekk bort. Knut er og borte. 

Eg har gjort mitt beste for å fortelje om denne tida, det er i allefall slik eg minnast det. 


Rekruttskulen Royal Arthur i Skegness. Fleire av rekruttane var frå Byrknesøy. 
Eigar av foto: Thorbjørg Birknes. 

M/B "Notmann" - SF 255 G - drog frå Byrknes 15. august 1941 med 10 personar og kom til Lerwick 16. august. Skipper og eigar av båten var Trygve Birknes. 

Desse var med: 
Trygve Birknes, Byrknes 
Knut Edvardsen, Byrknes 
Ragnvald Haugen, Byrknes 
Peder Sletten, Byrknes 
Håkon Karlsen, Byrknes 
Georg Lydersen, Byrknes 
Olav Wagtskjold, Bergen/Byrknes 
Sundt, Bergen 
Strand, Bergen 
Norli, Bergen 

10 ungdommar... nokre hamna i marinen, andre i handelsflåten. 


Peder Sletten. Han omkom då korvetten "Montbretia" krigsforliste i Atlanterhavet i november 1942. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal