Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Tysk jagarflygar redda seg i fallskjerm
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002

Dei engelske flya var svært opptekne av festningsanlegga i Ytre Sogn, Nesje, Rutledal og Riseneset. Ved eit av desse nærgåande besøka gjekk dei tyske til motangrep med sine fly som vart tilkalla frå Herdla og Sola flyplass. I kamp utanfor Nesje vart eit av dei tyske flya så skada, at flygaren valgte å sette kursen tilbake til Herdla. Så langt kom han ikkje. 

På Mjømna høyrde folk at eit fly nærma seg,- ujamn flydur, det kom lågt og utan styring, og dei vart klar over at noko drastisk kom til å hende. 

Flyet fall plutseleg med eit brak på vestsida av fjellet på øya. Flygaren hadde kome seg ut og kom dalande gjennom lufta i fallskjerm, var heldig med landingsplassen slik at han overlevde samanstøyten, men var mykje såra. Harald Mjømen saman med nokre andre kom til, og med ein stige som båre vart den skada flygaren frakta til gards. Stygge beinbrot og store åpne sår gjorde at dei sende bod på lege straks. 

Butikken på Mjømna vart teken i bruk som «operasjonstove», så snart legen Hallvard Natvik var komen til. Etter spjelking og forbindingar vart flygaren sendt vidare til Byrknes, til den tyske vakttroppen som var der. Vidare gjekk vel turen til sjukehus i Bergen, og flygaren slapp sikkert å dra på flytokt på lang tid. Gjert Iversen som fortel historia om flykrasjet på Mjømna var denne dagen ute på sjøen for å trekke sine hyseliner. Frå båten såg han alt som hende, og denne opplevinga frå gutedagane står sterkt i minne. Plassen der flyet fall ned vert nå kalla «Flyhågen». 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal