Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Mine på kroken
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Då dei tyske militære hadde drege frå Rutledal og Sygnefest i 1945, kunne ein ta til med normalt fiske igjen. Harald Nikøy hadde saman med faren Tomas lagt ut liner frå Losnelandet på nordsida av Sognefjorden og sydover mot Brosvik. På formiddagen skulle dei ut med motorbåten og trekke linene, og var spente på fangsten. 

Dei var godt i gang, linespelet rulla inn lina som vanleg, men plutseleg kom det eit rykk som fekk lina til å stå stram bortover sjøen. Dei ana ikkje kva dette kunne vera, men dei skulle snart få svaret. Opp av sjøen kom det ein stor rund gjenstand, godt dekorert med tare og tang, med piggar som peika i alle retningar. Dei forsto at det måtte vera ei hornmine, det ein rekna for det farlegaste for alle som farta på sjøen i krigsåra. Linefiskarane vart skrekkslagne. Faren reagerte spontant, henta fram kniven og kappa over lina. Harald var like snar med å gi full fart vekk frå mina. 

Dei slapp med skrekken, og mina forsvann i djupet. Noko erstatning for tapt fiskeutstyr var ein ikkje vane med og det tenkte dei heller ikkje på. 

Det viktigaste var at dei hadde redda livet. Dei manna seg opp etter nokre dagar og henta inn lina frå det andre ankerfeste der det var lagt ut blåse. Til all lukke hadde mina losna frå «linerekka» og dei kunne skøyte den saman, for nytt fiske på Sognefjorden. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal