Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Då "NIKOLAIFLEET" vart senka
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 27.01.2004

Siste krigsvinteren, 1944-45, vart det gjort mange dristige krigsoperasjonar i og nær Gulen. Større lastebåtar vart senka frå fly og motortorpedobåtar. MTB-ane hadde mest norsk mannskap. Då var det viktig at skipperen var lommekjend som ein los på kysten. 

På båtar med engelsk mannskap måtte der vere kjentmann eller los med. Dei og skipperane vart nøye utvalde mellom det tilgjengelege mannskapet som kom over Nordsjøen som rømlingar for den tyske krigsmakta. 


"NIKOLAIFLEET", byggjenr. 1602 ved F. Schichau, Danzig. 

Ein av dei vellukka aksjonane i vårt nærområde siste krigsvinteren var torpederinga av den tyske lastebåten "NIKOLAIFLEET" i Sognesjøen 9. januar 1945. 

Denne båten var ein av tre lastebåtar som kom frå Narvik, fullasta med jernmalm, som dei var på veg til Tyskland med. 

Eit par dagar før dei nådde Sognesjøen, vart konvoien utsett for angrep frå MTB-ar på Stavfjorden ved Askvoll. Der gjekk lastebåten "DORA FRITZEN" ned med ein fulltreffar, eit torpedotreff midtskips. Skipet brotna i to og sokk på få minuttar. Berre nokre få av mannskapet på nær hundre vart berga. 

Konvoien held fram sørover med forsterka eskorte. Heile 9 store og små farty var med på å verne konvoien. 


MTB av denne typen senka "NIKOLAIFLEET". 

Godt gøymde i Hestnesvågen på austsida av øya Hille, låg stasjonert 2 MTB-ar og venta på å få klarsignal for angrep på dei fullasta båtane, "NIKOLAIFLEET" og "KRACKAU". 

Dei allierte krigsbåtane i Hestnesvågen var MTB-711 med Lnt. Arne Sveen frå Asker som skipssjef og MTB-623 med Lnt. Otto Hoddevik frå Måløy som sjef. Los (kjentmann) var Terje Teige frå Fosnavåg (Nerlandsøy) 

Hestnesvågen på Hille hadde vore flittig brukt alt frå sommaren 1943. Her kunne båtane liggje tett inn til land, så det var lett å trekkje kamuflasjenett over båtane på dagtid. Om nettene "snegla" dei seg ut i farvatnet rundt øyane med hjelp av lydlause elektromotorar. Tyske vaktbåtar og vaktstasjonar på nordsida av Sognegjorden, og tyske rekognoseringsfly, var heile tida eit trugsmål. 


Kamuflerte MTB-ar i Hestnesvågen. 

Natta til 9. januar 1945 la MTB-ane seg i venteposisjon nordvest av Glavær. Herifrå vart konvoien observert kl. 02.15. 

Med den kursen som konvoien då hadde ville det vere uråd å overraske fienden. Skipssjef Sveen informerte difor Lnt. Hoddevik om at han ville angripe frå austsida av Sogneoksen. 

Begge MTB-ane gjekk difor sørom Litle Kvernøy og la seg til å vente ved Skarveskjeret og Kalveskjeret. 


Lnt. Terje Teige. 

Lnt. Terje Teige (f. 1918 d. 1985)  var så kjend på norskekysten, vart det sagt, at om dei slo av motorane, så kunne han høyre på bølgjebruset kvar dei var. I bygdeboka for Herøy på Sunnmøre kan ein lese meir om denne losen og sjøkrigaren som tok til att som fiskar og busette seg i Fosnavåg. 

Kl. 03.14 låg konvoien på kurs tvers for Sogneoksen. Dei små, tyske eskortefartya hadde etter alt å døme ikkje sett det som sitt ansvar å undersøkje skjergarden så langt ute. Det låg truleg utafor deira pålagde patruljeområde, noko som kom vel med for MTB-ane og det allierte mannskapet. 

Kl. 03.17 var avstanden berre 1400 meter og Sveen skaut begge torpedoane sine mot "NIKOLAIFLEET". Begge trefte og detonerte med øydeleggjande verknad. Det tungt lasta malmskipet sokk med ein gong. 

Etter ordre frå Sveen sikta Hoddevik seg inn på det største eskortefartyet som båe meinte var ein torpedobåt i T-klassen. Hoddevik skaut begge torpedoane, men den eine nekta å forlate torpedorøyret. Den andre råka båten i framkant av brua, men skaden vart ikkje så stor at det hindra båten i å gå vidare. 

MTB-ane sette så full fart nordover og passerte då det bakerste eskorteskipet på berre 400 meters avstand. Sporlyskulene flaug over alt, og fleire eksplosjonar var tydeleg å sjå om bord i dei tyske båtane. 

Sveen gav då ordre om retrett og med full fart gjekk MTB-ane over Sognesjøen i mørket, drog vidare opp Strømfjorden, ut til havs og rett attende til Lerwick kl. 14.00 same dag. 

Odin Ottesen jr. på Litle Kvernøy fortel : 
Natta til 9. januar 1945 låg mor vår, Anny, eg og dei to syskene mine, Arthur og Olga, og sov i rommet som vender mot vest. Natta var mørk med stille vinterver. 


Sogneoksen. 
"NIKOLAIFLEET" ligg på havbotnen nær venstre biletkant. 
Foto: Odin Ottesen jr.

Kl. 03.15 om natta vakna vi av kraftig skyting, som om det låg båtar og skaut nede på sundet. Men då vi såg ut gjennom vindauga, oppdaga vi mange sporlyskuler klart og tydeleg ute ved Sogneoksen, og vi vart klar over at det gjekk for seg ein regulær kamp mellom tyske og norske (allierte) marinebåtar. 
Alle i huset vakna. Besteforeldra Andreas og Magdalene og onkel Hans og tante Lilly stod óg opp. Vi samla oss i stova, stod i mørket og såg og høyrde på bråket som kom der ute frå. Det var påbode med blendingsgardin, så noko lys måtte ikkje sive ut nokon stad. 
 

Det var ikkje hyggeleg. Vi var redde, for vi visste at alle båtane hadde skyts: kanoner, torpedoar m.m. der prosjektila kunne fare i alle retningar. 


Litle Kvernøy. 
Heimen til Odin Ottesen jr. er huset til venstre. 
Foto: Ingolf Austgulen.

Tankane våre krinsa kring far! Kor var han nå ? På veggen i stova hang eit bilete av han frå tida i militærteneste året 1920. Ingen aning hadde han den gongen om at han tjue år seinare skulle vere med som krigsseglar i den norske handelsflåten - borte frå heimlandet i seks år, eit nervepress vi vanskeleg kan førestille oss. 

Vi mintest godt då far reiste til sjøs i september 1939. Som seksåring fekk eg fylgje med til Skjerjehamn, sjå far gå om bord i den nye kvitmåla rutebåten "VÆRØY" på veg til Bergen. 

Far var med norske lastebåtar i samanhengande utanriksfart frå september 1939 til oktober 1945. Den første var M/S "ANNA ODLAND" frå Haugesund, der var han om bord i fire år. Hausten 1943 mønstra han på S/S "ROMULUS" frå Halden og stod om bord der til oktober 1945. 

Ingen av desse båtane vart torpedert i krigsåra, men dramatiske opplevingar vart det nok mange av likevel. Ei natt i april 1944 klarde dei med båten "ROMULUS" så vidt å styre unna ei torpedering. 

Då far kom heim i oktober 1945, vart det stor glede i heimen på Litle Kvernøy, og folket i Nordøyane, vener og kjende, gledde seg med oss. 

Kva som eigenleg hadde gått for seg der ute ved Sogneoksen den 9. januar 1945, visste ingen. Ein fiskar frå øyane hadde funne ein udetonert torpedo ved Småkråkene, det var alt. Først då krigen var slutt, fekk vi vite at to norske MTB-ar hadde senka det store, tyske lasteskipet "NIKOLAIFLEET" på veg til Tyskland, fullasta med malm frå Narvik. 

Fakta om "NIKOLAIFLEET" 

"Hansa" - C-Typ 
F. Schichau, Danzig; Byggenr. 1602 
5158 BRT / 9406 tdw. 
134,0 x17,4 m 
Doppelverbundmaschine m. Abd.Turb. / 3000 PSI / 12 Kn / Bes.: 43 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal