Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Festningsanlegg i Riseneset
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 03.09.2002

I Riseneset ved Sygnefest vart det bygd tyske festningsanlegg. For å sikre innløpet til Sognefjorden best mogleg, fann tyskarane ut at denne staden var svært strategisk viktig. Her førte dei opp kanoner, og skyts - og vart det såkalla Riseneset batteri. 

Kanonstillingar, skyttargraver, underjordiske tunnellar m.m kom opp etterkvart, både i Riseneset og Riseskora. Ein storslått kommandosentral i ein gedigen bunkers vart plassert midt i det heile. Her held sjefane, som hadde kommandoen, seg klare om det skulle kome angrep frå engelske båtar og fly. 

Det meste av festningsanlegget vart lagt på eigedomen til Gunnar Thune. Han er no over 80 år, men fortel levande om krigsåra og dei tyske som vanka der. Ikkje alle var så god å ha med å gjere! Men der var og nokre som merka seg ut, som kunne skape tillit. No (i 1994) er ein god del av anlegga godt skjulte av skogen. Brakkene vart fjerna straks etter kapitulasjonen. Mange av dei hamna rundt om til ymse bruk, som skyttarhus, naust, hytter og materialer til bustadhus. Tett ved heimen til Thune står framleis ein stor kanonstilling som kan samanliknast med ein landingsplass for helikopter. 

Det Thune fortel om oppbygginga av festningsanlegget, er skremmande. Lensmannsbetjent Olav Bøe kom ein dag til huslydane i Riseneset og Riseskora. Oppdraget hans var å melde at dei fire familiane måtte flytte frå heimane sine. Dei fekk tre dagar på seg. Ingen hadde tilvising om kor dei skulle flytta. Det måtte ein finne ut av sjølv. Olav Bøe sa etterpå at det var det verste han hadde vore med på i si tid i politietaten. Så rått... 

Huslydane måtte i all hast pakke saman, og gjere alle romma klare for dei tyske soldatane og sjefane som skulle bu der. Kjende og slektningar vart kontakta. Alle fekk tak over hovudet. Tre familiar hamna på Fallebø. Thune sin familie fekk der overta ei hytte som ikkje var i bruk til vanleg. 
Den var lita, men ei god hjelp i nauda. Den fjerde familien fekk leige skulehuset, som då på grunn av få skuleborn, ikkje var i bruk. Alle var hjelpsame ovenfor huslydane som måtte flytte ut frå festningsområdet i Riseneset og Riseskora, seier Thune. 

Frå tida medan festninga vart oppført nemner Thune nokre historier som vi tek med. Over heile anlegget var der mykje stein, sprengning og betongarbeid. Så vart det mangel på fenghetter. Dei tyske fekk ikkje tilsendt nok til å dekke behovet. Men arbeidarar som kvar dag kom til Riseneset med skyssbåt frå Sygnefest og Rutledal måtte sjølvsagt utføra noko arbeid. Dei bora skytehol alle stader der det skulle sprengjast, så då fenghettene kom til Riseneset, var det skyting til gagns. Det small alle stader, og det var svært farleg å vera der. Til slutt måtte den tyske kommandanten gripa inn, og be anleggsarbeidarane om å «jekke seg ned». På Riseneset vart forøvrig ein unggut frå Dalsøyra drepen i ei sprengingsulukke, fordi sikringa ikkje var god nok. Dette hende omlag hundre meter frå heimen til Thune. 

Langt frå alle dei tyske som var plassert på Riseneset batteri, oppførde seg etter reglementet. Nokre hadde stole inventar frå skulehuset i Rutledal, møblar som lærarinna eigde. Då dette vart rapportert, måtte dei straks bringe møblane attende. Dei fekk straff for overgrepet, etter det Thune registrerte. Dei vart straks sende bort frå Riseneset og kom aldri att. 

Som nemnt var det tyske blant vaktstyrken som ikkje alltid var heilt på linje med Hitler og hans menn. Spesielt syntest nokre av dei at straffa for «ting» dei norske gjorde, var for streng. Dersom ein hadde unnlate å levere inn radioapparat og det vart oppdaga, vart det fengselsstraff. 
Dersom våpen ikkje var innlevert, var det endå alvorlegare. Det var slik «toskeskap» som førte til mange tragediar under krigen, og hadde såmen ingenting med dåd å gjera. 

Så vart det rassia på Fallebø. Thune hadde eit haglgevær under senga i hytta. Då alle vart jaga ut på bakken og rassiaen tok til i alle rom, var Thune sikker på at han vart avslørt. Men ingenting hende. Karl Eide og broren Arne Eikefjord som då var eigarar av den eine garden på Fallebø, var nok båe i same stoda kva våpen angjekk. Der vart det heller ikkje oppstyr og arrestasjon. Thune såg at ein av soldatane hadde teke i geværet hans, handmerke på støvet synte godt, og han skjøna ikkje kvifor det vart lagt tilbake igjen. Forklaringa fekk han ved ein av dei første passkontrollane på Riseneset. Folket som budde på Fallebø måtte passere festningsanlegget (Riseneset batteri) når dei skulle til og frå. Ved kontrollposten sa vakthavande frå til ei ung dame som skulle til Fallebø at, «hels dei unge mennene der at det dei har liggjande må fjernast så fort som mogeleg!». Fin redning for Thune, Eide og Eikefjond. Det var den same tyskaren som hadde vore i stovene (under sengene). Han var sjef for rassiatroppen, og tok si eiga fornuftige avgjend for å spara gutane. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal