Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Sabotasjegruppe frå Shetland til Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Då krigshandlingane i Vossetraktene og Valdres tok slutt og dei norske styrkane vart dimma og sende heim, oppstod det vanskelege situasjonar for mange. Dei kom til Bergensområdet og distrikta rundt, for å søkje flukt vestover, over Nordsjøen. 

Dei ynskte å kome vekk frå dei tyske som tok til å overta styringa på alle felt. Ein del av dei som ville over Nordsjøen, hadde hatt stillingar innen militæret og var klar over at dersom dei ikkje kom seg unna, kunne dei risikere fangenskap. Dei som hadde vore med i kamphandlingar var registrert av dei tyske. Desse hadde måtte skrive under på at dei på eit seinare tidspunkt, ikkje ville gjere motstand, med eller utan våpen. 

Bergen hadde ein sentral plass i overfarten. Medarbeidere innen m.a. skipshandel, fiskeeksport, rutebåtselskap samt politikere, politi og posttenestemenn kom med i grupper som organiserte fluktruter og anna illegalt arbeid. Distrikta vest og nord for Bergen var båtrike. 

Kommunane Radøy, Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Gulen og Solund hadde mange båteigarar som kom med og det vart mange farefulle turar over Nordsjøen under krigen. 

Handelsmenn i distriktet med bunkersanlegg, vart sterkt involvert i desse turane. Dei som aller først vart knytta til turane over Nordsjøen var kjende båteigarar i Austrheim og Fedje. Hilmar Langøy, frå Austrheim, hadde ei lita skøyta på 36 fot, med navnet Traust. Langøy og hans mannskap var med på mykje dei første vekene, med denne skøyta, til og frå Shetland. Hilmar Langøy overtok snart andre større farty som så vart sett inn i denne illegale trafikken. Etterkvart førde det med seg mange arrestasjonar, blant hans medhjelpere og andre samansvorne. 

Oskar Leirvåg og broren Olav var også svært tidleg ute. Med gavlbåten Snål frå Mastrevik, drog dei over Nordsjøen med ei marinegruppe som hadde hamna oppe i Røldal og ein britisk visekonsul i Oslo, Mr. Campbell. For desse var redninga kome seg over til Shetland. Mons Storemark frå Fedje, vart dregen inn i Nordsjøfarten då han skulle losa ein båt for å få ein annan utanlandsk, ettersøkt person, vestover. Han skulle berre over havet og så returnere tilbake til Fedje. Men slik gjekk det ikkje. 

Ein dag i slutten av mai vart Mons Storemark innkalla til konferanse hjå ein høg marineoffiser i Lerwick. Eit par dagar seinare var han på veg austover som los ombord i ei dansk 70 fots skøyte. Hospits var namnet og ho hadde gavlbaten Snål på slep. Ombord i danskeskøyta var den første sabortorgruppa som vart send til Norge under krigen. 

Det var ein gjeng kvalfangarar som hadde hatt eit lynkurs i sabotasje i Skottland. Med på turen var også brørne Oskar og Olav Leirvåg. 

Ekspedisjonen skulle setjast i land ein stad i Masfjorden. Derifra skulle sabotørane ta seg austover til Bergensbanen og Hardangerfjorden. Eit våpendepot skulle og leggjast på land. Oskar Leirvåg skulle i mellomtida levere Snål tilbake til eigarane. Dei kom inn til Utvær i Solund 1. juni 1940 og drog vidare derifra til Haveland i Gulen. Storemark hadde ordre om å setje sabotørane, elleve mann i talet, iland på ein plass, der dei lett kunne kome til Sogne- og Hardangerfjorden. Dei drog avstad kort etter, men måtte først skaffe seg norske støvlar. Dei fleste kom om bord i Lerwick i vanlege sko, somme jamvel i lakksko. Korkje dei eller dei som hadde sendt dei, visste ennå særleg mykje om krigen. Danskeskøyta Hospitset, ei prektig skute på 70 fot, låg ei tid på ei vik sør for Haveland, kalla Vikelia. Ombord var sabotørane som hadde fått sprengingsoppdrag på Vestlandet. 

Folket på Haveland og Nese undra seg over denne skuta som låg bortgøymd i vika utan teikn til liv. Men i maidagane 1940 hende det mykje, så dei slo seg til ro med det. Sabotørane ombord i Hospitset hadde snudd om på dagsrytmen. Dei var på dekk om natta for å trekke frisk luft og mosjonere, og låg under dekk om dagen. 

Det gjekk heller dårleg med denne aksjonen og utfallet av ilandsettinga på Haveland, vart mislukka. Etter fleire forsøk til fots, kom dei fleste tilbake til skøyta. Dei fleste av sabotørane vart redda ved at Oskar Leirvåg tok initiativ til returreise vestover. Han fekk overta båten Gneist av Ivar Duesund, i Masfjorden. Fekk sabotørane frå Hospitset med seg og drog til Shetland 10. juni. På denne turen tok han også med seg kona og dei tre borna. 

Ein frå gruppa, Karsten Wang fra Sandar, rakk ikkje å være med Gneist. Han og Ivar Duesund vart arrestert av Gestapo og sett i fangeleir på Ulven. Den 22. oktober året etter vart dei begge henretta der. Svært mange redda livet og slapp fangenskap ved at båteigarar med dyktige sjøfolk tok desse dristige turane over til Shetland. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal