Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

    
Flyangrep på fraktebåten «Sardinen»
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Det var 14. november 1944 at fraktebåten «Sardinen» var på veg til Bergen og møtte rutebåten «Gula» nordanfor Nyhamar. Då kom der ein sverm med engelske fly som gjekk til åtak på begge båtane. «Sardinen» var lasta med sellolose og knott. Knott er småkappa tre som vart brukt til dristoff på bilane i krigsåra. 

Flya gjekk til åtak fleire gonger og prosjektilane feia over begge båtane frå alle kantar. Ombord i «Sardinen» vart maskinist Fredrik Wallin (27) frå Stavanger drept, og fleire av mannskapet vart hardt såra. Skuta flaut så pass at dei kom seg opp i Dingevågen med hjelp av folk frå land. 

Lasta dei hadde ombord denne dagen hjelpte til, slik at båten held seg lengre flytande. «Sardinen» vart lagt opp i stranda i Dingja, halvt over og halvt under vann. Dei av mannskapet som var såra fekk no førstehjelp i heimen til Peder Strand, før dei vart sende vidare til Høyanger sjukehus med «Havblink» som alt hadde fått ombord dei såra frå rutebåten «Gula». 

«Sardinen» vart seinare heva og reparert, og fortsette i fraktefart på kysten. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal