Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

   
Slaget ved Folefoten
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Etter at tyskarane hadde innteke Bergen 9. april 1940, var det fleire av dei norske militære som fann ut at dei måtte ta eigne slutningar, å redde unna det som reddast kunne... Ein av desse var på den militære flystasjonen på Flatøy. Han tok eit sjøfly og drog nordover. Han valde Eivindvik som landingsplass. 

Her fortøygde dei flyet ved slippen og kamuflerte det så godt dei kunne. Så dukka det opp ein motorbåt som kom frå Lindås. Ombord var det nokre stridslystne karar som ville ta kampen opp med dei tyske der dei kunne. Dei hadde fått med seg nokre maskingevær, tekne frå eit tysk fly som hadde naudlanda på Strilelandet. 

Smed Toralf Sande vart henta heim frå vaktteneste på Flolid, der han saman med nokre andre sat kabelvakt. Sande måtte på verkstaden og lage stativ for at maskingeværa kunne bli operative. Straks dette var gjort, kom der melding om at det var to tyske marinebåtar på veg sydover Nyhamarsundet. 

Båtane hadde vore nord i Sognefjorden og lagt ut miner. Dermed gjorde karane som var komne sydfrå seg klare til eit forsøk på åtak. Dei fór med båtar utover Prestesundet, gjekk i land nær Grønevika og la seg i skytestilling. Fleire frå skyttarlaget i Eivindvik samt flygaren frå Flatøy var med i angrepet på dei tyske marinebåtane. Dei ville helst ha vore på andre sida av sundet, ved Folefoten fyr, men rakk det ikkje. 

Dei som budde i huset i Grønevika måtte kome seg unna. Lars, kona Serine og dei to døtrene gøymde seg i fjøsen. Så small det, skota frå mitraljøsene traff ombord etter lydane å døme. Fartya stogga og gjorde seg klar til motangrep, og det kom til gangs! Først gjennom løeveggen (folk hadde vore der i luka rett før), og så kom det kraftigare skyts som slo ned lenger oppe bak huset, og det tok til å brenne. Det brann i fleir timar, og det måtte folk til frå Eivindvik for å slokke utpå kvelden. Båtane drog vidare sydover. Men ville dette gå ustraffa hen? 

Folk hadde høyrt korleis dei tyske tok igjen på dei plassar der det vart skote mot dei, Voss ikkje minst, men og mange andre stader dei fór fram. Med andre ord så kunne ein rekne med at flyangrep ville kome både til Grønevik og Eivindvik. 

Dei som budde i Grønevika stakk til fjells og var der nokre netter. Men så flytta dei til ein nær familie som budde på Nyhamar. Der var dei nokre dager til dei kjende seg meir sikre på at det ikkje vart noko hemnangrep. I Eivindvik kjende dei seg heller ikkje sikre på represaliar frå tyske fly og mange flytta vekk frå heimane sine. Alfhild Sandal tok med seg barna, Åse (4) og Per (2) samt minstejenta på 7 månader. Ei av butikkdamene, Solveig Onarheim, vart med. Med hjelp frå ein av mannskapet på FSF sin lokalrutebåt, Arne Mundal, og Kåre Henriksbø frå Eivindvik - la dei i veg til Midtundalen for å bu i sælet til Ole Midtun. 

Det var ikkje lett å frakte alt det nødvendige med seg innover dalen, over bekkefar og myrar. På vegen dukka det opp nokre karar, som var på tur. Dei heldt til på pleieheimen som Jørgen Midttun hadde ført opp. Mange av desse var psykisk ustabile. Dei var under tilsyn, men nokre fekk gå tur åleine, blant desse ein mann som dei kalla -Storesogningen. Han var to meter høg, stor og kraftig. Han var av og til med på lossing og lasting ute på kaien i Eivindvik - og dei som opplevde å sjå kreftene hans teken i bruk, berre måpte. 

Storesogningen kom fram for å hjelpe dei som var på rømmen med å få barnevogna der minsten låg, over bekken. Då han bøygde seg ned datt det ut av ermet hans ein diger tollekniv, - og rømlingane trakk pusten - skrekkslagne. Han tok det fint - henta kniven opp frå elva og stakk han under ermet att. Mor og born kjende seg trygge i Midtundalen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal