Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Smugmaling av korn
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Maten vart fort det viktigaste i heimane. Det var viktig å sikra seg med det mest nødvendige, det ein trong for å halda liv i seg og sine. Kjøpebrødet vart svartare og svartare, tang og andre mjølsurrogat vart blanda i. Klede og sko vart mindre prioritert. I denne tida vart det meir klede i ull enn i fine silkestoff som hadde vore på moten. 

Rundt om i fjordane, på dei største gardane, med dei driftigaste bøndene, fanst det små bygdekverner som gjerne fleire gardsbruk eigde saman. Sjølvsagt måtte desse kvernene låsast av. Lensmannen drog rundt og forsegla med lakk og stempel. Dette ergra dei som hadde korn til eige bruk, korn dei gjerne ville male til mjøl, for å ha eit «kriselager». 

Musa hjelpte til 

Musa skulle og ha sitt å leve av, og ho fekk smaken på forseglinga til lensmann Johannes Instefjord i Lavik. Musa gnog og gnog, og kverneigarane let ho berre få ta seg ut. Med broten forsegling vart bygdekverna fri, og i mørke kveldar og netter kunne det malast til mange verdfulle kilo mjøl. Lensmannen tenkte rasjonelt og reiste av den grunn ikkje for å forsegla på nytt med det same, og dermed vart det ei opning.

Etter at smugmalinga var ferdig, kom lensmannen og forsegla kvernene att. Ein kan undrast om det var det tronge budsjettet til lensmannen eller hans personlege omsorg for bygdefolket som her vart vist.... 

Maling av korn nattestid 

Dette med «musa og gnaginga» på lensmannen si forsegling frettast sjølvsagt ute i Gulen, og dei tok same løysinga i bruk. Men her hadde dei ein lensmann som var tilsett av naziveldet så det var ikkje så enkelt som i Brekke. Men det vart truleg smugmaling på bondekvernene rundt om i Gulen også. 

Forøvrig hadde dei ei større mølle i Gulen, Eide Mølle ved Fivelsdal. Den var registrert av Statens Kornforretning for offentlig maling av korn som bøndene var pålagt å levere inn for vidare omsetning. 

Men det var mogleg å fikse seg nokre ekstra kilo til eige bruk ved å snike seg inn mellom maleøktene. Dette måtte skje i dulgsmål, og i mørke nattetimar. På Furenes såg ein ofte robåtar og små motorbåtar som stemna sydover til mølla på kveldstid, og om morgonen etter attende nordover Brandangersundet på veg heim. Det var fjordingane som hadde mest korn og kunne ordne seg best slik, men det var nok ein del øyingar med på det same. Frå Masfjorden og Strilelandet kom dei også til Eide Mølle på seine besøk. 

Ingvald Austgulen var tilsett som kontrollør for Eide Mølle, av Statens Kornforretning. Det vart ofte mange timar på mølla der mølleeigar Martin Kvinge skulle leggja fram bilag og notatar, til skjema som skulle vidare til myndighetene. Alle var klar over at det vart malt korn «svart» på mølla, men verken lensmann eller prest vart blanda opp i dette ..... 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal