Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

          
Flyslepp over Straume på Hisarøy
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 15.09.2002

Ein dag kom det ei gruppe framande fly innover Straume på Hisarøy, og dei nærma seg fort. Då dei passerte Straume slapp flya ein del bombeliknande gjenstandar og mange venta på smellet som ville koma. Men det small ikkje. To unggutar, Konrad Stendal og Alf Andersen var ute på sjøen i båt nett då flya kom innover. 

Dei vart nok skremde av krigsflya, men det var ikkje tid til å søkje dekning på nokon måte. 

Det flya «letta» seg med var tomme bensintankar. Innhaldet var oppbrukt på veg hit til kysten. Dei vart droppa for betre å kunna manøvrera under angrep på båtane som dei var ute etter. Nokre av tankane vart knuste mot fjellet og steinurane, medan andre hamna på jordgrunn ganske nær husa på Straume. På tankane kunne folk lese seg til at det var Canadiske fly som var over dei denne dagen. Bensintankane vart tekne under befaring. Det viste seg at dei hadde båtform, og gutane kopla dei saman til minicatamaranar. På denne måten vart krigsmateriell til leiketøy på få timar ute på Hisarøy. 
 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal