Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

      
Den lange kyrkjevegen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 01.10.2005


Foto: Scandion.

Den 5. november 1901 kunne øyfolket i Gulen samlast i kyrkja for første gong. Det måtte vere ein stor dag. I heile 7 år hadde dei kjempa for å få eige kyrkjehus, og hardaste kampen hadde dei hatt mot leiinga i kommunen. 

Før det kom kyrkje på Mjømna, sokna øyfolket til Gulen kyrkje i Eivindvik. Der hadde det i alle høve vore kyrkje sidan 1300-talet. Men vegen dit inn var lang og sjøen ofte hard vinterstid. 

Frå dei ytterste øyane var det om lag to mil til Eivindvik. Det var fire mil fram og attende med robåt og segl på ein kyrkjesøndag, og var sjølvsagt strevsamt for folk. 

Ein av dei som opplevde mange slike kyrkjereiser var Håkon Wergeland frå Byrknesøy. Han var son til lærar Hans Wergeland som seinare kom til å stå hardt på for kyrkja på Mjømna. 
Han var forresten sjølv teolog, og heldt preike i kyrkja på Mjømna nokre gonger. 

I "Barneminne frå Byrknesøy i 1880-90 åra", minnest han korleis reisene til Eivindvik kunne arte seg. 

Kyrkjefolket måtte ta ut alt i sju-tida om morgonen for å nå fram til høgmesse kl. 11.00, skriv han - og det leid langt på ettermiddagen før dei kom heim att. 

Fleire stader bar det over sjøharde kastevindsfarvatn, men likevel var det alltid fleire båtar som la ut frå Byrknesøy. Sommarstid kunne det vere opptil ti båtar i følgje, men vinterstid var det ferre, gjerne berre to eller tre, minnest han. 

Det var nettopp den lange og strevsame kyrkjevegen som var hovedsaka til at øyfolket mot slutten av 1800-talet tok til å arbeide for ei kyrkje lenger ute i prestegjeldet. 


Døypefonten i tre frå 1901. Dåpsfatet i sølvplet er kjøpt inn seinare, men før 1908. Foto: Scandion. 

Den store dagen 
Tirsdag den 5. november 1901, kl. 14.00, var øyfolket samla til vigslingshøgtid i kyrkja. 

Biskop Johan Willoch Erichen i Bjørgvin stod for vigslinga. Han var ein travel mann og ville fram og attende til Bergen utan "unødig Tidsspille". Det kan vere grunnen til valet av dag og tid. 

Elles var det fleire geistlege tilstades og kasta glans over høgtida. Prosten i Ytre Sogn var der, likeeins soknepresten i Hyllestad og sjølsagt soknepresten i Gulen, Olaf K. Ottesen. 

Etter vigslingshøgtida bar det til Skjerjehamn til det vakre huset til Schreuder, der ein velfortent festmiddag venta på dei geistlege og på dei som hadde kjempa mest for kyrkja. Det vanka lovord både til den eine og den andre i talane ved festbordet denne ettermiddagen, ikkje minst fekk byggmeister Anders O. Korsvold høyre mykje ros. 


Anders O. Korsvold. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 

Anders O. Korsvold (1856 - 1912), frå garden Krossvoll i Gulen, var ein høgt respektert byggmeister i si tid. Han var meister for kyrkjer, hotell og andre hus frå ytst til inst i Sognefjorden. 

Forutan å være arkitekt og byggmeister for kyrkja på Mjømna, bygde han Arnafjord kyrkje (1880), den engelske kyrkja i Balestrand (1897), Sæle kyrkje på Kvamsøy (1903), Gaupne kyrkje (1907), og han restaurerte den gamle ærverdige Dale kyrkje i Luster (1903). 

Av hotell som han bygde kan nemnast Mundal i Fjærland, Fretheim i Flåm i 1904, Maristuen i Lærdal, Nystuen på Filefjell, og det kjende Kvikne Hotell (Balholm) i Balestrand. 
Om ikkje det skulle vera nok, bygde han óg gjestgjevarstaden Skjerjehamn i 1891, prestegarden i Eivindvik (hus og løe) i 1905, lensmannshuset Solvang, bustadhuset på Krossvoll o.s.v. I stor grad tok han med seg arbeidsfolk frå Gulen. 

Anders vart gift 25/10 1883 på Krossvoll med Orlaug Andersdtr. Sjurson, f. 1855 på Krokenes i Solund. Han døydde av lungebetennelse under arbeidsoppdrag i Balestrand 14/10 1912, berre 55 år gamal. Orlaug døydde i 1944. 

Anders og Orlaug hadde 9 born. Den eldste, Ole Andreas var målarmeistar og målte dei fleste av byggverka til faren. 


Altartavla. Foto: Scandion. 

Altartavla 
Altartavla vart avduka 2. påskedag 1927 og er eit oljemåleri på lerret måla av Vilhelm Bjørknes. Motiv: "Jesu oppstode", ein kopi av Adolf Tidemand sitt måleri: "Christi Opstandelse (1871). Under bilete står innskrfta: "Eg liver og de skal liva", Johs. 14,19. 
Den vakre råma i eik er også teikna av Bjørknes. 


Vilhelm Bjørknes. Foto: Utlånt av Hjørdis Bjørknes. 

Vilhelm Bjørknes (1884-1969) ved staffeliet heime på Byrknesøy. I unge år gjekk han i lære i Bergen på Astor Hansens målarskule, og han vart ein produktiv målar først og fremst av bibelske motiv. 

Det er registrert over 120 måleri frå hans hand i kyrkje og bedehus over heile landet, og nokre få heng på misjonsstasjonar ute i den vide verda. Når han ikkje måla, var han bonde, landhandlar og emmisær. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal