Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

       

Mat og skikkar jorda rundt
Forfatter: Konrad Brandsdal
Publiseringsdato: 13.03.2004

Det er ikkje alltid lett å kome ut i den store verda med minimale språk-kunnskaper, og uvand med forholda i ulike land. Spesielt om ein er vaksen opp i enkle kår på landet. 

Menyar og matvanar er så mangt. Heime på garden - først på 1900-talet, hadde me sild i ymse fasongar 3 dagar i veka, salt fisk 3 dagar og tørka salt kjøtt om sundagen. Men slik var ikkje menyen berre i Brandsdalen i Gulen, der eg voks opp, - men stort sett alle stader der eg arbeidde. 
 
 

Sjarmerte jentene 
I byen fekk ein gjerne større utval om ein gjekk på kafé. Ei tid hadde eg jobb hos ein gartnar. Eg var nedsliten for pengar og 
betalinga var dårleg. Kostøre måtte difor ned. Redninga vart ein liten kafé i Sundtsgaten, som heitte Fredheim. Det var mest arbeidsfolk som gjekk der, - kanskje fordi ein kunne kjøpe eit middagskort for 6 kroner, og då hadde ein fritt val i 7 dagar. Greidde ein å blunka og sjarmere jentene i kaféen, fekk ein gjerne ei ekstra kjøttkake på fatet. 

Ein slektning som arbeidde her i byen, og som eg delte hybel med, dreiv denne trafikken. Han fann seg ein kafé på Torget, og der rundsnakka han jentene - tok dei med på kino og dans. Sette dei opp mot kvarande slik at dei kappast om å yte best mulig service. Han fekk middagen til halv pris - og frukost og smørbrød med seg på jobben gratis. 

Ut i den store verda
Utferdstrangen voks, og eg mønstra på S/S "Ryggja" som låg på Laksevåg for klassifisering. Etter det gjekk turen til Canada 
for å frakte kol på kysten der borte. Ombord i denne båten brukte ein aldri namnet syltetøy. Det vart alltid sagt: - hent jam, - send meg jam, - og dette syltetøyet var ikkje nett heimelaga. Ein dag fann eg på å gå iland for å kjøpe eit glass jordbærsyltetøy, og inne på butikken sa eg: - I want jam. 
Men kjøpmannen forstod ingenting. Etter å ha vridd på ordet nokre gonger gjekk eg bak disken og peikte på eit glass. 
Då smilte han ; - Åh, you want jam 
Eg skjøna då at eg hadde bomma på den spesielle uttalen. 

Vanlegvis gjekk me inn på rimelege stader for å få mat, og der var det ikkje så store vanskar.Til vanleg var vi to saman, men kunne også være fleire. 

Ombord i ein annan båt var det ein ung gut frå Hardanger. Han var også avholdsmann. I ei hamn på vestkysten av Amerika gjekk me i land for å handle. Etter ei stund trefte me på to andre frå båten. Den eine var ein flott kar frå Aurland i Sogn. Han stelte seg alltid fint og var særs forsiktig med alkohol. 

Kameraten hans frå Radøy var nesten av same typen. 
Aurlendingen sa at no går vi på ein fin restaurant og får oss ein god middag. Me hadde ikkje vore i land på over ein månad p.g.a. ulike hendingar, og var difor passe lei av kosten ombord. 

Det var ikkje vanskeleg å finne ein stad å gå inn. Me fekk bord og utlevert meny, men så tok problema til. På menyen stod mange fine ord som vi ikkje skjøna, men fann ordet biff - som me kjendest med. Serveringsdama fekk bestillinga, men så kom spørsmålet: Korleis vi ville ha den - "rare, medium eller well done" ? 

Vel, aurlendingen fornekta seg ikkje, han skulle ha den "rare", og han frå Radøy var einig. Eg tok ingen sjangsar og ba om "well done", og det same gjorde kameraten min. 

Maten kom på bordet. Alt såg fint ut, men med det same aurlendingen sette kniven i biffen så rann blodet ut over tallerken. Det var berre ei tunn hinne rundt som var steikt, ellers var kjøttet nett som det var skore av skrotten. Dei to karane gjorde sitt beste og skar rundt og åt så lenge dei greidde det. Våre biffar hadde heller ikkje hatt for langt opphald på panna, men me hadde meir steikt kjøtt å gå på likevel. Nei, det var annleis med ein biff eg åt i Japan. Den var etter min smak, og så den spesielle servicen då ! 

Over havet 
Ein gong lasta vi skrapjern i Seattle. Vi gjekk ut derifrå juledag og fekk ein heller tøff tur over til Japan og ankra opp i Osaka. 
Lossinga gjekk til lektera på sidene. Eg vart sett til nattevakt. Hadde vakt frå kl 19.00 til 07.00 neste morgon, og fekk difor ikkje høve til å gå i land saman med dei andre. Etter nokre timar med søvn og ein god middag, tok eg ein skyssbåt i land til ei lita brygge. Det var ikkje hus omkring, men det gjekk eit trikkespor fram til brygga. Eg sette meg på ein trikk, og etter mange viderverdigheiter kom eg fram til sentrum, var innom forretningar og kjøpte småting eg trengte - som såpe, toalettsaker og nokre souvenirar. 

Etter ei stund fekk eg lyst på ein kopp kaffi og noko å bite i. Eg var komen inn i ei sidegate og såg ein liten kafé. 
Det var vist ein familiekafé, for i det same eg kom inn døra, kom fire stykker mot meg - eit eldre ektepar og to vaksne barn, gut og jente. Eg prøvde med engelsk, men det var opplagt at dette var utanfor strøket der utlendingar gjekk. Tilslutt sa ungguten : 
-"Beef" ? 
Eg var trøytt og lei, og nikka til svar. Dermed for heile gjengen ut på kjøkkenet. Straks etter kom den unge jenta tilbake med ei stor krukke mellom hendene. Eg hadde funne meg plass i ein liten sofa i ein krok, og jenta sette seg ved sida av. 
Oppe i krukka, som var nesten fylt med sand, låg der ei stor glo. Jenta gjorde teikn til at eg skulle varme hendene mine over gloe. Ho gjorde det same. Dette var i slutten av januar, og sjølv om Osaka ligg på ca. 31 grader nord, som tilsvarer Nord-Afrika her på våre kantar, så var det heller kjølig og surt ute. 

Så kom biffen på bordet med litt brød til. Merkeleg nok så oppfatta dei ordet "the", så eg fekk ein kopp stram the som dei brukar der. 

Etter å ha ete, og på nytt varma hendene, ville eg betale og gå. Då kom den unge guten med eit asjett i handa der det låg ein lapp med tallet 75 skreve. Han stod der med spørjande auge, liksom spent. Det kan godt tenkjast at dei tok overpris, ikkje veit eg. Yen sto den gongen i kr. 1,04, så dette vart omlag 75 øre. Eg var råflott og gav han ein yen og gjorde teikn at det var i orden, ingen pengar tilbake. Heile familien bukka og skrapte og fylgde meg ut døra. 

Men det er ikkje berre fine restaurantar og spesiell service som alltid gjer at maten smakar. Eg tenkjer på ein situasjon der ein enklare rett og servering smakte særs godt. 
 



M/S TARANGER 

Torpedert av tysk ubåt 
For å komme fram til neste meny og neste "servering" må eg ta ein omveg og gi ei utfyllande forklaring. Den 14. oktober 1939 mønstra eg på M/S TARANGER av Bergen og var ombord der til kl. 23.45 den 2. mai 1941, - då vart skipet torpedert. 

Det skjedde ca 200 nautiske mil sydvest av Island. Eg hørte til babord livbåt, og vi kom oss i båten. På styrbord side var det 
meir dramatisk på grunn av kanon- og maskingeværild frå ubåten. 

Kapteinen vart drept og 3 mann skada. Deriblant maskinsjefen, så alvorleg at han ikkje greidde å stå på beina. Han rulla seg over dekk og kom seg gjennom rekkverket og fall i sjøen. Der vart han fiska opp av karane i livbåten. Dette skjedde ved midnatt, og livbåtane held saman til det vart lyst. Etter konferanse, vart det avgjort at styrbord livbåt som hadde motor, skulle setje kursen mot Island for å få sendt hjelp til oss. Vi var ikkje sikker på om naudsignalet vart sendt og oppfatta i land. Dermed forsvann livbåten i nordleg retning. 

Me baska med å få opp seglet. Det var austleg bris og tung sjø. Etter 2 1/2 døgn såg me endeleg land i horisonten. Det var me særs glad for.Med den brisen og sjøen me hadde, var det store sjansar for å drive forbi Island og hamne oppe i Ishavet. 

Styrmannen meinte me var ca. 20 nautiske mil av land. Så stilna vinden av,og sjøen la seg. Seglet vart teke ned og årane tekne i bruk. Etter som me rodde såg me fleire fiskefartøy på veg inn til land. Me sende opp signal, og etter ei tid var det endeleg eit fartøy som snudde og sette kursen mot oss. Me kom oss ombord våte og kalde. 

Fiskarane var greie og lånte oss tørt tøy medan vårt vart turka over byssa. Eg ser enno for meg der kokken stod og steikte storsild og la på tallerkenar og gav oss. Han vridde av seg sokkane sine, medan han snudde sild på panna, og gav sokkane til meg som var søkk blaut på beina. Me hadde då levd på kald hermetikk og kavring i to og eit halvt døgn. Silda smakte godt då. 

Fiskebåten sette oss i land i Akranesi, ein liten tettstad på kysten nord for Reykjavik. Her var det lagt ein engelsk hæravdeling. 
Dei tok seg av oss, og me fekk liggje på golvet i eit ungdomshus. Me fekk mat i messa i leiren. Soldatane, som var vande med systemet, fekk seg mat i ein fart, åt og kom seg ut. Det gjekk litt saktare med oss. Etter maten skulle me stikke tallerkane ned i ein svær stamp med varmt vatn og skylle av før dei vart stabla på eit bord. Då me, som dei siste, kom til stampen var vatnet som ei suppe. Neste dag fekk ein tunn lapskaus, og vitsane gjekk om den var laga på innhaldet i stampen. 
 
 





Fingeravtrykk brukt i pass på den tida. 

Etter nokre dagar vart me sende med ein kystbåt til Reykjavik. Den norske marinen tok imot oss, og me fekk plass på eit hotell som dei hadde reservert. Her var det kjøkken og alt som trongst, og me var så heldig å ha stuerten og kokken med oss. Det vart gode dagar med islandsk sauekjøtt i alle fasongar. 

Me var sjølvsagt bekymra for kameratane våre i den andre livbåten. Det var fly ute og leita, men kvar dag var utan resultat. 
Femte dagen etter at me kom til Reykjavik troppa karane opp på hotellet. Me var alle glade for at me var saman igjen. 

Det viste seg at dei vart plukka opp av ein jager som eskorterte ein konvoi vestover. Sidan dei ikkje kunne bruke radioen var det ingen som fekk vite kva som var skjedd. 

Turen gjekk vidare med troppetransport til Skottland der me vart landsette i Gurock og sende vidare til Glasgow. Her budde me på hotell nokre dagar til hyra var utrekna og me fekk avmønstring. Eg og 4-5 andre reiste ned til Liverpool. 

Me var flyktningar i eit framand land. I Gurock vart det innført i passet at me hadde lov å opphalde oss i United Kingdom i ein månad, og innan den tid ta hyre til sjøs att. 

I Liverpool tok me inn på eit pensjonat. Men då eg etter eit par dagar fekk beskjed om å hjelpa til på Sjømannskontoret i 3-4 veker, så fekk eg gjennom kontoret anvist ein hybel. Huset låg i utkanten av byen og var eigd av ei enkje med to vaksne barn, gut og jente. Denne dama var som ei mor for meg. Eg fekk eit fint lite rom og avtalen var at eg skulle få frokost før eg gjekk - og middag når eg kom frå kontoret. Maten var rasjonert, men eg fekk alltid god og rikeleg kost. Eg mistenkjer henne for at ho tok av familien sin rasjon for at eg skulle få det godt. Åh, kor omsorgsfull ho var for meg. 
 



Massachusetts General Hospital Boston. 

Apetitten på topp 
Tidleg på våren 1945 vart eg innlagd på eit sjukehus i Boston i Amerika. Eg skulle gjennom ein stor ryggoperasjon. Ein skade 
frå torpedering, som berre vart verre og verre. 

På sjukehuset var systemet slik når det gjalt matstellet at om formiddagen kom ei dame rundt med menyen for neste dag. 

Denne var slik oppsett at det var ramsa opp massevis med rettar, og så var det berre å krysse i ruta ved sida av det ein hadde lyst på. Frukosten var nokså grei, kaffe, te, mjølk og ulike sortar juice. Med middagen vart det vanskelegare. Fleire sortar suppe, kjøtt- og fiskerettar med poteter og grønnsaker i mange variantar. 

Etter kvart som eg friskna til etter operasjonen, kom den ungdommelege appetitt tilbake. Eg syntest at porsjonane blei for små, og sette fleire og fleire kryss på lista for å kompensere dette. Men så ein dag, då dama kom med menyen, stansa ho ved senga mi og sa: - Min kjære venn, no skal du høyre. Våre venner på kjøkkenet er glade for at du har god matlyst, men når du kryssar av for fire dessertar til ein middag - då synest dei at grensa er nådd. Eg hadde nemleg fått 2 og 3 dessertar i fleire dagar, så no vart den vegen stengd - men eg fann andre utvegar. 
 



Konrad Brandsdal

Meny på Sognefjorden 
Etter at eg gjekk inn i Tollvesenet i Bergen var eg med ein turistbåt inn i Sognefjorden. Der var menyen på fransk. 

Eg spurde servitøren kva han ville anbefale. - "Baby lamb is very good", sa han. - Ok, sa eg. Då maten kom på bordet syntest eg at kjøttet virka liksom bløtt, men det var god smak. Båten var no på veg til byen, og eg gjekk til køys. 

Ut på natta vakna eg opp med dårleg mage. Eg måtte på toalettet fleire gonger. Seinare fekk eg greie på at "baby lamb" var ufødde lam, og at dette var ein delikatesse. Men eg tålte det ikkje. 

Brød og kakkelakkar 
Ein gong var eg ombord i ein russisk lastebåt. Eg skulle ha greie på noko av kapteinen, men han forsto ingenting - eller han ville ikkje forstå. I staden for tok han meg med inn i messa og baud på middag. 

Først vart det servert suppe. Det var som ei kombinert kjøtt- og fiskesuppe. Det var tunn kjøttkraft med grønnsaker, og midt oppe i suppa låg eit stykke fisk. Dette var skore av fisken utan at innmaten var teken ut. Eg lurte på korleis eg skulle angripe dette, og drygde tida medan eg kasta blikket rundt og fylgde russarane sin måte. Først slurpa dei i seg det tunne, og så gjekk dei laus på fisken med skeia. Dei delte opp fisken, skyvde avfallet til sides og åt så fisk og grønnsaker. 
Så kom hovudretten. Ei stor kjøttkake, fast - og av berre kjøtt. I staden for poteter var det brød. Dette var svartare og grovare enn noko grovbrød her i landet. 
Brått fekk kapteinen ein idé. Han ringde på klokka og messejenta kom inn. Ho fekk ein beskjed og fór ut og kom innatt med eit fat med kvitt brød. Med det same ho skulle levere det til kapteinen, sprang det 3-4 kakkerlakkar av fatet og ned på handa hans. 

Kapteinen dreiv fatet og nær sagt kasta det tilbake og glefsa noko. Messejenta for ut og kom innatt med fatet som då gjekk til kapteinen og vidare til meg. Alle såg på meg, men eg sat heilt kald og roleg utan å forandre ei mine. - Eg hadde då sett tusenvis av kakkerlakkar før. 

SSH - Sjøforsvaret skytteravdeling for handelsflåten. 
Denne vart oppretta på slutten av 1940 som vern mot angrep frå fienden. I første omgang fekk skipa maskingevær ombord. 
Der var mangel på kanoner, så mesteparten av 1941 gjekk med før alle vart vepna - og det vart utdanna nok skyttarar. 
 



Sertifikat. 
Etter 2 månader med skule i Dunnbarton, Skottland eller Camp Norway i Canada - fekk ein det vesle sertifikatet som biletet syner. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal