Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

     

        
«Skrækkens dag» på Byrknesøy
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 08.02.2005

Mandag 11. mars 1822 raste det eit forferdeleg uvær på Vestlandet. Vindstyrken auka raskt til orkan. Snødrevet stod tett. Mange båtar blei kasta rundt, andre blei knust mot brenningane nær land. 

I bygdeboka for Gulen kan ein lese litt om det som hende på Byrknesøy denne dagen, men ifølge Gjest Bårdsen, som sjølv var med i det fårefulle redningsarbeidet, enda dagen tragisk for mange familiar. 

I Gulen omkom 23 menneske denne dagen. Mange av dei var familefedre og mange var unge menn. Gulen og Os var dei to prestegjelda som blei hardast ramma i tap av menneskeliv, men svært mange prester frå Egersund i sør til Selje i nord måtte føre inn døde i kyrkjebøkene etter hendingane denne «forferdelige 11 Martz», som presten i Kinn skriv. 

Gjest Bårdsen, Sogndalsfjæren, «mestertyv» og forfattar, har levert den mest detaljerte beskrivelsen av «Skrækkens Dag». Han sat i arrest på Byrknesøy hos lensmannen i Gulen, og fortel at dagen starta med moderat vind. På himmelen var det berre nokre få skyer, slik at ingen kunne ha mistanke om at noko dramatisk var i gjære. 

Dei fleste vaksne menn på Byrknesøy gjekk tidlig om morgonen til båtane sine og rodde ut på fiske, medan seks ungdommar drog ut til holmar og småøyar for å skjære lyng som fôr til dyra. Men før klokka var blitt 9 var himmelen svart, og varsla om at eit fryktelig uvær var i anmarsj. 

På linken under kan lese historia til Gjest Bårdsen, og om andre hendingar langs kysten denne dagen - som i ettertid vart kalla «Den galne måndagen.» Les meir 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal