Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Agentbåtane langs kysten
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 21.01.2004

Til handelsstadene rundt om på Vestlandet (distriktet) kom det stadig agentbåtar. Det var ein pryd å sjå desse båtane - blanke og fine - sige inn til bryggene, der forretningane jamnast låg. 


Agentbåten "Argus". 

Det høyrest utruleg, men mest alle grossistane i Bergen hadde agentbåtane sine ute på salstokt. På Vestlandet var det, heilt fram til 60-70-talet, båtar som vart nytta i varehandelen. 

Til og med tobakksfirma hadde eigne båtar; dei var som regel noko mindre enn dei som representerte dei store engros-leverandørane. 


Agentbåten "FIRKLØVEREN". Firma: Kløverhuset, Bergen.

Jentene i butikken og andre som høyrde til handelsfamiliane, syntest det var stor stas med desse agentbesøka. Ein visste at utover kvelden ville det bli ei fin oppleving om bord i ein prektig salong, å få sjå prøver på alt mogeleg. 

Ein vart "sessa" rundt eit stort bord, og så vart det plukka fram or fulle skuffer ei mengde interessante vareprøver. På alle veggane fanst skåp og skuffer, og det tok fleire timar før alt var gjennomgått. 

Agentane la stor vekt på å ha med det beste og siste på markedet for å freiste kundane og få dei til å kjøpe dusinvis av alt, men det gjekk vel mest på ½ og ¼ dusin. 


Agentbåten "Klosterfjord" ved kai på Nyborg. Etter ombygging i 1933 fekk den namnet "Guløy".

Det var viktig for handelsmennene å ha med seg ei butikkdame eller annan person som stod kundane nær og kjende deira behov, gjerne ein som visste litt om motar og smak. 

Dei store grossistane i Bergen var Sundt, Kløverhuset, Wallendahl, Berstad og Glassmagasinet, men også slike som hadde utvalet i typiske gåveartiklar. Utruleg mykje hadde dei å by på : koppar og kar frå Kina og Japan, og ting som appelerte til menn, blant anna knivar og lommelykter. 

Damene var gjerne opptekne av klær, blusar, kjoletøy, blonder, undertøy, og leikar til ungane. 

Agentane gav stadig frå seg impulsar på mange ulike felt. Juleinnkjøpa var så absolutt topp ! 

Ordreboka blei flittig brukt, og litt oppvartning høyrde også med utover kvelden. Og ein fekk alltid noko (ein ting eller to) med seg over rekka, ei form for takk for å ha påverka ”gubben sjølv” til å akseptere bestillinga og kjøpe mest mogeleg av alt. 

Den kontakten som blei oppretta med dei reisande/agentane, var av veldig stor verdi i krigsåra spesielt. Då kom ingen agentar, dei sat på sine salskontor inne i grossistbygningane. 

Handelsmennene sjølve drog i staden inn til byen. For å skaffe varer, måtte ein stå på, finne fram til varer av dei fleste slag kundane hadde bruk for. 

Dette skjedde i krigsåra, men også nokre år seinare. Å møte agentane att der inn på kontora var både hyggeleg og nyttig. 

Dei gjorde sitt beste, og hadde ein litt ekstra i kofferten - godt smør, eit lammelår eller ekte geitost - så vart du prisa høgt. Å komme heim og sjå at kolli i store stablar vart vinsja på land var gromt og vel omtykt av kundane. 


"ARNEFJORD" 

Arnefjord (før ombygginga) var ein av dei mange båtane som drog over Nordsjøen til Shetland under krigen. Båten drog ut frå Hernar 27. september etter å ha bunkra diesel og proviant i Furenes,- på veien frå Arnafjord. 

Handelsmann og båtredar Markus Nese i Arnafjord hadde overlete båten til ei gruppe i den illegale Stein-organisasjonen i Bergen som måtte flykte i all hast. Om bord i Arnefjord var der 20 personer - av dei fem kvinner - og alle hadde delteke i illegalt arbeid på Vestlandet. 

Overfarten var hard - ei tid var det alvorleg fare for at båten skulle bli broten ned i det opprørte havet. Arnefjord kom etter to døgn "tøffande" inn på hamna i Lerwick på Shetland. Båten kom tilbake til Noreg etter krigen i 1945. 


"ARNEFJORD" - før ombygging.

Same Rubbmotoren (20 hk) står framleis i båten Arnafjord. Motor og båt er i tipp topp stand. 

Eigar av båten er no øyelege Morten Neset i Bergen. For han har båten ein spesiell verdi fordi Markus Nese var hans farfar. 

Arnefjord vert no nytta som turbåt på kysten og i vestlandsfjordane. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal