Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

         
Austgulen Innkjøpslag
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 13.09.2004

I året 1946 etablerte gardbrukarane i Austgulen sitt innkjøpslag. Ein vesentleg grunn til dette var at bygda då ville få rutebåten til å ta Austgulen opp som stoppestad. 

Til næraste handelshus var det 7 km veg, noko som folk følte var mykje tidkrevande og slitsomt. Med eit innkjøpslag ville det bli så mykje lettare på mange måtar og noko ville dei og spare på vareprisane. 


AUSTGULEN. 
  

Håkon Austgulen var den første styraren i laget. I første fase vart det nytta passande lokale i skulehuset i Austgulen. Etter nokre år overtok Magnus Austgulen denne jobben og flytta salslokala til passande bygg heime på sin eigedom. 

I 1950 fekk dei oppført eit bygg på kaia slik at det vart lettare både ved mottak og salg av dei varene dei hadde valt å satse på. 
Tida endra seg fort, - det kom vegsamband over Takledalen og vidare utover mot riksvegen Halsvik - Rutledal. 

Innkjøpslaget vart lagt ned i 1955. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal