Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Den første bilen i Austgulfjorden
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 24.02.2004

Det var ingen bilar i Austgulfjorden før min lastebil vart vinsja på land på Oppdalsøyra då krigen slutta i 1945. Alle der inne hadde hest. I møte med køyredoninga som nå kom til fjorden oppsto det ikkje så lite problem på bygdeveien. 


Ingolf Austgulen 

Hestane kunne kjenne bensin-lukta på lang avstand når bilen var underveis. Då måtte eigaren kome seg fram for hesten sin og halde fast i beslet for å roe den ned. Eg let så bilen sige roleg nærare, parkerte og slo av motoren. Så fekk hesten lukte på dette nye "vesenet" som var kome på veien. 

Etter nokre månader hadde heldigvis "fjordingen" vorte fortruleg med Forden som "brumma" seg inn og ut etter Austgulfjorden. 


Austgulfjorden sett frå Kløvtveit.

Med lastebilen fekk eg eit kommunalt oppdrag, - å køyre grus på veiane langs fjorden. Frå Sandalsnes forbi Oppdalsøyra og innover til Austgulen med ein sidevei til Hauge var det i alt 13 km. Når kvart billass grus dekka 12 til 15 meter så vart det tusentals turar fram og attende. 
Som sjåfør fekk eg i alle fall god trening, både med køyringa og ikkje minst med å få snu bilen på dei små utspringa på veien. 

Litt trim vart også innlagt på turane - for det var ikkje mindre enn 8 grindar over vegen mellom Oppdalsøyra - Austgulen og Hauge. 

Alle dei som var med på dette kommunale oppdraget, var trivelege karar, og for meg var dette arbeidet givande. Noko heilt anna enn å vere diskenspringar og styre med varekjøp og salg. 

Lastebilen måtte sjølvsagt ha service, - og då måtte ein ut av fjorden. I staden for å ta rutebåten, - fann eg ut at å frakte bilen til Fonnes og så køyre Strilelandet til byen ville vere like bra og meir spennande. Henrik Haveland vart kontakta og turen med skøyta "Havblink" vart planlagt omgåande. Det vart berre denne eine turen over Fensfjorden til Fonnes, noko som teksten ved bilde av bilen på rekka til "Havblink" fortel grunnen til. 


Bilde: Skøyta "Havblink" med lastebilen på rekka. Turen frå Oppdalsøyra til Furenes gjekk fint. 
Då vi kom på Fensfjorden tok det til å "jynge" i meste laget. 

Etter rådslaging om vi skulle snu eller fortsette, - valde vi å gå vidare. Eg måtte sitte i førarhuset og tråkke hardt på bremsane når skøyta la seg over. Bildøra var open slik at om bilen byrja å skli på plankane kunne eg hoppe ut på dekk. Vi kom fram -og takk for det. 


Fraktebåten "Vatløy" var sterkt engasjert i vedtransporten frå Austgulen til Bergen. 
I perioder var der stor aktivitet med skogshogst i Austgulfjorden. Det var god avsetnad til brendsel-firma i Bergen, og skog var det flust av i liane der inne. Lastebilen måtte sjølsagt inn i denne transporten,- for det meste i Austgulen. Om vinteren kunne det til tider være ein vanskeleg transport på den snø og isbelagte vegen, og med issvullar som voks og vart til den tidas fartsdumpar. 

Inne i Austguldalen var det felt hundretals mål og alt skulle transporterast ned til brygga i Austgulen for vidare sending med frakteskøyter. Det var helst Søreide-båtane som hadde denne fraktinga av veden til Bergen. 

Austgulvatnet fraus lett til om vinteren, - og eit år rekna mine oppdragsgivarar ut at isen måtte være sterk nok til å køyre med bil og vedlast og såleis lette transporten betrakteleg. Eg hadde tillit til dei trauste gardbrukarane, - sjøl om dei ikkje hadde hatt med bil og slikt å gjere tidlegare. 

Vi sette i gong, - og var samde om at hvis isen byrja å laga lydar, slå sprekker, så skulle eg ta eit langt sprang ut av førarhuset og komme over på trygg is. 

Det gjekk heldigvis bra, all veden kom fram til brygga, vart tippa om bord i skøytene som med sine taktfaste dunk segla ut fjorden med kurs for Bergen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal