Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Starta forretning i stova
Forfatter: Nora Gjerstad
Publiseringsdato: 07.07.2004

I 1927 starta Norvald N. Birknes som handelsmann på Byrknesøy. Forretninga starta opp i den eine stova i privathuset, og vart flytta til nytt forretningsbygg i 1940. 


Heimen og forretningsbygget. 
   

Norvald var gift med Helga, f. Gjerstad, og dei fekk fire døtre. Varesortane var mange, men hovudtingen var kolonial. 

I den tida måtte alt vegast - frå 25 gram natron til kilovis med mjøl, sukker, kaffi, erter, gryn, kjøt og pålegg m.m. Elles gjekk det på varer som knappar, nåler, strikkegarn og -pinnar. 

I taket hang oljekanner, kloggar, tresko og ymse andre bruksting. Glasruter var og til sals; dei måtte kunne skjærast etter mål. 

Dei tjukke sjøkikkert-rutene var ikkje alltid like enkle - runde var dei attpå til. I syskenflokken var det berre jenter, så difor måtte dei lære seg å utføre dei fleste gjeremål, for faren var tidvis mykje vekke. 

Norvald og Helga. 
 
Før jul var det ekstra travelt. Dei spesielle julevarene som dadlar, fiken, nøtter og mandlar var gjerne i lausvekt; svært få varer var ferdig pakka den gongen. Druene kom i tønner og låg pakka i kork - Ja, det var ei herleg tid. 
På nyåret reiste gjerne karfolket på fiske, men dei eldre, borna og kvinnene måtte jo ha til sin levemåte, så det var alltid litt å gjere, sjølv om ein ikkje hadde det like travelt. 

Det viktigaste fisket, storsildfisket, var som regel avslutta til påske. Dermed kom det ei hektisk tid med liv og røre utover våren. 

Då skulle heimefisket eller småfisket begynne, og nøter måtte barkast, garn, nøter, ruser og teiner ettersjåast. Såleis gjekk det mykje på tjøra, kateku, blåstein og alle sortar tauverk. Inn imellom skulle einkvan ha kloggesolar, spikar, måling (i pulverform) for å nemne litt. 
 

 


Bruksbilen og Kirsten, eldste dotter i familien. 
  

Om sommaren i størjesesongen kom det båtar inn seint om kvelden for å proviantere. Då måtte butikkpersonalet stille enten klokka var 24 eller 04 om natta. 

Kjøpmannen hadde ikkje lov å nekte fiskebåtane proviant same kva tid det måtte vere på døgnet. Dei kjøpte sekkevis med skoft og kassevis med brød, margarin, Viking-mjølk, kaffi og det dei elles trong. 

Stengetid visste ein ikkje kva var.Når sommarfisket var over, hadde ein gjerne "møtetid" i butikken. Karfolket kom dit ofte i flokkar, og blei sitjande til langt på kveld. 

I butikken var det både stolar og benker, ja - nokre sat jamvel på disken. Mangt og mykje blei diskutert - og fortalt. Karane løyste dei mest innfløkte verdsproblem, trudde dei. Og for dei som ikkje tok del i "debatten" var det utruleg artig berre å høyre på. Dessutan var slike stunder utruleg viktige som sosial faktor. Det sveisa folk saman å kunne sitje slik å ha diskusjonar om dagens problem som tidtrøyte. 

Døtrene Inger, Asta og Nora. 
 
Stengetida skulle vere kl 20, og når butikkdama kom med bytte og vaskeklut, hende det rett som det var at ein av karane vaska golvet, slik at dei kunne sitje litt lenger utover. 

Her skal vi ikkje gløyme den illeluktande spyttebakken; den var som eit møbel på einkvar butikk.Men til og med innhaldet i spyttebakken tok karane seg av - det var jo elles dei som forureina på denne måten ! 

Handelsmannen sjølv var gjerne til stades så seint på kveld, så jentene fekk oftast fri. Den dag i dag er butikkmiljøet samtale-emne blandt folk som treffest igjen 40-50 år seinare. 

Butikken låg halvannan km frå kaia,og transporten gjekk med hest og vogn - seinare med traktor eller bil. 


På båttur. 
  

Norvald Birkenes dreiv også med fiskemottak; var faktisk like oppteken av fiskebua som av butikken. Han var heldig som hadde jentene å ty til. 
Men Norvald var ein gemyttleg kar, god og snill som far og medmenneske, og raus som arbeidsgjevar. Det var alltid god stemning der han ferdast, enten han fór rundt og kjøpte opp hummar, eller om sommaren tok imot tang og tare. 
Alt skulle pakkast og transporterast, så han kunne vel ikkje alltid få så mange timar søvn. Dei siste 10-15 åra satsa han elles på eggproduksjon. Ein del egg vart selde i butikken, men mesteparten gjekk til Bergen. 

I 1967 la Norvald Birknes ned forretninga på Byrknesøy. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal