Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

      
Brekke Samyrkelag
Forfatter: Bjarne Dåe
Publiseringsdato: 20.07.2004

1930-åra er ikkje berre kjend for si arbeidsløyse og for sin kapitalmangel. Naud har alltid lært naken kjerring å spinne, og i desse åra voks det fram innkjøpslag både på Takle og i Brekkebygda. 

Her vart nok ein del arbeid gjort på dugnad, men denne måten å handle på, gjorde det mogeleg å spare pengar på det som trongst på gardane. 


Brekke Samyrkelag (COOP) Foto: Ingolf Austgulen. 
   

Med røter i desse innkjøpslaga vart Brekke Samyrkelag skipa den 5. nov. 1945 med 23 medlemer. Tomtespørsmålet var ikkje enkelt og økonomien ikkje så sterk rett etter krigen. 

I 1947 fekk laget tilbod om å kjøpe ei barakke i Rutledalen for 650 kr. og laget fekk løyve til å setje ho opp på kommunen sin eigedom, "Trekanten", nedanfor kyrkja i Brekke. 

På denne tomta hadde floren og løa på eitt av dei eldste bruka i Brekke stått, og staden var sentral i høve til vegar og tilkomst den gongen. 

29. april 1948 vart butikken opna med Normann Gausemel som styrar. Sidan har laget hatt 7 styrarar, der dei to siste bør nemnast særskilt. Ingunn Ynnesdal og Aud Berit Raae. Dei delte styrearbeidet i mange år etter at laget hadde økonomiske vanskar i 1982. Dei samarbeidde på ein flott måte og med oppslutnad av medlemene berga dei drifta. I dei siste 6 åra har Aud Berit vore styrar åleine, og attåt tenesta som butikkhjelp er ho den som har arbeidd lengst i Brekke Samyrkelag. 

Eit samyrkelag har både årsmøte og styre, og Brekke Samyrkelag har hatt stor samanheng i styringa. På dei snart seksti åra har det berre vore 6 formenn eller leiarar som det heiter no. 

På 40- og 50-talet var det stor tilslutnad til årsmøta som gjerne vart markerte med store festar. Men i seinare år reknar nok mange med at livet og butikkverksemda går sin gang om ein ikkje tek del i styringa. Oppslutnaden om butikken har no likevel vore aukande, kanskje mest fordi mange ser verdien av å ha 2 butikkar i bygda. 

I mange år var laget på leit etter høveleg tomt til ny butikk. Men vegplanane bar tidleg bod om endring, og kommunikasjonane skifte fort på 60- og 70-talet, slik at noverande plassering vart rimeleg sentral, endå nærleiken til kyrkja hindra utbyggingsplanane noko. 

Den nye butikken vart opna 27. november 1979. Og i 2001 vart namnet endra, nærmast etter diktat, til COOP Brekke BA, og vart frå 1. jan. 2003 med i Marked-kjeda. 


Det fyrste styret i Brekke Samyrkelag saman med den fyrste styraren då butikken vart opna i 1948. 
Sitjande f.v: Johannes J. Takle, Sigvald Oppedal (form.1945-62), Mons Hjelmå. 
Ståande f.v: Olav Wergeland, Harald Takle (form. 1964-82), Normann Gausemel (den fyrste styraren), Endre Takle (form. 1962-64) og Erling Østerbø. 


Styre og tilsette i Brekke Samyrkelag ved opning av den nye butikken i 1979: 
Ståande f.v. Harald Underdal, Harald Takle (form.), Anna wergeland, Magnar Høydal, Bergljot Ynnesdal, Bjørn Takle, Aud Berit Raae (butikkmedarb.), Thor Kolås (styrar). 
Sitjande f.v. Selma Kolås og Ingunn Ynnesdal (butikkmedarbeidarar) Nora Haugland (reinhaldar). 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal