Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Byrknes - den folkerike øya ut mot havet
Forfatter: Margot Grimeland
Publiseringsdato: 04.04.2004


Karl og Marta Birknes 

Bestefar min, Karl Severin Endresson var fødd 28.september 1871, og overtok garden etter far sin. Då var han alt utdanna bakarsvein, og starta opp med bakeri og handel i Nesevågen på slutten av 1800-talet. Plassen blir kalla ”Bakarmuren” den dag i dag, endå om det berre er murane som no står att. Attåt handelen dreiv han fiske og kjøpte opp skråmetare. 


Rutebåten "Lindås" ved kaien på Byrknes. 

I 1895 starta han med landhandel på bulemmen lenger ute i vågen. Etter som eg har høyrt vart bua flytta frå Børholmen, men det er noko usikkert kva tid dette var. 
Brørne Karl E. og Martin E. starta sildesalting i bua. Karl E. bygde kaia i 1902 og blei ekspeditør for rutebåtane. Bustadhuset vart bygd i 1917, og då vart butikken flytta til kjellaren der. Det var eige straumaggregat (dilkoaggregat), så der var lys både i bua og butikken. Samstundes vart det strekt linje til krabbefabrikken til Martin E. 

LANDHANDEL OG SILDEKONTOR 
Karl E. dreiv ein assortert landhandel med både oljeklede, støvlar og elles det meste som fiskarane trong. Mange notbruk vart utrusta med proviant og anna hos han. I landnotstida var det samling av både snurparar og andre båtar. 

Martin E. var tillitsmann i Noregs Sildesalslag, og hadde eit lite sildekontor der fiskarane meldte inn sildefangsten. Samstundes kjøpte dei proviant frå Karl E. 

Det vart kjøpt mykje på ”borg” (kreditt), og det var ikkje alltid like lett å få inn pengane. 


Jenny og Tarald Birknes

Bestefar vart sjuk i 1940, og det gjekk fort nedover. Då vart sonen, Tarald K. Birknes ( f.27/6 – 1909), som var far min, henta heim frå fiske for å overta butikken. 

MÅTTE TIDLEG KRØKJAST 
Eg kom tidleg med i arbeidet på butikken,; 11 -12 år gamal. Det var vanskeleg å nå opp til vekta, så far måtte byggja krakk som eg stod på. 
Det var ikkje noko som heitte opningstider på den tida. Kom der folk, så opna vi butikken kor seint det var, eller om det var søndag. 

Den gong måtte vi vega opp alt; sukker, mjøl, havregryn – var alt i lausvekt og stod i store skuffer innanfor disken. 


Artikkelforfattar Margot Grimeland

SIRUPSTØNNA OG EG 
I størjesesongen var det mykje liv på hamna. I helgane og når det var stygt vêr, kunne det liggja så mange båtar at vi nesten kunne gå over vågen frå kaia til Kalvøyna på andre sida. 

Handelen var god når fiskebåtane kom inn. Ofte kom dei inn og låg frå fredag til søndag. Vi fekk då lange handlelister som skulle lagast til. Det var min jobb. 
Eg hugsar spesielt ein episode: Vi hadde eit stort sirupsfat med propp, og ein båt skulle ha eit femliters spann med sirup. Eg tok ut proppen og sette spannet under, men syntest det gjekk veldig seint. 

Det var dans på Larskaia, så eg ville bort og berre ta éin dans medan sirupen rann. Det var nok moro, for eg gløymde heile sirupen! Då eg hugsa på det, var det runne ut over golvet både innanfor og utanfor disken. Gode råd var dyre….! 

Eg spadde sirupen i bøtter og kasta på sjøen; eg arbeidde i mange timar. Utanfor disken var det sementgolv, så ein kan tenkja seg sjølv…… Eg grudde meg for å seia det til far, men han tok det fint. Han sa at dette kunne ha skjedd med alle, og at eg måtte ha vekt han så han kunne ha hjelpt meg. Eg gjekk aldri meir frå sirupsfatet under fylling!! 

FRÅ ”MJØLHUS” TIL MEIERI 
Vi hadde eit lite hus som vart kalla ”mjølhuset”, der det var lager for 50 kg sekkar med diverse mjølsortar og anna. Etter kvart kom varene pakka frå grossist, og dei vart då sette rett i hyllene. Huset vart då ombygd til meieri, som vi leigde ut. Mor Jenny var meierske der i mange år, til meieriet vart flytta lenger nord på garden. 

MINNE FRÅ 1950 – TALET 
På 50 – talet gjekk rutebåtane Seimstrand, Alversund, Lindås m.fl. frå Bergen til Byrknesøy. Det var ein 5 -6 timars tur; ofte lenger dersom den skulle om Fedje. Båten kom om kvelden i 20-tida, og låg til ca klokka fem om morgonen. Når båten kom om kvelden med ferske brød og kjøtvarer; vanlegvis fredagane, opna vi butikken som vi ofte heldt open til i 21 – 22 tida. 

Laurdag kom båten oftast i 19-tida og låg til søndag kl. 16. Det samla seg alltid mykje folk på kaia både når båten kom, og når den skulle gå. Mest folk var det søndagane. 

Ofte var det ruskevêr, og båten kunne vera timar forseinka. Med springflo og mykje vind, kunne det ofte vera utriveleg medan rutebåten låg ved kaia. Var redd den kunne gjera skade, for det var ingen molo då. 

Posten vart utlevert på butikken. Ein gong i månaden kom trygdesjefen frå Eivindvik og hadde kontordag på butikken. 

BP (British Petroleum) sette på femtitalet opp ein oljetank på kaia, slik at fiskarane fekk kjøpa solar til båtane sine. 

Midt på 50-talet starta vi opp med filial på Kversøy. Butikken heldt til i kjellaren til Bernt Trovåg, og det var eg som styrde butikken. Det gjekk veldig fint å styra filialen, for her var mange kjekke folk som hjelpte meg med tunge tak. Far hadde ein motorbåt som han frakta varer med. Var det stygt vêr, leigde vi større fartøy. Eg hugsar spesielt ei jul det var storm og regn, og det var problem å leggja til lands. 

Om kveldane gjekk eg på vitjing til naboar; spesielt på ”Jakta” til Asta. Då måtte eg over eit sund med robåt. Konstanse Kversøy og Anne Marie Trovåg var og gode å ha. Eg kan ikkje hugsa at eg var einsam her ute denne tida.Vi dreiv her i ca to år, før butikken vart overteken av Georg Bårøy. 

Eit vondt minne skriv seg frå tida kort etter krigen. Fiskebåten ”Lindøy” gjekk ned ved Kversøy morsdagen. Eg hugsar ”Lindøy” låg ved kaia laurdag, der dei provianterte før dei drog ut. Klinton, fetteren min, var mellom mannskapet på båten, og var ein av dei som omkom. 

ORDNA ARBEIDSTID 
Først på 60-talet fekk vi meir ordna arbeidstid. Dei tre butikkane på øya vart samde om å ha felles opningstid. 

Det vart lite å leva av for to familiar, så i 1964 starta far min, Tarald, fiskemottak i bua i samarbeid med mannen min, Odd. I 1967 overtok Odd og eg butikken åleine, og far min dreiv fiskemottaket fram til han vart sjuk i 1973. 
Vi kjøpte ein gamal bil som vi brukte til å bringa varer til kundane.Vi hadde mange gode kundar frå øyane kring Byrknes, så fredag og laurdag var det masse båtar som la til kaia og handla. Det var moro! 

På 60-talet bygde vi om butikken. Vi fekk bort spyttebakkane og benkane som stod utanfor disken; noko som hos mange var lite populært. Kvar dag etter kaffi kom gamlekarane og inntok benkane til ein god prat. 

Butikken vart driven fram til 1974. 

FRÅ SJØ TIL LANDTRAFIKK 
På 60-talet vart det slutt på dei gamle rutebåtane. Då var det buss Bergen –Fonnes, og ein mindre båt; ”Byrknesøy”, som gjekk vidare til Byrknes. Den gjekk fram til byrjinga av 80-talet då det vart ferjerute mellom Leirvåg og Sløvåg, og Gråvik og Byrknesøy. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal