Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Vakker dal mellom fjord og fjell
Forfatter: Osvald Brandsdal
Publiseringsdato: 04.09.2004

Brandsdalen ligg nord for Svardalsvatnet med høge fjell i nord, aust og vest, men med opning mot sør. Vatnet ligg mellom Svardal og Brandsdal, er fire kilometer langt, med skogkledde lier på begge sider. 

Foreldra mine, Kristoffer og Ingeborg, kjøpte bruk i Brandsdalen i 1919. Eg vart fødd i 1920, og på denne garden vaks eg opp saman med søskena mine. Vi vart til slutt ein flokk på ni barn. På dei andre bruka var det også barnerike familiar. 


Parti frå Brandsdal mot Svardalsvatnet. Foto: Ingolf Austgulen.

Avstanden mellom Brandsdal og Vikane (Veddevik) var om lag fire kilometer. Det fanst ingen vegar ein kunne køyre på. Berre ein trakksti over myrar, fjell og lyngrabbar. For dei som budde i Brandsdalen, var denne strekninga ein hovudveg. 

Etter som barna kom i skulepliktig alder var det å gå den lange vegen til Vikane. Skulen vart halden i stova til Johannes Gravdal. Om vinteren, i rusket vær med snø og vind, kunne den lange strekninga vera ei hard påkjenning for oss skuleborna. 

I 1932 fekk vi eige skulehus - det var Johannes Gravdal som gav tomt. Foreldra til oss som gjekk på skulen bygde grunnmuren; barna frå Vestervik høyrde også til same skulekrins. 

Oppsitjarane i Brandsdalen var avhengige av båt for å koma til Dalsøyra. Der stoppa rutebåten, - handelsmann, post, telefon og meieri var der også. Dalsøyra var difor ein svært viktig plass for oss. Vi måtte alltid bruke båt, også dersom vi skulle eit ærend til Eivindvik, der lege, kyrkje og kommuneadministrasjonen held til. 

Det var tronge tider i 30-åra. Far måtte stadig reisa vekk på arbeid for å tena til livsopphaldet, og som eldste guten fekk eg tidleg venja meg til tungt arbeid. To gonger i veka måtte eg ro frå Vikane til Dalsøyra etter varer. Mor kinna bondesmøret som vart levert til handelsmannen, og i byte fekk vi varer igjen. 

Som oftast strakk ikkje smøret til som dekning for varene vi skulle ha. Restbeløpet vart notert i ei gjeldsbok, og far måtte ordna opp med det når han kom heim frå arbeid, som ofte bestod i å byggja kaiar og hus for rike fiskereiarar i Solund. 

Vi fekk mjøl tilsendt med rutebåten frå Låstad i Muren i Bergen. Mjølet kom i hundre kilos sekkar, som vart heist på land og køyrd inn på bua til Kjellevold, handelsmannen og dampskips-ekspeditøren på Dalsøyra. 

Mjølet skulle eg syta for å få heim til Brandsdalen. På bua var det heis, ei sokalla vinde. Her hjelpte dei til med å få fira sekkane ned i båten. Det var lettvint, det gjekk for det meste greitt, men eg hugsar ein gong at festet slitna og mjølsekken fall ned i båten og rivna. 


Osvald Brandsdal, busett i Åsane. Har årleg turar til heimtraktene i Brandsdal. Bildet viser båten i Vikane.

I Vikane måtte mjølet lagrast i naustet og delast opp i passelege bører for deretter å bli bore på ryggen til Brandsdalen. Den fire kilometer lange vegen, og spesielt Vikabrekka kunne vera svært tung for ein gutunge med femti kilo på ryggen. Ekstra ille var det på vinterstid då snøkavane sette inn. 

Geiter og andre dyr for sal måtte bringast til Vikane, der dei vart henta med båt. Kvart år kom det oppkjøparar for å handla. 

Det var alltid eit godt tillitsforhold mellom Kristoffer og handelsmann Kjellevold, og det var alltid kjekt å koma til Dalsøyra og gå i butikkane til Kjellevold og Ellingsen. I begge butikkane var det greie, blide jenter, spesielt minnast eg Selma Kjellevold. 

Eg har eit sterkt minne frå ein tur eg hadde på Dalsøyra: Rutebåten greidde ikkje å bakka opp ved bryggja. Den braste rett forbi og inn i bustadbygget til jordmor Wergeland. Baugen tørna opp mest inne i stova.... og skapte sikkert sjokk for dama i huset. 

Den etterlengta vegen frå Brandsdal til Vikane vart påbyrja i 1933 og vart arbeidd på i korte bolkar, alt etter kva tilskot som vart løyvt. Hugsar at løna var to kroner og femti øre dagen. I 1956 vart vegen til Vikane ferdig. 

Vatnet mellom Brandsdal og Svardal var også til stor hjelp transportmessig for oppsitjarane i Brandsdalen. Då isen la seg om vinteren, fekk vi frakta heim ved og tømmer. På Fivelsdal var det rutebåtstopp, slik at folk i Brandsdalen, som hadde ærend i Bergen, ofte valde å reisa den vegen. 

Dette var nokre glimt inn i 1930-åra, som viste kor vanskeleg og tungt det var i kvardagen for den vanlege familien på den tida då kommunikasjonen ikkje var utbygd. 


Denne båten vart boren frå Vikane ved Eidsfjorden over fjellet til Svardalsvatnet i år 1929. 
Frå høgre ser ein Jon Neverdal, Ole Brandsdal, Osvald og Konrad Brandsdal. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal