Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
øre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Dalsøyra Landhandel
Forfatter: Thorbjørg Birknes
Publiseringsdato: 05.04.2004

Det er så mykje som kjem fram i tankane når ein vert bedt om å skrive ned gamle minner. Kva skal ein ta med, og kva skal gå i gøymeboka ? Men her er det altså handelsstaden Dalsøyra det skal dreie seg om. 

Far min, Ludvik J. Kjellevold ((08.02.1889 - 09.11.1971) ), starta som handelsmann i Lavik. Etter fyrste verdenskrig, ca 1918, flytte han med familien sin til Kjellevold for å ta over garden. I 1933 kjøpte han handelsstaden Dalsøyra med butikken og d/s-(dampskips.) kaia. Då hadde han fyrst leigd staden i over 10 år. 


17. mai-feiring på Dalsøyra i 1950-åra. Lærar Ivar Kleiva talar.

Posten hadde til no halde til i gamlehuset på Kjellevold. Dalsørens postaabneri vart oppretta 01.07.1905, og farfar min, John J. Kjellevold, (1864-1954) var den fyrste postopnaren. 

I 1935 vart far min poststyrar, og posten vart då flytta til eit lite kontor bak butikken. No var far både handelsmann, dampskipsekspeditør og poststyrar, samstundes som han dreiv garden. Det kom vel med at me var mange sysken, det var god bruk for alle. Arbeid på garden var sjølvsagt, og dei fleste av oss måtte ta nokre år i butikken og posten. Mor var ikkje med i butikken, det var meir enn nok å ta hand om heime på garden. 


Thorbjørg og Bergljot Kjellevold i butikkantrekk framfor familiens forretning på Dalsøyra.

Sjølv var eg berre 13-14 år då far lærde meg opp i posten, noko eg likte veldig godt. På same tid tok eg til i butikken, helst morgon og kveld, i meieritida, då var det alltid mykje folk. Ein kan vel trygt seia at butikken var viktigaste møtestaden i bygda, slik til kvardags. 

Etter kvart som eldre sysken reiste vekk på skular, eller gifta seg, vart eg butikkjente på heiltid. Det var ein triveleg arbeidsplass, sjølv om det var mange tunge tak og lange dagar. Fast stengetid var det ikkje fyrste åra. Butikken vart brukt som venterom når "dampen" var sein, og det var den ofte. Mangt eit verdensproblem vart løyst på kassebenken inn for døra. 

Benken ja. Den var lang med hengsla lok, oppdelt i store rom inni. Nedi der var det kloggar og tresko, rivehovud, ljåar og ljåskaft. Og dermed kom eg inn på vareutvalet : Det var reint utruleg kva som fanst i hyller og skuffer i ein landhandel for 60-70 år sidan. Hos oss var det t.d. ein heil vegg med metervarer, alt frå gardiner og fint kjolestoff, til forkle-og skjortetøy. 

Og sjølvsagt alt ein ellers treng til syarbeid: tråd, nåler, glidelås, hekter og knappar m.m. Og mykje strikkegarn. I ein reol for seg var det spikar, skruer og verktøy. Ellers hadde me sko og tøfler, undertøy og herreskjorter - populære julegåver. Der var og "krusetøy" av ymse slag, koppar, skålesett m.m. Og kolonialvarer: alt var i laus vekt, me vog opp i papirposar, og rekna ut prisen etterkvart. Posane vart lukka med papir-limband som me hadde på ein rull. 

Dette var i dei harde trettiåra,og det var lite pengar blant folk, så mykje vart skrive i "kladden". Folk betalte så sant dei kunne, men far min strauk nok eit og anna som det likevel ikkje var von om å få inn. Eg hugsar at han sa: "Eg kan ikkje nekte folk mat". 


Kjellevold. Bustadhuset til fam. L.J. Kjellevold, der postopneriet starta i 1905. 

1940 
So kom krigen. Varene minka fort, og lite kom inn att. Alle viktige varer vart rasjonerte. Folk fekk rasjoneringskort frå forsyningsnemnda, eit for kvart vareslag til kvart menneske. Av desse måtte me klippe merke når dei skulle handle. Ei lita saks i forklelomma var alltid med. 

Eg hugsar ei hending frå den tida: Det var ein mann med stor familie, bl.a. hadde han mange gutar i verste veksealderen. Han hadde merke til 17 kg mjøl som eg vog opp nede i bua. Han held i sekken, og eg skufla oppi. Brått seier han: "Gje meg 20, så kan eg ete meg mett ein gong óg! Eg greidde ikkje svare, men 20 fekk han. 

Så fekk eg vone at dei i forsyningsnemnda ikkje kontrollerte alle konvoluttane. Ja, for alle merka måtte teljast opp og sendast i sine spesielle konvoluttar til forsyningsnemnda. Slik fekk me att tilvising på nye varer. 

Far min hadde gode forbindelsar i Bergen, og greidde bl.a. å skaffe mykje dongeriklær,oljeklær og sjøstøvlar. Dette frettest visst, for no fekk me mange kundar frå Solund. Eg hugsar best familiane Eide og Lambrechts. Dei hadde store båtar, og stundom var både kvinnfolk og ungar med. Frå Masfjorden kom det óg nokon. Dei gjekk over fjellet til Virkesdal,og så var det berre 3 km til Dalsøyra. 


Dalsøyra med det velregulerte bustadområdet på Lihaug bakanfor. 

Dampskipsekspedisjonen m.m. 
Eg nemnde meieriet: Mjølka vart for det meste send til Manger Meieri i Bergen, men under krigen vart det óg sendt mjølk til mange private i Solund. Båten frå Bergen gjekk først til Gulafjordane, og sidan rundt heile Solund. Meierska kom med ein bunke fylgjebrev, som alle vart ført inn på lista saman med anna som skulle sendast. Tomspanna kom i retur. 

Far min var med i diverse styre, bl.a. i Manger Meieri. Det vart mange møte i Bergen då alle meieria skulle bli til Bergensmeieriet. Samstundes var han i styret i Vestlandske Salslag, Kjøpmannsforeningen og d/s-ekspeditørane sin forening, pluss diverse bondeorganisasjonar. 

Dette gjorde at han var mykje vekke, og det vart travelt heime. Me leigde alltid ein mann til å ekspedere "dampen", ta imot og sende varer. Eg tok meg av posten. Mang ei natt sat han og eg på postkontoret og venta på bybåten som nesten alltid var forseinka. Neste morgon måtte posten sorterast, og to postbod skulle ut. Ola L. Nordal hadde rute i Dalsbygda, og Benjamin Bjørklund, og seinare Nils Glenja leverte post innetter fjorden og i Brandsdalen. 

Og så måtte butikken opnast til meierifolket kom, anten eg hadde sove eller ikkje. Likevel, eg ser med glede attende på tida i butikken. Det var eit sosialt liv. Eg trur eg kjende alle i bygda og innetter fjorden, berre greie og hyggelege folk, slik eg minnest dei. Og når byfolka kom om sommaren, vart eg fort kjend med dei óg. Den som stod bak disken i den tid, fekk vite alt som hende i nærområdet, både direkte frå kundane, og frå praten mellom dei. Butikken var, som sagt, ein viktig møteplass. 

Ja, dette er slik eg hugsar denne tida. Eg må forresten ta med at me hadde eit godt samarbeid med andre handelsmenn i Gulen. Det den eine ikkje hadde, kunne den andre kanskje skaffe. 

Bror min, John L. Kjellevold ((29.05.1920 -23.11.1993) ), overtok butikken etter far min. I 1959 vart han poststyrar. Postkontoret vart utvida etter kvart. Butikken var ei tid bortleigd, og er sidan seld. No er det frisørsalong i det gamle butikklokalet. Kaien er heller ikkje mykje i bruk; i dag kjem varene landevegen, og posten kjem med eigne bilar. - Og eg trur ikkje nokon sel tresko i butikkane lenger. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal