Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

       
Dingja - handels- og feriestad
Forfatter: I. Austgulen / Åse Lene Vatne
Publiseringsdato: 21.06.2004

Det var ein driftig guling som i 1912 etablerte ei produktiv verksemd innafor tre-industri i Dingja. Mannen heitte Johannes Steine, gift med Gunhild Schreuder frå Skjerjehamn. 

Han fann vasskrafta frå Dingevatnet godt brukande til føremålet. I 1917 vart det bygt kraftstasjon i Dingja. I tillegg til å skaffe fabrikken driftsenergi gav stasjonen også elektrisk kraft og dermed også lys til dei fastbuande. 


Bakerst ser vi fabrikkbygninga og oppførde butikkanlegg. 
   

Johannes Steine flytta på den tid til Skjerjehamn og overtok alt der av svigerfar sin. Byggmeister Søren T. Lie tok over i Dingja, men selde i 1918 eigedommane til Peder Strand, fødd i Solund i 1884. Fabrikken i Dingja produserte i hovudsak tønner, dører og vindauga, men var også lagt opp med sag og høvleri for diverse oppdrag. Fylkesbåtane hadde Dingja som stoppestad like frå 1897, og staden vart nytta som korrespondanse mellom Sogne- og Sunnfjord-rutene ein del år. 

I krigsåra vart Dingja brukt som base for dei tyske vaktbåtane som opererte i Sognefjorden. Her bunkra båtane og låg ved kai i periodar, noko som slett ikkje var ufarleg for bygdefolket, for ein var dermed utsett for bombing frå engelske fly, som var ute etter fiendebåtar. 

Helge Strand 

Forretningsdrift blei oppretta i 1940 av Helge Strand, son til Peder - fødd 1918 i Dingja. Dei første forretningslokala låg i fabrikkbygningen, men etter ei tid blei det sett opp eige forretningsbygg på kai-området. Nå slapp folk i bygda å reise til Nyhamar, Sygnefest eller Eivindvik for å skaffe seg forbruksvarer. 

Helge Strand saman med systra Agnes dreiv også omførselshandel med passande båt rundt i øy-området ute i kommunen. Ved sida av handelen hadde Helge Strand mykje skysstrafikk med sin galante båt ”Trio”. 

I same familie utvikla båttrafikken seg stort noko seinare, for både Per og Bjørn Vold skaffa seg store, flotte og hurtiggåande båtar, som har utført mykje av rutefarten mellom bygdene i Gulen på vegner av Fylkesbåtane og kommunen (skuleskyss). 


Båten "Trio" - brukt til bl.a. omførselshandel i øyområde. 
   

Helge Strand døydde plutseleg i 1971, men forretninga i Dingja blei ført vidare under leiing av Agnes Strand. Åse Lene, Agnes si niese gift Vatne, har seinare komme inn i drifta for fullt. 

Då det kom veg fram til Dingja frå Sygnefest i 1974, blei kundegrunnlaget noko heilt anna og større. Hyttefelt blei tilrettelagt både i Dingja og på Fallebø. 

Dessutan representerte alle sjøreisande og meir eller mindre fastbuande hyttefolk eit visst nytt behov. 

Tilbod som olje, proviant og god hamn med flytebryggjer, dusj- og sanitæranlegg og liknande blei realisert, noko som har sett Dingja på kartet i stadig sterkare grad. 

Åse Lene Vatne

Åse Lene Vatne fortell vidare : 
Å drive landhandel slik er ein livsstil, men eg trivst med det. Vi har nå kring 400 båtgjestar som skal ha mat og drivstoff i løpet av ein sesong. 

I 2002 var vi ferdige med å pusse opp fire bustader i den gamle tønnefabrikken, og vi har hytter til leige. I tillegg til utleige har vi fått til eit festlokale på tønneloftet. 

Landhandelen har eigen bakaromn, så vi dekkar det meste. Det er mange som kjem inn for å kjøpe nysteikte bollar og bakarvarer. 
  


Bilde viser handels- og feriestaden slik den er i dag. Foto: Scandion. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal