Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Frå Hyllestad som butikkjente til filialstyrar 
på Oppdalsøyra
Forfatter: Elisa Dyregrov
Publiseringsdato: 29.09.2004

- Reisa til Oppdalsøyra minnest eg vel. Med rutebåt frå Leirvik gjekk ferda rundt fjordane til Skjerjehamn. Dit kom eg seint ein kveld i fælande ruskever, og tok inn på hotellet der. 

Dagen etter kom det ein liten open motorbåt framom holmane, og turen vidare innover tok til. Då vi steig i land på Oppdalsøyra, vart me møtte av nyfikne karar, som sjølvsagt var spente på å sjå denne Hyllestad-jenta som dei hadde frett skulle komme. 


Elisa Dyregrov 
 

Nye jenter - butikkdamer óg - var etterlengta i desse noko avstengde bygdene. Det var spennande med nye andlet, nye folk på staden. Mange av dei andre jentene som kom farande andre stader frå, vart verande her i fjordane og på øyane lenger ute i Gulen. Eg var ei av desse. 

Eg fekk mitt "pikeværelse" i det nye forretningsbygget på Oppdalsøyra. Isolasjonsmateriale var heller lite brukt på den tida, men også andre ting som kunne gjere tilværet triveleg, mangla. 

Parafinlampa gav lys, oljeomnen varma, og maten kokte me på primus. Vatn måtte me bere frå elva, som gjekk 100 m unna. Trøste og bere kor kaldt det var vinterstid. 

Elles var det enkelt på alle vis i butikken. Me hadde ei diskvekt og ei lagervekt. Oljepumpa var handdreven,og oljefata stod utandørs. Golv og diskplater var av tre, og dei måtte skurast til gangs, for reint skulle det vere. Det var smått med hylleplass til varene, og arbeidsbenkar var det lite av. Trekassar og krakkar vart tekne til hjelp. 

Vareutvalet derimot var ikkje lite eller enkelt. Alt måtte me ha av det som kundane ynskte å finna på bua. Hadde me ikkje varene, var det å røkje etter kor dei var å få, og så var det å få dei i hus så snart råd var. 

Det minst trivelege med arbeidet var salet av varer frå sekkar som kunne vege 100 kg. Grynmjølet var visst bestseljaren på den tid, men det gjekk mykje på sammalt kveite også. Fint kveitemjøl var dyrt, men litt fint mjøl ville likevel folk ha til finbaksten. 

Så var det fórmjølet då; ei vare som verkeleg hadde høgsesong støtt der inne. Bøndene kom med hest og kjerre og handla. 
Dei hadde med seg smør, ost og egg i byte. Og sjølvsagt hadde dei med seg handlelappen frå kona. - Då var det å springe med eg vann, frå butikken til lageret og til sjøbua. Mange kom for å handle på same tid, men det var tolmodige kundar i bygdene då. 


Handelsbua på Oppdalsøyra. 
 

Hjelpsame var dei óg. Dei gav ei hand med når tunge ting skulle flyttast eller løftast. Dei hjelpte til med sirupsfata, som gjerne vog opp til 300 kg. 

Begge sortar skulle dei ha, både mørk og lys sirup. Sjølve hadde kundane med seg tomsekkar til mjølet. "Folkemjølet" gjekk det mest på, og me auste og auste - 15, 20 og 25 kg, alt etter som. Auser hadde me i fleng. Det var viktig at dei var turre og reine. Var dei fuktige, blei det berre heft med dei. 

Heller ikkje måtte dei få slag eller dunk i framkant, for då glei dei ikkje inn i den vara som skulle ausast. 

Det var ei tid med mykje slit. Men sterke var me i armar og bein. Til sist greidde eg å flytte 100-kilosekkar. Eg lærde meg knepet med å bruke knea som jekk, og armar og rygg vart spende til rykk. Grimasar i fjeset under operasjonen høyrde til. 

Her var ingen dreng å rope på når eg var åleine, og åleine var eg om arbeid og ansvar, også når natta kom og bua var tom for folk. Men eg var ikkje redd for skrømt. Fantasien rakk ikkje lenger enn til å finne senga for å kvile ut. 

Opningstida i butikken var om lag slik: Alltid budd til å tena kundane på beste måte. Butikken vart om kveldane nytta som opphaldsstad for dei som skulle møte rutebåten til eller frå byen. Og båt var det mest kvar seine kvelden. Der sat reisande, dei som skulle sende beist eller anna, ekspeditøren, postmannen og andre. Og her vart det underhaldning og historier. Båten til byen var alltid sein; klokka kunne gjerne verte eitt om natta. 

Unggutar var det mange av. Som før nemnt hjelpte dei til når det trongst, men dei same karane gjorde fantestykke óg. 
Stundom måtte eg ta igjen for det, tykte eg. Ein gong bad eg ein av desse karane om hjelp til å finne fram i den rikhaldige kannehaugen. 

Her var linolje, terpentin, sprit og feitolje, og her var salmiakk. Den siste var det inga moro å selje. Han lukta fælt når han vart tappa på flasker. Det reiv i nasen. Her såg eg eit høve til å gjere denne kjekkasen ei prette. - "Drag no godt inn", sa eg, og han så gjorde.- Han synte seg ikkje på bua på fleire veker, og vart min uvenn i lengre tid. Konkurrenten vår, Wesetvik, var nok ikkje lei for at kunden fann vegen til butikken hans. 

Men soga slutta ikkje med det. Finskjørtet mitt, som var hengt på snora nyvaska og fint, var ikkje å finne att då eg skulle ta det i hus. Augo saumfor området ikring - hadde vinden teke det, tru ? Der - i toppen på apalen utanfor handelsbua - flagra det så fint eit skjørt i vestavinden. Hemnen var nok søt som honning for ynglingen som vart lurt til ein salmiakkrus av ei butikkjente. Ein annan ungdom klatra så gjerne i apalen for mi skuld. 
 


Smørbutter i returembalasje. 
I desse buttene blei smøret sendt med "Dampen" til Bergen, og kom tomme i retur. 

Bytehandel var vanleg. Som nemnt kom folk med smør, egg og ost - og fekk varer att for dette. Smøret kom i ambarar. Der var store, mellomstore og små av desse. Mange var svært fine og forseggjorde med namn innskorne. 

Me vog smøret, pakka ambarane i kassar og sende til Bergen. Egga vart pakka kvar for seg i papir og lagde i trekassar. Før det måtte me gjerne vaske egga, som ikkje alltid var så reine. 

Men vaska egg heldt seg ikkje så godt. Difor måtte me bruke skjønn og sjølve avgjere kva som skulle vaskast og kor mykje. 

Alle desse sendingane måtte me "tralle" til kaien for lasting. Opp og ned, ned og opp frå butikk til sjøbu sprang føtene mest av seg sjølve av gammal vane. På sjøbua var alle dei tunge varene - grovsaltet, hesjestrengen, spekesilda, tjøra og oljen. Spør om dette var slit. Slik held det fram år etter år på Øyra for dei som dreiv handel i dei små buene. 

Handel på krita tykte eg var ufyselege greier, men nokså vanleg på den tida. Ein kom liksom mellom borken og veden. Det var hardt å måtte nekte varer til kundar som hadde nådd grensa for kreditt, særleg når det var andre til stades i butikken samstundes. Men før det vart sett strek, hadde me i velvilje strekt oss så langt råd var. Me måtte og ha pengar for å betale dei varene som kom frå byen, så me måtte til tider vere strenge. Likevel, bøndene i Austgulfjorden var ikkje dei som hadde det verst. 

Så hende det meg - som så mange jenter som tok seg arbeid i nye bygder. Eg vart glad i ein gut, kjernekar, som heitte Guttorm Dyregrov. "Fast fisk" blei det først under ei sognestemne i Eivindvik. Guttorm var då telefonarbeidar som så mange andre her i fjordane. Han var stadig på reise, men det vart no tid for oss to likevel. Vi vart busette i Dyregrov, og tok over garden der i 1929. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal