Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
E. Ellingsen AS
Forfatter: I. Austgulen/Einar Ellingsen
Publiseringsdato: 09.04.2004

Sigurd Ellingsen starta opp med forretning på Dalsøyra i 1927. Han kjøpte opp fleire naustetomtar for å kunne etablere seg sentralt i bygda. Her bygde han seg kombinert bustad og butikk. I første omgang blei det bygt trekai , seinare kom steinfylling med betongkai. 

DALSØYRA .... eit senter for skule og handel 


Hovudhuset, forretning og bustad.

Nils og Anton Glengja var på den tid aktive som bygningsmenn i kommunen, og dei utførte det meste av dette arbeidet på Dalsøyra. Etter kvart heldt sonen til Anton, Egil, fram som bygningsmann; m.a.o. tre generasjonar Glengja i bygningsfaget. Karane frå Glengja bygde hovudhuset til Ellingsen på Dalsøyra i 1939. 

Sigurd Ellingsen var heile si tid oppteken av fisk, sild og andre produkt frå sjøen, også etter at sonen overtok butikkdrifta. Fisken kom med brønnbåtar, og Ellingsen ”lagra” han i mirar og kunne såleis kjøre rundt med bil og båt og fersk fisk til forbrukarane. Dette var populært hos kundane. 

Ellingsen var sterkt med i satsinga på ein større fiske- og fraktebåt "Henny". Når båten kom frå Island med sild i tønner vart desse lossa på Dalsøyra. Det kom spesialistar "vrakere" frå Sverige for å godkjenne kvaliteten på silda før "Henny" frakta silda vidare til Sverige. 

Sigurd hadde dessutan eit anna opplegg i sine velmaktsdagar. Til å frakte det forretninga trong av varer frå grossistar i Bergen, skaffa han seg båten ”Svanen”. Denne båten var ofte å sjå i Blauw-hopen ved grossisten Aksdal si brygge. 

”Svanen” var mest alltid nytta som kyrkjebåt frå Dalsøyra – fullasta med folk sitjande på plankar på dekket med dei yngre gjerne framme og på hekken. Kyrkja stod sentralt hos folk i Dalsbygda. 

Einar Ellingsen – son til Sigurd – tok over forretninga i 1957. Han føretok fleire utvidingar i huset slik det var, men bygde óg eit tilbygg i betong på rundt 100 kvm i to høgder. I første høgda bygde dei fryselager med fryseboksar til utleige. Dette var før det vart vanleg med fyseboksar og – skåp i heimane. 

I andre høgda hadde dei avdeling for gåver og manufaktur. Ei trapp ned i kjellaren førde til verktøy-avdelinga. 

Kolonialbutikken blei utvida og modernisert fleire gonger. Ellingsen var den første i Gulen som hadde kjøle- og frysedisk i butikken. Det viste seg at salet av iskrem vart svært populært. Varene kom frå Bergen i fryseboksar med ”tørris”. 

Dei første åra Einar Ellingsen dreiv på Dalsøyra, fekk dei brød frå Vik dampbakeri og bakeriet Smith-Sivertsen i Bergen. Brødet kom ein og to gonger i veka i store, tunge trekassar. 

Brøda var upakka den gongen, og det var liksom ikkje så nøye om kundane tok på dei. Det kom nok ein del protestar då det kom glasdisk, og endå meir høglydt murring frå skrå-kallane då sputtebakken vart kasta ut. I ettertid minnest Ellingsen at kallane gjerne sat på benkar utanfor disken. I desse benkane var det gjerne tresko og kloggar. 

Einar Ellingsen gjekk så opp i sjølve forretningsdrifta at han ikkje hadde tid å ofre på sild og fisk. Det å drive Eivindvik Varesenter frå 1975 til 1980 i tillegg til handelen på Dalsøyra, tok det meste av hans tid. Forretninga i Eivindvik hadde inntil då vore leigd ut til fleire leigetakarar, og bar preg av det. Såleis blei det lagt ned mykje arbeid og kapital til fornying av butikken der. Ellingsen rosar Ansgar Sandal for svært godt samarbeid. 


Dalsøyra sentrum i dag.

Etter mange års reguleringsdrøftingar om Dalsøyra senter fekk Gulen kommune til slutt løyse ut området, så ein kunne begynne med utfylling og opparbeiding av området rundt handelshuset. 

Den 16. februar 1987 vart det søkt byggjeløyve for ca 400 kvm i to høgder, og det vart grunnlaget for forretningsbygget av i dag. Bygget med entreprise frå Spencon-bygg kom opp med rekordfart. 

Etter ei tid med rik utvikling vart forretninga i 1994 leigd bort for fem år til A/S Univest Bergen. Så - i 1999 - overtok to av damene, som hadde vore tilsette drifta av dagligvare-avdelinga i butikken. Jervarer, maling, gåver og manufaktur vart overteke av firmaet Skruen frå Knarvik. Firmaet har no lagt ned drifta på Dalsøyra, men Grete´s butikk har flytta inn med klesforretning i ein del av dei gamle butikklokala. 
Det er klart at ein velassortert forretning på Dalsøyra har ei framtid. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal