Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

    
Fraktefart i Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 01.02.2004

Etter at sognejaktene (og andre modellar) hadde hatt si glanstid på 18 og 1900-talet, tok motoriserte skøyter og kutterar på 50 – 70 fot over fraktefarten. 

Mange slike skuter – ikkje minst frå Gulen og Brekke – gjekk i skytteltrafikk mellom Bergen og Sogn. Dei førte gjerne véd frå Sognebygdene til Bergen, og på heimturen tok dei med ymse varer – gjødsel, salt, kraftfor, høy, halm og bygningsartiklar – for handelsmenn og andre i heimetraktene. Ja, slekt og kjenningar fekk seg ofte ei gratis byreise og heimreise, om det høvde slik. 


Båteigar Håkon Søreide. 

Ein av dei som hadde stor erfaring og tradisjon med denne farten, var Håkon Søreide. Han har fortalt om dette yrket og røynslene sine i boka "DEI TOK SIN TØRN" frå 1985. Søreide var ein sers påliteleg fraktebåtskippar, og hadde fleire båtar i si tid. Den første, ”Irma”, kjøpte han i lag med Gunvald Kyrkjeøy i 1933, og dei dreiv fraktefart med denne skøyta i fleire år. 

I 1940, like før krigen braut ut, kjøpte Håkon Søreide fartøyet ”Vesta” på Holsenøy i lag med broren Arthur. Båten blei omarbeidd og gjort lengre i Sagvåg, og fekk namnet ”Søreide”. 


Fraktebåten "SØREIDE" og "HALO" ved kai i Rutledal.
Seinare blei denne skøyta bytta ut mot ”Halo” og til sist ”Listein”. 

Då Søreide gjekk av som pensjonert sjømann, blei ”Listein” seld til eit selskap som laga film om sabotasje på Svalbard under krigen. 

Som eit kuriosum kan nemnast at ”Listein” omdøypt til ”Sandy Hook” ligg på havets botn der oppe, etter som handlinga i filmen ”Orions belte” ville det slik at båten blei torpedert og sokk. 


Båteigar Arthur Søreide.

Fraktebåtar blei sjølvsagt sett på som konkurrentar til ruteselskapa, men når sant skal seiast, var det helst liten konkurranse; fraktebåtane tok/fekk slik last som ikkje høvde så bra for rutebåtane. 

Dessutan kunne dei hente varene beinveges frå lagerbuene på hamna i Bergen og på Askøy, og såleis frakte gods billegare enn t.d. Fylkesbåtane. 

Handelsmennene på si side såg gjerne på det dei sparte i fraktutgifter når dei nytta dei private fartøya. 


"SOGNNES". Eigarar: Brørne Sognnes. 

Interessa for denne fraktefarten var stor, spesielt i Gulen. I Eivindvik såg ein kutteren ”Sognnes”, eigd av to brør med same namn. 

Brørne Vatnøy, i lag med Ola Vatnøy, hadde den store kutteren ”Hisarøy”, og Henrik Haveland hadde motorbåten ”Havblink”, seinare omdøypt til M/B ”Haveland”. 

Handelsmann Sigurd Ellingsen på Dalsøyra hadde sin båt ”Svanen”, og Torkel Dingen i Dingja hadde i tur og orden ”Ruby”, ”Tording” og ”Ragnvald”. 

Ein av dei største fraktebåtane i Gulen var "Tingavåg" frå Dingja. Det var brørne Gerhard og Erling Dingen som var eigarar. Dei bygde denne prektige skuta på eiga bedding i Dingja. 

På Furnes hadde brørne Kalheim båten ”Sandholm”, og på Mjømna fraktebåten "Agtiv", eigd av Elvin Mjømen saman med Gustav Kversøy, Gjert Iversen og Alf Iversen. På Byrknes den store kutteren "Sandholm", eigar Lars Byrknes. 


"VATLØY". Eigar: Arthur Søreide.

Til bygdene Hjartholm, Breidvik, Rutledal og Brosvik sokna fleire båtar. ”Irma” er nemnd ovanfor. Henrik Brosvik og Lasse Søreide (far til Håkon) eigde ”Lerøy” i lag. 

Arthur Søreide selde sin part i nemnde ”Søreide” og kjøpte ”Vatløy”, som utanom fraktturar låg ved kai i Eivindvik, der Arthur budde. 

I unge år kjøpte Ingolf Kyrkjeøy, som voks opp i Øyna utafor Rutledal, den prektige båten ”Grindheimsvåg”. Båten blei mykje nytta til transport av laks i Sognefjorden. 

På Hjartholm var det fleire båtar. Bernhard Hjartholm eigde ”Bjørghild”, som bl.a. gjekk i rutefart mellom Høyanger og Ytre Sogn i mange år. Olai Hjartholm hadde to båtar, ”Hjartholm” og ”Hardangerfjord”. ”Olga” og "Sjømann I" tilhøyrde Håkon Hjartholm, medan ”Risnefjord” var namnet på skøyta til Ivar Hjartholm. 

Ver likevel merksam på at ikkje alle desse båtane var i drift på same tid. 


"AGTIV". Eigarar: Gustav Kversøy, Elvin Andersen, Gjert Iversen og Alf Iversen. 

Det utvikla seg ein kappestrid på mange felt, ikkje berre i leia. 

Konkurransen mellom dei mange fartøy-eigarane gjekk fullt så mykje på frakt av varer. Her dreia det seg om føring av saltlaster, fat med olje og andre tyngre varer. 

På ettervinteren og framover når bøndene streva med vårknipe, gjekk det på høylaster, for mange hadde for store buskapar i høve til foravlinga dei tok inn året før. 


"OLGA". Eigar: Håkon Hjartholm. 

Elles blei det ein del føring av tømmer til sagbruk og høvleri i distrikta. Om vinteren var sild den viktigaste lasta, men dessutan var det behov for transport av tønner og anna utstyr som fiskeflåten trong. 

Utover på 20- og 30 talet begynte behovet for sand å melde seg. Både i Austgulfjorden og Eidsfjorden hadde jordeigarar starta med sandtak, og kvaliteten på sand frå Gulen var god og dermed etterspurd. Tusenvis med hektoliter vart førde til Solund, øyane rundt Byrknes og til mottakarar langs leia til Bergen. 

Å laste sanden var ei tungt og komplisert arbeid. Både på Hantveit og Kløvtveit brukte dei vatn til transporten frå sandtaket og ned til siloen ved sjøen. 


"RISNEFJORD"(eks. Hisarøy) Eigar: Ivar Hjartholm. 

Frå siloen køyrde brørne Konrad og Ralf Hantveit sanden i trillebører fram til lasteplassen. 
Fraktekarane om bord i ”Irma” var alltid fulle av undring over dei krafttak desse karane tok. Seinare blei traller på skjener tekne i bruk, og denne transporten letta enormt på slitet. 
Om bord i fartøya var lossinga av sanden det tyngste arbeidet. Dei måtte sveive sanden opp or rommet med handemakt. I mange tilfelle blei vassbøtter nytta til å losse salt og sand. Vassbøttene gjekk gjerne på ”kinesisk vis” frå hand til hand, og lossemetoden kunne ha sine absolutte fordelar, bl.a skapte den humør og fellesskap. 


"BJØRGHILD". Eigar: Bernhard Hjartholm. 

Med 8 – 10 mann i rekkje frå rommet til bingen i bua til handelsmannen kunne 100 hektoliter salt lossast på nokre få timar. 

Effektivitet og rasjonalitet var omgrep som sette krav til arbeidsdagen; full bøtte i eine handa veksla med tom bøtte i den andre. 

Som sagt – det skapte miljø, og sjøfolka blei kjende med mange hjelpsame og artige menneske. 


Skøyte for lasting ved Kløvtveit sandtak. Namn på båt og eigar er ukjend. 

Liksom lagnaden til mange handelsmenn og butikkar blei prega av utviklinga innan landverts kommunikasjon, fekk også fraktebåtane sin nedtur ved at det kom vegar og dermed transport av varer til lands. Heldigvis er sjøfolk fleksible og tilpasningsdyktige. Ein god del av dei som på 60- og 70-talet jobba i fraktefarten, har funne sin plass i rekkja av pensjonistar eller dei har late seg omskolere til andre funksjonar. Eitt har dei felles, alle som jobba som mannskap om bord i fraktefartøy på 1900-talet : Dei har late etter seg ærefulle verv i arbeid og omsorg for ektefeller, born og nye generasjonar. 


"JOTOR" - ein av dei som framleis driv frakting på kysten. Eigar: Einar Sellevåg. 

Mot slutten av det 20. hundreåret kom ei ny tid med store omveltningar i fraktefarten. 

Fylkesbaatane (FSF) oppretta reine godsruter. Grossistane i Bergen byrja bringe varene fram til kundane sine med eigne bilar. Fraktebåtane mista dermed sin naturlege marknad. 

Ved å gå inn i faste frakte-avtalar med bedrifter som leverte plast, fiskeprodukt etc., greidde likevel nokre av båtane i Gulen å halde aktiviteten oppe. 


"SØREIDE" på veg ut byvågen. 
Dette bildet av "SØREIDE" på veg ut byvågen er teke 30. juli (årstal ukjend). 

Ein isbjørn på veg til Hamburg Zoologiske hage, braut seg ut av kassen under omlasting i Bergen frå hurtigruteskipet "Lofoten" til "Neptun". 

Isbjørnen spaserte innover Skoltegrunnskaia, la framlabbane på vindaugskarmen til tollkontoret og skremde vitet av tollarane. 

Sidan gjekk den tilbake til "Neptun", men fall over bord under forsøket på å entre båten. 

Politiet blei varsla, og med hundrevis av tilskodarar, bl.a. mange turistar, tok ein motorbåt opp jakta på isbjørnen som var komen nesten ut til Vågsbunnen før ein fekk ei lassolykkje om halsen og ei rundt den eine bakfoten på bjørnen. 

Den blei så taua ut til Skoltegrunnskaia der væpna politifolk og frivillege hadde fleire timars arbeid før bjørnen som brølte, skreik og slo om seg heile tida, var vel forvart i kassen. 

På biletet har den rasande bjørnen nett befridd seg frå kastenettet som blei kasta over hovudet på den. Nokre modige karar måtte fire seg ned i ein annan kasse for å få nettet skikkeleg over bjørnen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal