Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Trivelege grender mellom fjella
Forfatter: Sverre Wergeland
Publiseringsdato: 11.04.2004

Det var sterke folk som budde på fjellgardane Wergeland og Ynnesdal. Og sterke måtte dei vera, for at dei skulle klara seg. Særleg ille var det om vintrane med mykje snø. Det kunne gå lange tider dei ikkje kom fram med hestar. Då måtte folk sjølve gå på ski for å handle på Brekke og bera varene heim på ryggen. 


Grenda Wergeland. Foto: Sverre Wergeland. 

Det vert fortalt om Halvard Eirikson, som i førstinga på 1900-talet, gifta seg med ei gardstaus frå Ynnesdal, at han ein vinter gjekk med naboen til Brekke på ski og henta varer, for det meste mjøl. 

Halvard Eirikson gjekk frå Brekke til høgda på vegen over fjellet og bar opp femti kilo kvar gong, og så tok han hundre kilo på ryggen og rende på ski mot Ynnesdal. 

Gutane på fjellgardane drøymde nok om å kjøpa sin eigen gard. Men det måtte pengar til for å oppfylla slike draumar. 

Kastberg Ynnesdal som vart fødd på Ropehaugen, gjekk også med ein slik draum. 

For å skaffa kapital til garden han seinare kjøpte i Ynnesdal, reiste han to turar til USA. Første gongen var han der i åtte år, så i fire nye år. Då kunne han endeleg kjøpa garden, og i 1913 gifta seg med Alette Ivarsdotter frå Austgulen. Garden han kjøpte fekk han godt dyrka opp og alle gardshusa vart utbetra på beste vis. Ein bra stad å leva på. 


Ynnesdal - gardar som ligg ved det store Ynnesdalsvatnet. Foto: Ingolf Austgulen. 

Ved fjellgardane Wergeland og Ynnesdal har det vore busetnad frå 1600-talet. Det var fire gardsbruk i Ynnesdal og tre på Wergeland. Seinare vart det seks gardsbruk i Ynnesdal og fire på Wergeland. 

Men tida forandra seg, så i dag er det berre eit gardsbruk i Ynnesdal og to på Wergeland, der eigarane lever av gardsdrifta. Men alle eigarane held gardsbruka sine i fin stand i dag også. Nedom gardsbruka i Ynnesdal ligg eit tre kilometer langt vatn, og ved sørenden av det vart det bygt ein gardsplass i 1860-åra. 


Geitesti på Wergeland. 

Der vart bygd bustad og eit lite plassbruk ned namnet Ropehaug. Det var ikkje lett å ta seg fram i terrenget mot Ynnesdalen, så det måtte brukast båt for å koma fram. 

Eigedomen vart godt oppdyrka og hadde kyr, geit og sauer. Mjølkeleveranse hadde dei til og med år 2000, og var dei siste gardbrukarane i Ynnesdal som leverte mjølk. 

I gamle dagar var det dårleg vegsamband til desse fjellgardane. Den første tida var det berre oppbygd ein helleveg frå Brekke til Wergeland og Ynnesdal. Først i 1919 fekk dei fram vanleg køyreveg til Wergeland og i 1924 til Ynnesdal. Vegen hadde stor stigning med mange krappe svingar. Denne vegen ligg framleis som før, men er blitt utbetra for bil, buss og lastebilar. Den vart i slutten av sekstiåra knytt saman med veg til Masfjorden. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal