Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

     
Travle dagar med handel
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 04.10.2004

Utover på 1930-talet og fram til krigsåra, kom det mange butikkjenter til Oppdalsøyra. Flinke og godt likte var dei av folket i Austgulfjorden. Mange av dei vart buande i kommunen, fann sin ektemake; ja - opp mot 50 % hekta seg på ein guling medan dei var på Oppdalsøyra. 

I 1930-åra kom det ei utvikling der smørlag vart oppretta i distriktet. Smøret hadde i lange tider vore sendt til byen i ambarar og pakka i kassar godt merka med sendaren sitt namn. 

Austgulfjorden Smørlag vart lagt til Austgulen si forretning, noko som hadde ein verdi. Ved utbetaling for levert smør fekk ein betre styring med betaling av varer som vart omsett på kreditt. 

Det nye smørlaget påførde ekstra innsats for dei som dreiv butikken, og det vart mange ekstraturar med motorbåten frå Furenes p.g.a. dette. Vær og vind kunne lite takast omsyn til. 

For Austgulen hende det tragiske; sonen Ivar - 13 år var med på ein slik tur og fall over bord i Næverdalsosen og drukna. 


Smørbutter i returembalasje. 
I desse buttene blei smøret sendt med "Dampen" til Bergen, og kom tomme i retur.

Krigsåra 
Handelen på Oppdalsøyra held fram som før i krigsåra. Det var kamp om å få tak i alt det som folk trengte - ikkje minst bruksvarer som sko, klesvarer og utstyr som reiskap m.m. 

I 1944 starta underskrivne som styrar av landhandelen og smørlaget på Oppdalsøyra. I eit landskap med fjell i alle retningar, og heller lite som skjedde på fjorden som motordur, slik eg var vant med i Brandangersundet. 

Endå ikkje fylt 20 år fekk eg stort ansvar - ikkje minst med alt smøret som vart motteke i butikken. Dette skulle sorterast etter konsistens, farge og smak, eltast og pakkast i store kartongar. Sterk kvalitets-kontroll var innlagt ved sentralen i Bergen. Det gjekk bra; god hjelp med eltinga fekk eg av mine vener i seine kveldstimar. Det vart brukt hand-drevne eltemaskiner i dette arbeidet i den tida. 

Bondesamfunnet inne i fjorden var interessant; det var lite diskusjonar om motorbåtar og fart slik eg var vant med. Det var snakk om feittprosent i mjølka, - og ikkje minst gjekk praten om dei fine hestane dei hadde. Utstillinga av hestar og andre dyr fekk dei ordna med også, eit arrangement som var lagt på Oppdalsøyra tett ved forretningane. 

Så kom elektrikken 
Det var stor stas og det var fest då folket i fjorden fekk elektrisk straum. Den skapte også oppsving i handelen ved at så mange arbeidsfolk på ulike anlegg jobba og budde rundt på gardane. Ikkje minst gjekk det unna på brød og påleggsvarer. 

Ein ny marknad melde seg, nemleg elektrisk utstyr - alt ein hadde bruk for av slikt utstyr i ein heim, måtte skaffast - kanskje særleg komfyrar som Elektra, Grepa og Pyrox og kokeplater, varmeomnar, lampar, leidningar etc. etc. 

Eg greidde å skaffe gode kontaktar i byen, fann mange opningar for å få tak i det folk bad meg om. 

Med litt bondesmør og/eller nokre lammelår i bagasjen gjekk det fint med kjøp hos både kjende og mindre kjende forhandlarar av elektriske varer. 

Dette var ikkje "svart handel", men ei form for smøring må eg nok vedgå at det var. I alle fall gjorde eg dette med godt samvet. Eg var stolt når det i vinsjen på "Værøy" kom kolli med elektrisk utstyr. 

Mine byturar gav meg heldigvis ikkje redsle av noko slag, trass bombing og alt anna skremmande i Bergen på den tid. Den generelle rasjoneringsordninga på dei fleste varer den gongen var eit slit for både forretningsdrivande og kundar. Men på matsida leid nok ingen naud i Austgulfjorden; vi hadde godt smør, kjøt, gammalost og elles det meste av det vi hadde lyst på og var vane med å ete. 


Båt ved kaia ein sundag på Oppdalsøyra, tidleg i 60-åra ? 
Bilde utlånt av Oddbjørn Oppdal. Fotograf ukjent. 

 
Lettare transport langs landevegen 
I tillegg til drifta av butikken og smørlaget vart det kjøpt ein lastebil til nytte og utvikling i fjorden. Løyve frå kommune og fylke vart tildelt meg for all den transport og kunne skaffe. 

Vi hadde ikkje vegutløysing då, så farten gjekk på dei 13 km med køyrande veg som fanst langs Austgulfjorden og utover til Hauge. Det blei ein god del køyring med og på den første lastebilen i fjorden. 

I året 1947 venta militærteneste, og eg drog frå Oppdalsøyra. Butikken, saman med smørlaget, vart leigd bort. Hjalmar Thunem frå Fiskåbygd på Møre var den som kom til Oppdalsøyra og fortsette drifta 1947 til 1951. 
 

Då kom Thor Eide frå Eidsbotn, og det vart langt større aktivitet. Han var godt kjend med dei lokale forhold på alle felt, og hadde dei rette eigenskapane som handelsmann. Han var driftig, hadde eigen lastebil og tok den transporten som baud seg i fjorden. Til og med så langt til fjells som Kjellby dekka han med transport når det røynde på. Det var ikkje ufarlege svingar oppe i Krossvoll-liane, men det gjekk bra. 

På butikken hadde han syster si, Ingebjørg; ei butikkdame kundane sette stor pris på. Då han så i 1954 bestemte seg for å dra til Svalbard for ein periode, vart forretninga med smørlaget overteke av Mikael Wesetvik. Austgulen hadde då fått dårleg helse, så det var naturleg at Wesetvik tok over, og han fekk dermed eit større og betre kundegrunnlag. 

 
Isen - ei plage 
Isen, ja, den var til stor plage for dei som budde her inne i fjorden. Veg var det ikkje lengre ut enn til Oppdalsøyra. Og på Sandalsnes var det inga brygge. 

Fjorden var heilt avstengd når rutebåtane ikkje greidde å bryta seg inn til Oppdalsøyra, og det hende nokre gonger det. Sist var vinteren 1945-46. Då vart isen så tjukk at båten berre kom seg rett inn forbi Levresundet. 

Lasting og lossing måtte gå føre seg ved iskanten. Dit drog ein med hest og slede, og folk gjekk på ski eller skeiser. Isen låg så lenge den vinteren at bygda kalla ut alle mann over 15 år for å saga ei råk til rutebåten. Eit par dagar heldt dei på med dette, og stoda betra seg noko. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal