Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

           
Haveland Landhandel
Forfatter: Hildur Haveland Nilsen
Publiseringsdato: 25.04.2004

Haveland hadde gjennom mange tiår to forretningar. Saman med meieriet på kaia var dette kimen til eit aktivt miljø på kaia. Gardane Tveit og Nordgulen, som hadde store, veldrivne gardsbruk, skapte saman med anleggsdrifta på riksvegen Rutledal-Halsvik, kundegrunnlag for dei to brørne Henrik og Elling Haveland, som begge dreiv forretning på kaia. 

Rutebåtane til FSF (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane), byrja å trafikkera på Haveland i 1910, og som så mange andre stader rundt om i fjordane våre, vart rutebåten borda på fjorden. Men i 1918 vart det bygd dampskipskai og veg fram til denne. Den første kaien var laga av tre; seinare vart denne erstatta av ein 26 meter lang betongkai. 


Rutebåtkaia og butikken til Elling Haveland. 
  

Elling Haveland fekk jobben som ekspeditør for båten, same året som han starta Haveland Landhandel i 1918. 

Året etter gifta han seg med Gjertrud Undertun og dei fekk første barnet Solveig i 1920. Etter kvart kom der fleire barn til, åtte i alt, seks jenter og to gutar. Alle måtte hjelpa til på butikken, på garden og med telegrafen. Eine dottera, Hildur Haveland Nilsen, fortel: 

”Mor dreiv telegrafstasjon som låg vegg i vegg med stova vår. Derifrå formidla ho samtalar, sendte og tok imot telegram. Desse måtte vi barna springa ut med til mottakarane. Far var meir enn ein handelsmann, småbrukar og dampskipsekspeditør. Han var også smed, snikkar og hjulmakar, og skomakar for heile familien. 

I tillegg til alt arbeidet med båtanløpa, måtte han òg tenna fyrlykta på Myreneset. Båten kom nemleg om natta to gonger i veka - fem dagar kom den om kvelden”. 

Elling og Gjertrud Haveland

”Vi opna butikken klokka 8.30 om morgonen. Då kom bøndene med mjølk til Nordgulen meieri. Nokon kom med hest og kjerre, andre bar mjølka på ryggen. Deretter kom dei for å handla. 

Butikken hadde alt som skulle til i den daglege hushaldninga og ein del anna som kunstgjødsel og dyrefôr. 

Nesten alle handla på bok som vart gjort opp ein gong i månaden…..vel….nesten då! Klokka 12 stengte vi butikken. Då var det middagstid og andre gjeremål på garden. 

Klokka 19 opna butikken att for kvelden, for då var det på nytt meieritid. Folk kom for å handla - men det var også dei som rett og slett kom for å prata. Alt frå politikk til daglege ting var diskutert, og det var sosialt. Klokka kunne bli både ti og elleve før vi stengte. 
 

Laurdagskvelden var høgdepunktet. Då kom båten frå Bergen. Det var fullt med folk på kaia, og alle måtte få med seg kven som kom heim med kjærasten for første gong. Elling stod ved landgangen og ønskte alle velkomne heim. Båten hadde også med brød frå Martens i Bergen, mange gode kaker, skillingsbollar, franskbrød og vørterbrød. Nokre kommentarar og uttrykk som Hildur Haveland Nilsen seier ho aldri gløymer: 

”Du Elling, kan eg få ei flaske brus og ei rue, og så må eg ha ei øskje snus og Blue Master sigarettar”. Nokre bad om vørterøl. 
Elling gjekk på bakrommet og henta øl. Det var veldig viktig at etiketten ikkje var synleg. 

Hildur Haveland Nilsen

Under krigen og ei stund etter var det lite varer. Rasjoneringskort måtte alle ha til det meste. 

”Det eg hugsar godt når krigen var over var dei gode sjokoladekaramellane frå Minde for fem øre stykket. I krigsåra hadde vi ikkje fått verken appelsinner eller bananar - det vart berre med songen: ”Når det kommer en båt med bananer, da……” Kan enno hugsa smaken av appelsin som vi fekk til jul etter krigen. 
 

Då krigen var slutt, var eg åtte år gamal. Eg var i full jobb i butikken, der eg lærte å vega og måla, lenge før vi lærte dette på skulen.” 

Det vart bygd veg frå Haveland til Rutledal under krigen, for at tyskarane skulle ha samband til festningsanlegget i Rutledal og vidare innover i Sogn. I 1955 overtok sonen Henrik Haveland forretninga og dreiv den ved sida av garddrifta. Han moderniserte butikken og fekk støypt ny kai. 

Vareutvalet vart betre. Agentane kom med eigne båtar frå Bergen og tok opp bestilling. Endå følgde mange fine år. ”Vi merka at folk fekk betre råd, slik at også handelen gjekk betre”, fortel Hildur Haveland Nilsen. 

Så starta arbeidet med vegforbindelse sørover mot Bergen. Då var det mange anleggsarbeidarar som budde på Haveland og dei møttest gjerne på butikken om kveldane. Etter kvart var vegen ferdig og folk reiste med bil til andre stader for å handle. Det vart slutten på landhandelen på kaien på Haveland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal