Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

         
Næss Landhandel
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 05.09.2004

Ole Andersson Næss, fødd i Hyllestad i 1868, kom til Brekke i 1903 og kjøpte seg tomt for bustad og forretningsbygg. Han var gift med Sofie Larsdotter Førsund, fødd i 1876 i Kyrkjebø. 

Sonen. Leidulf Næss, overtok seinare forretningseigedommen og drifta. Han var på den tid ein svært drivande handelsmann i bygda. Han fekk bygt seg eiga bryggje for lossing og lasting av varer han trengde i handelen. For at båtane skulle kunne legge til kai, måtte han byggje ein lang pir utover til det var brukbar djupne for båtane. 


Sjøbua til handelsmann Næss. Framfor ser ein litt av kaipiren. I bakgrunnen forretningsbygget frå 1980. 
Foto: Odd Næss. 
  

Båtane som kom til kaianlegget hans dei første åra, var "Stanley", ein av dei mange private som opererte i Sogn og Sunnfjord i konkurranse med Fylkesbaatane. Seinare overtok FSF, og då var det hovudsakleg lastebåten "Årdal" som la til der. 

Ei solid sjøbu var til god nytte når varene skulle til og frå handelsstaden, men frå sjøbua og opp til forretninga var det brattlendt og slitsamt å få varene i hus. 

Det blei mange tunge tak med varetransporten opp til butikken den første tida inntil det kom bil til gards. Slit var det også på den lange piren utover fjæra. 


Ein liten rest av kaipiren. 
  

Odd Næss, son til Leidulf, har mange minner om dette slitet med varetransporten frå båten til sjøbua og siste etappe opp til butikken. Han hugsar også at han slo meir enn ein stor spikar i den lange bryggja for å halde henne i brukbar stand. 

I 1980 byrja familien Næss å føre opp eit meir moderne forretningsbygg nær hovudvegen. Harald Næss, son til Leidulf, overtok nå drifta. Men etter nokre år blei forretninga avvikla, og lokala leigde bort til andre føremål. 

Wergeland Elektro er nå eigar av bygget. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal