Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

    
Oppdalsøyra - der folket i fjorden møtast
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.02.2004 19:30

Mikal Wesetvik var fødd i Vesetvik i 1900. Faren var fiskar, hadde eige notbruk og var blant dei mest kjende i samband med sildefiske i Byrknesøyane og ute i Solund. Mikal valde bort sjøen, gjekk handelsskule med tanke på å skaffe seg eiga forretning. 

Mange bygder i kommunen hadde ikkje fått sin handelsmann på den tid, så der var håp om å få til noko. Han var trulova med Ida Opdal, fødd i 1900 på Oppdalsøyra, og då far hennar kom med tilbod om å få overta passande forretningstomt på fleire mål nede på øyra-området, var det berre å slå til. Eit høveleg forretningsbygg kom opp, og snart var kundane på plass og handelen i gang. 


Oppdalsøyra og gardane Opdal. Butikkar og bensinstasjon nærast sjøen.

På same tid fekk Ingvald Austgulen, fødd og oppvaksen i Austgulfjorden, innreidd butikk i bustadhuset til Hans Opdal, naboen til Ivar Opdal. 

Dermed var der alt frå 1925 to butikkar på Oppdalsøyra., der folket rundt fjorden tidlegare hadde måtta reise til Nyborg (Guløy) eller Eivindvik for å handle forbruksvarene og elles det dei måtte ha bruk for. 
Austgulen måtte ganske snart vurdere flytting av butikken ned på ”flatlandet” for å bli konkurransedyktig. 

På den måten kom det opp to ”småmagasin” godt oppfylte med litt av kvart, - og noko attåt fanst også på sjøbuene deira. 

Handelsmenn var gjerne ”stå-på”-typar, optimistiske av legning, og når dei begge hadde filialdrift – Wesetvik på Nyhamar og Austgulen på Furenes der dei var busett – blei det jamnast eit godt tillitsforhold dei to imellom. Heilt fram til 1953 var begge forretningane på Oppdalsøyra i drift. 

Kjøpekrafta hos folk i Austgulfjorden var god; der var dyktige bønder som leverte førsteklasses produkt både til smørlaget og meieriet, som seinare vart etablert i bygda på slutten av 50-talet. Ein kunne spesielt registrere at der var sterk konkurranse om å ha dei beste mjølkekyrne og dei sprekaste hestane. 

Mellom 1950 og -53 blei forretninga til Austgulen leigd bort til Thor Eide frå Eidsbotn, og i lag med systra si, Ingebjørg, dreiv han handel parallelt med lastebilkjøring i fjorden. Så – i 1953 ville Eide ta seg ein periode på Svalbard. På same tid vart helsa til Austgulen svekka, og han fann at vidare drift på Oppdalsøyra ikkje var realistisk. Mikal Wesetvik fekk difor tilbod om å overta forretningsbygg med butikken og tomta som høyrde til. Overdraginga gjekk greit, og Wesetvik kjøpte samstundes lastebilen til Eide. 

Det vart nå eit langt betre kundegrunnlag for handel i bygda, noko som passa til utviklinga i tida. Større innkjøp gav betre driftsvilkår til beste for kundane og den forretningsdrivande. Etter nokre år fann Wesetvik grunn til å satse på større butikklokale, som ville gi kundane eit langt rikare varetilbod. I 1965 sette han opp eit tidsmessig forretningsbygg godt plassert nær hovudvegen. 


Forretningsbygget til Magne Wesetvik. 

Magne Wesetvik, sonen - fødd 1938, hadde på den tid stilling nær Oslo. Han fekk nå eit vanskeleg val; skulle han dra attende til Oppdalsøyra og halde oppe familiebedrifta ? Faren trong og ønskte avløysing. 

Kommunen var på den tid inne i ei rik utvikling; bygda fekk vegutløysing i 1964, bilar kom på vegane m.m. 

Alt var så mykje enklare enn då Magne voks opp og var med i butikkarbeidet i unge år. 

Han valde å dra attende til heimkommunen i 1970, moderniserte butikken og fekk seinare bensinstasjon til staden. Han var gift med Gerd Gundersen (f.1939). 

Ved sida av forretningsdrifta på Oppdalsøyra tok Magne Wesetvik imot tilbod frå John Kjellevold på Dalsøyra om leige og drift av butikken der, etter at Oddmund Sandnes, som hadde drive butikken, fall frå i 1975. 

Magne satsa i stor grad på sjølvbetening, noko som slo godt an, men etter fire år fann han og kona ut at det blei for travelt med to forretningar. Å drive butikk i den tida gjekk mykje på å bringe varene heim til kundane, og ikkje lite av dette arbeidet måtte gjerast etter ordinær arbeidstid. Forretningsdrifta på Dalsøyra blei overtatt av to kvinner der ifrå, og Wesetvik satsa for fullt vidare med forretninga på Oppdalsøyra. 

Ved sida av butikkarbeidet kom Wesetvik med i kommunepolitikken og møtte fast for Høgre i fleire periodar. Gerd, kona hans, har i alle år vore hans faste og beste medarbeidar i forretninga, eit samarbeid som har lagt grunnlag for at forretninga framleis blomstrar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal