Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

    
Det var på "Øyra" det skjedde
Forfatter: Edith Virkesdal Åsmul
Publiseringsdato: 23.04.2004

Edith Åsmul Virkesdal frå Dalsbygda minnest korleis det var å gå til Dalsøyra for å handle i sin barndom, og spesielt i dei fem krigsåra som fall saman med hennar viktige ungdomstid. År som hemma framtidsplanar og delvis stengde for utdanning. 


Nerdal, Halland, Slengesol, Dale og Virkesdal i framgrunnen. Foto: Erling Virkesdal fotosamling. 

I 1912 vart det bygt dampskipskai på Dalsøyra. Rutebåt og dampskipskai med alt det som knytte seg til dette: butikk, post, og meieri var viktig i utviklinga av gardane omkring, og for Dalsbygda, 3 km opp i dalen, til øvre og nedrebygda, Halland, Nordal, Slengesol, Nerdal, Dale og Virkesdal; 20 tun. 

Me var langt på veg sjølvhjelpne med matvarer av eigen produksjon på garden. Mjølkeproduksjonen var viktigaste 
inntektskjelda; sal av kjøt, poteter og grønsaker og litt ved innimellom gav god attåtnæring. 

Om hausten hadde me borna ei heilt lita privat inntekt; me plukka blåbær og selde på ”Ellingsbutikkjen”, - og var dei heilt fri for rusk, fekk me 10 øre kiloet. 

MEIERIET 

Meieriet låg som nemnd på Dalsøyra, nær kai, for vidaresending med båt til Bergen, og mjølka vart levert til meieriet kvar dag. 

Mjølkekøyraren var viktig bindeledd mellom Dalsbygda og Øyra; ikkje berre for mjølkelevering, men i travle tider og for å få med varer frå butikken. Då skreiv vi lapp og sende med mjølkekøyraren, men kunne me gnåle oss til å få ”sitte på” til Dalsøyra, var det svært gildt. Det var trangt i kjerra mellom 50 – literspanna og eitt og anna ”kårspann” for dei som leverte ”kårmjølk”, men fekk me lov heime, fann saktens kusken ein plass mellom spanna eller på fanget. 

Mjølkekøyraren hjelpte meierska med innveginga av mjølka og tømming over i andre spann for kjøling og sending til Bergen. Dette var nok to-mannsjobb. I 1930 var mjølkeprisen 11 øre. Seinare vart det oppgjør etter fettprosent, feitaste mjølka var best betalt. 

Edith Virkesdal Åsmul 

EIN TUR PÅ BUTIKKEN 
Med huskelappen og kanskje nokre varme ører i handa bar det på butikken. Ein disk delte lokalet og laga eit klårt skilje mellom kunde og betjening. 
Framsida på disken var glatt, men baksida var utstyrt med skuffer der varer av ymse slag var plassert. Rosiner, svisker, gryn, mjøl og kaffi, - ei lita skuffe til snus, røyketobakk, skråtobakk, store og små rullar som inneheldt lange og tjukke trådar, fint oppkveila til ein firkanta rull. Skråtobakken vart og selt i smått, så og så mange cm. for 10 øre! 

Så var det godterihylla då! Kandis, lakrisrullar med drops i midten, fargerike drops i krukker! Me fekk ein full ”kremmarhuspose” kandis for fem øre. 
Sinkbøtter, kloggar, tresko, kostar, potte, verkty og krusety, og syltetykrukker med øyrer. Martensbrød i kassar, skillingsbollar og tebrød frå byen. 

Vekta stod på disken og var flittig brukt; det var vel berre margarinen som var ferdigpakka; mest alle varer var i ”laus vekt.” 
Sirupsfata var store eike- eller bøkefat som vog opptil 300 kg. Karsverk å få på plass, oversikteleg og sentralt plassert. Sirup var det vanlegaste pålegget og vart tappa i spann me hadde med oss. 

Kjappe Torbjørg tok seg av lappen. Rask, smilande og vennleg som ho alltid var, var det triveleg å handle på ”Kjellevoldsbutikken” 

Elegant, kjapt og pratande vog ho opp; kaffibaunenen, sukkeret eller kva det var som stod på lappen; blikket vekslande mellom vekta og sirupsfatet; trist om sirupen rann over. Varene vart notert på bok og betalt når mjølkeoppgjeret kom frå meieriet. 

Det var ein benk innanfor døra for kundane i ventetida. Der gjekk praten livleg, - kanskje var det ein observasjonsbenk, - ein plass å slå seg ned, kikke på folket, frette nytt. 

Julehandelen var eit eventyr, handlelista lang og innhaldsrik. Han far sjølv spente for kjerre eller slede; det hende at hesten hadde bjølle på dersom det var sledeføre. Appelsiner, nøtter, rosiner, svisker, julemenner, varer som elles i året ikkje var i vanleg hushald. 

Me ungane fekk nokre kroner til å kljøpa julegåve for, -- eggeglas til far og mor, blyant med viskelær i enden, valet var vanskeleg og ørene få, og så skulle gåva vera hemmeleg. Då kom det vel med hjelp frå ei hyggeleg butikkgjente. 

Fòrvarer og mjøl til hushaldet vart kjøpt i sekker, så det var det bonden sjølv som stod for. Havregryn var og forbruksvarer, og kom gjerne frå Gjølanger Mølle. 

Fisk og sild kom gjerne som bytevarer for poteter frå Solund. 

ALT FOR EIN SKILLINGSBOLLE 
Eg minnast skillingsbollen som noko fantastisk godt. Var vi så ”heldige” at det var tomt for brød når mange munnar var morgonmetta før skulegang, (ja, det hende vel at me åt i meste laget for at det nettopp skulle bli tomt!); ja, då fekk me ein femøring til skillingsbolle. Storefriminuttet rakk til det, å springa ned på butikkjen. Saktens kunne dessse bollane vera nokre dagar gamle, men gooode var dei. Springande og etande på skillingsbollen nådde me skulestova i rett tid. 

Skulle me senda kjære husdyr til slakt, ja, så måtte me leie dyret dei 3 km; gjerne på hålke- føre, ned til dampen. Dyret likte slett ikkje å bli teken i sele og heist om bord i båten med vinsjen og plasserte i lasterommet. 

Venta me grisungar, så kom dei og med båten; frå Vik, -og gjerne fleire i slengen. Dei vart fordelte på Dalsøyra til mottakarane. Og til gards kom dei, lyseraude og grylande i ein striesekk med høyrusk i, på ryggen til far. Desse yndige små fekk godt stell og vart til julemat. 


Storbrullaup på Dalsøyra. Krunebrur Edith Virkesdal og brudgom Jostein Åsmul klar for ombordstigning på veg til Gulen kyrkje. 

” DET VAR PÅ ØYRA DET SKJEDDE” 
Det ”å gå på Dalsøyra” var ein kjærkomen avveksling i kvardagen; det var liksom der det skjedde. 

Der møttest folket, mjølkekøyraren, dei som skulle handle, dei som var budsende til rikstelefon, dei som skulle vera med ”Rappen” til Eivindvik til doktor, lensmann, skreddar eller prest; konfirmantane til konfirmasjonsførebuing; dei som skulle hente posten, og han som skulle henta jordmora. 

Om laurdagskvelden var det vanleg ”å gå til dampen”, båt frå byn`. Kven kom frå byn`, kven reiste? Kom nokon heim med 
kjæresten sin? 
Soleis møttest ungdomen, ”slettingane” og ”bygdingane”. 

Båten for si leid; butikkane vart opna kort tid slik at nokon fekk kjøpt seg ferskt brød. Posten vart råsortert; kanskje kom det eit kjærastebrev.Det var rusling og flørting, og så vart det som regel ei råd med ein svingom på kaia. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal