Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
E. Sellevåg på Ånneland
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.04.2004

Den første handelsmannen på Ånneland var Elias Sellevåg fødd i 1902 på Sæternes. Han var gift med Olufine Malene Merkesdal fødd i 1909 på Fivelsdal. Sellevåg såg at det var stort behov for ei forretning på Ånneland, der mor hans kom ifrå. 

Han fekk støtte for dette av ein onkel, Gjert Jensson Unneland, og det vart snart ordna med ein passande tomt til butikk og bustad for familien Sellevåg. 

Eit bygg kom opp, og det vart flytta inn i 1925. I første høgda var det då butikk, mens familien flytta inn oppe. Folket på Ånneland sette stor pris på tiltaket – dei var høveleg leie av å ro til Skjejehamn for å skaffe seg alle forbruksvarer og andre ting dei hadde bruk for. Motor i båtane sine fekk folk først montert seinare – først i 30-åra. 


Ånneland sett frå sjøen. Foto: Sverre Unneland. 

Fylkesbaatane hadde sine faste ruter gjennom Ånnelandssundet – og Ånneland vart teke opp med stopp for bording med båt ute i sundet. 

Bygda hadde for så vidt lenge hatt stopp ved at båten vart borda ute i sundet. Ekspeditør var Johan Unneland, og han stod for denne tenesta i svært mange år ( 1920 – 1942) og gjorde ein fantastisk jobb . 

Det var mykje nattruter som skulle bordast til og frå Bergen, og det var sjeldan at rutebåten var presis etter oppsette ruter.”Gula” og ”Framnes” var dei mest kjende og brukte båtane i denne ruta, men etter kvart kom båtane ”Nesøy” og ”Værøy” m.fl. inn i denne farten. 

Handelsmann Sellevåg fann å måtte byggje eiga bryggje for å kunne få andre frakte- og rutebåtar til å stoppe på Ånneland. Det vart for slitsamt å ta varene med bordingsbåten og vidare opp til forretninga. Ei ”tjuarute” slik folk kalla henne, vart kontakta, og snart hadde Ånneland stopp av båtane ”Rapid” og ”Åfjord” – båtar som alt hadde mange småstader å frakte varer til nordover og innover i fylket. Etter dette vart det så mykje lettare å drive handelen på Ånneland. 

Likevel måtte det leggjast opp for ei utvikling med større butikklokale, og Sellevåg var heldig og fekk kjøpe eit område på Rovdegjerdet, der det tidlegare hadde vorte tørka fisk på dei store berga. Plassen passa godt til kaibygg for større båtar, sameleis tomt for større forretningsbygg. 

I 1942 var rutebåtkaia bygd, og Fylkesbaatane la til med Sellevåg som ekspeditør. Året etter stod eit prektig bygg ferdig på kai-området. Bygget var i tre etasjar, i tredje høgda vart det innreidd rom for utleige, passande for ferierande, byfolk bl.a. 
Butikken var naturlegvis i første etasje med lett tilgang frå kaia. 


Båtekspeditør Johan Unneland brukte sjøhuset til post- og vareutdeling. 

Ånneland vart i nokre år nytta som stoppestad for ekspress-ruta til Solund, og her frå var det lagt inn korrespondanse med lokalruter til andre stader i Gulen. Dette var før brusambandet utover i øyande blei ein realitet. Etter det vart Mjømna staden der båt- og busskorrespondanse føregjekk. Etter at ferjeleiet i Skipavik kom med på ruta Sløvåg – Leirvåg, har øysamfunna i Gulen fått daglege bil-og bussruter. 

Den nye vegen frå sandebygda og nordover Sandøy ga handelstaden på Ånneland eit langt større kundegrunnlag. 

Dotter til Elias Sellevåg, Laila, overtok drifta etter ei tid. Ho er gift med Harald Haufe frå Tyskland. Ved sida av forretningsdrifta etablerte han seg med drosje og skulerutekøyring på Sandøy. Denne køyringa er seinare utvida til også å omfatte Mjømna og Byrknesøy. 

Forretninga på Ånneland er lagt ned. Lokala er bygde om , og blir nå brukte til utleige for feriefolk. Dei fleste som ferierar her, kjem frå Tyskland, og dei har naturleg nok funne området både vakkert og attraktivt, ikkje minst med tanke på alle dei gode fiskeplassane i og rundt Ånnelandssundet. 

ÅNNELAND...eit triveleg grendesamfunn på Sandøy 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal