Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

 
Byrknes ... i sentrum der gamalt og nytt møtast
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 03.04.2004

Nils Karlsen Birknes, fødd 1846, tok i 1883 til med handel i ei sjøbua i Barvågen som var påbygd med ein etasje. Før den tid hadde Byrknesfolket handla sine varer på Børholmen og på Skjerjehamn. I førstninga måtte han hente alle varer med ro- eller seglbåtar frå Skjerjehamn. 


Sjøbuene i Barvågen. Her starta handelen året 1883.

Reisa den lange vegen var eit slit mange gonger. At turane også kunne vere tøffe viser historia om korleis namnet Julebrødskjæret vart til. Nils Bjørknes fortel det slik: Det var sørleg vind, og for å nytte landlivda rodde han Søre Grimesundet og austom Gladholmen. I det han svinga sør forbi ytste skjæret på sørsida av Garvågen, har båten fått slagside og ein kasse med julebrød har glidd på sjøen Denne hamna på holmen, som sidan vart kalla Julebrødskjæret. 

Han fortel vidare at han minnast tre av båtane til sin farfar -ein Nordfjord-færing, ein Nordfjord-seksring og ein Oselvar-færing. Han hadde og to storbåtar frå den tida han dreiv fiske - og desse vart også brukt i enkelte høve. 

Så kom det fart i båtrutene på Nordhordland, og øyfolket fekk stoppestad på Byrknes. Men framleis måtte handelsmannen i Barvågen hente dei fleste varene sine med båt frå Nesevågen. 


Bustad og forretningsbygget oppført 1934 - Vilhelm Bjørknes. Foto: Nils Bjørknes.

Vilhelm Nilsen Bjørknes tok over handelen etter far sin rundt 1920. Han blei gift med Kristine Marie Einebærholm, og dei fekk 12 born. Ekteparet dreiv gardsbruk parallelt med landhandelen, og elles er Vilhelm Bjørknes landskjend som kunstmålar. I unge år gjekk han målarskole hos Henrik Asor Hansen i Bergen (danske som budde i Bergen frå 1898) og kom i kontakt med Mons Breivik – ein annan stor kunstnar frå Gulen. 


Vilhelm Bjørknes - kunstmaler.

Vilhelm Bjørknes har laga godt over 100 vakre tavler til kyrkjer og bedehus landet over, og endå hadde han tid til å vere medlem av forliksrådet, skulestyret og dessutan vald inn i kommunestyret. 
Landhandelen var ei familiebedrift, og Vilhelm Bjørknes sette opp privat telefonlinje kring 1923, kjøpte brukt motorbåt til varetransporten, bygde om ishuset faren hadde bygd opp, og fornya laksemottaket med levering til Follesø & Sønner i Bergen. 

Frå gardbrukarane tok han imot smør til smørlaget. Då bygdevegen var ferdig i 1929, melde tanken seg om å flytte handelen til vegkrysset. Han bygde seg ny bustad i 1934 med plass til butikken i kjellaren. 


Konrad Bjørknes 

Huset leigde han ut til Bernhard Rutledal, som var skulelærar på Byrknes og Sørøyane. Under krigen okkuperte tyskarane huset, men landhandelen heldt fram i kjellaren. 

I 1954 overtok yngste son til V. Bjørknes, Konrad Bjørknes, forretninga. Han brukte hest og kjerre til varetransporten inntil han kjøpte seg ei varevogn i 1966. Etter kvart vart Konrad åleine om å drive forretning på Byrknes. Han bygde seg då ny butikk på andre sida av vegen, og dreiv der til han døydde i 1991. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal