Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

    
Sæternes Landhandel 
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 16.08.2004

Handelen på Sæternes starta i 1927 - og vart avvikla i 1943. Det var svært viktig for Torkjel Sellevåg f. 1873 å få rutebåt til å stoppe på Sæternes der han budde. 

Torkjel Sellevåg var verksmeister i Bergen Treskofabrikk i Sellevåg - og eit av dei beste markeda for tresko var i eige fylke nordover kysten og i Sogn. 


Rutebåten "LÆRDAL" ved Sæternes kai. 
   

I slutten av 20-åra fekk han eigarane av fraktebåten "LEONARD" - på folkemunne kalla "ODLA" til å ta Sæternes med i sine ruter. Det var brørne Oscar og Harald Leirvåg frå Austrheim som dreiv denne ruta i Sognefylket. Båten hadde også avtale om å stogge på Lid når det melde seg last der - frå eller til. 

Etter nokre år investerte brørne Leirvåg i ein ny båt "SANDØY", langt større og prektig båt for last og passasjerar. Dei kom så i forhandlingar med Fylkesbaatane - som fann tida inne til å kjøpe båten og gå i samarbeid om rutefarten. 

Båtane "SANDØY" og "LÆRDAL" til F.S.F. utførde etter dette ruta på Sæternes. 

Oline Sæternes (dotter til Torkjel) styrde forretninga på Sæternes - til ho etter nokre år gifte seg og flytta til Søre Aukra. 


Rutebåten "SANDØY". 
  

Joachim Sellevåg (son til Torkjel) overtok leiinga av treskofabrikken i Sellevåg og bygde seg bustadhus der. 

Båtruta til Sæternes vart lagd ned. Sendingane av tresko vart frå den tid utførd med eigen motorbåt til Skjerjehamn og Furenes for vidare sending. Produksjonen av tresko tok slutt i 1960-åra. 

På Furenes var det Bergen Nordhordland Trafikklag som traffikerte, og området Nordhordland til Bergen vart på den måten dekka. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal