Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

      
Handelsmann Olav Sognefest
Forfatter: Gunnar Sognefest/Olaug Sognefest
Publiseringsdato: 27.09.2004

Utanom dei busette i Sygnefestkrinsen, hadde vi kundar frå Dingja, Losna, Brosvik og Rutle. Av og til også frå Solund, og så var det sjølvsagt ein del trafikk med båtar som stogga, for å fylla olje og handla andre ting. 

Kundar frå dei andre krinsane kom til vanleg roande. To eller fleire grannar slo seg saman og tok ut på handel i ein færing. Kundar frå Losna sette gjerne segl når det var fin havgula om sommaren. Vinterstid og i ruskeversperiodar vart det oftast sendt varer med rutebåten. 


Frå v. Olaug, Hildur, Ragnhild, Inger, Jostein og Olav Sognefest. 
I bakgrunnen det nye huset som vart oppført i 1975. Sagbruk er sett opp der gamlehuset stod. 

 
Eg minnest med glede desse trauste kundane som kom roande slik. Dei hadde alltid ei liste over det dei ville kjøpa. Denne lista fekk du på disken, og medan vi laga til varene, tok dei det med ro og hadde seg ein god prat med oss. Det var liksom noko trygt og stødig som fylgde med dei. 

Det var vel heller smått med pengar mellom folk den gongen, så innkjøpet gjekk om det som ein vil kalla "naudturft og næring til lekam og liv". Og vareutvalet rakk vel heller ikkje til noko meir. 

På ein slik handletur skulle det gjerne kjøpast forsyningar for eit par veker eller meir. Så handlelistene var nok vel gjennomtenkte. 

Ein må lura på kor langt planlegginga rekk i våre dagar, når det er krav om opne butikkar natt og dag i sju vekedagar, endå vi har fryseboksar og kjøleskåp. 

Kundane omkring Sygnefest, det vil seia frå gardane Vatne, Risa, Riseskora, Fallebø, la gjerne handleturen til ei tid då det var rutebåt. På den måten fekk dei også med seg post og kanskje eitt eller anna som dei venta med rutebåten. 


Parti frå Sygnefest i 1910. 
Sognejakta på bilete tilhøyrde Ingebrigt Sognefest. 
Det blir sagt at den var ein skarpseglar til sognejakt å vera. 

Elles var tysdag den store handledagen. Hovudproduktet frå gardsdrifta var smør. Ein gong i veka tok vi mot smør frå gardane. 

Desse smørstykka vart vegne, pakka og sende til ein smøreldingssentral i Eivindvik. Tysdagen heitte kort og godt smørdag. Og då vart det sjølvsagt handla varer samstundes, og grannar møttest til ein prat. 

Frå Sygnefest gjekk det ut ei landpostbod-rute innover til Brosvik-Rutledal. Han som var postbod, Bertel Brosvik, hadde som oftast kundar med seg når han kom roande. 

Desse kundane frå Brosvik rekna vi med som om dei høyrde til krinsen, for dei såg vi oftare enn dei frå Dingja og Losna. 

Butikken hadde korkje opnings- eller stengjetider. Det var berre spørsmål om det var kundar eller ikkje. Ofte stengde vi midt på dagen. Bønder hadde ikkje tid til å handla då. I staden vart det gjerne halde ope utover kvelden, særleg dersom det var rutebåt på kveldstid. Dette var tida då ungdomane samlast. 

Var rutebåten for sein, var ventetida kjærkommen til eit slag kort. Etterpå vart posten sortert,og dei fekk med seg aviser og det dei måtte ha handla. 

I det heile måtte butikkarbeidet falla inn i ein rytme som høvde med alt det andre vi dreiv med i Sygnefest. 

Såleis vart det ikkje mange stille stunder for oss i Sygnefest desse åra. Det var travelt, ofte slitsamt, men likevel interessant. Det avvekslande arbeidet og kontakten med så mykje folk gav mykje tilbake. 


Johan og Ingeborg Sognefest med sine born: 
Frå v. Gunnar, Ingvald, Olav, Solveig, Gunhild og Kari som sit ved sida av mor si. 
 

Drifta var heller ikkje rasjonelt opplagd. Frå dampskipskaien og inn til butikken var det eit heilt stykke der varene laut fraktast med ei handkjerre. Tyngre varer, så som formjøl, vart levert direkte frå lagerskuret på kaien. Andre tunge varer kunne vi og føra med båt frå kai til butikk, men alle daglege småvarer laut vi dra på handkjerra. 

Oljetanken var også plassert ved dampskipskaien, så det vart ein ekstra tur dit for å selja solarolje til båtar. 

Krigsåra vart ei utriveleg tid i Sygnefest. Vi vart ein del av Hitler sin Atlanterhavsvoll, med festningsverk. 

Familiar vart jaga frå heimane sine, og hjå oss tok tyskarane halve huset. No var det eit ganske stort hus, så vi hadde att to stover, kjøkken, postkontor og tre soverom. 

Og bortsett frå mykje uro, vart vi ikkje direkte plaga av dei nye leigebuarane. Det galdt berre å halda grei avstand. På butikken og andre tenester hadde vi ingen ting med dei å gjera, dei styrte med sitt eige på alle vis. 

Olav Sognefest med handvogna som ein køyrde varer med. 
Men for butkkarbeidet kom problema. Varer kunne ofte ikkje skaffast, sjølv rasjonerte varer som smør, sukker, tobakk stod vi utan når kundane kom med rasjoneringskorta sine og ville kjøpa. Då vart det sjølvsagt misnøye og lite kjekt. 

Med anleggsarbeidet på festninga kom det mange arbeidarar frå andre stader. Dei skulle også handla det dei trong, og varetilbodet vart endå knappare til alle. I tillegg til uhygge, redsle for krigen i det heile, vart liksom all glede ved arbeidet og menneskekontakten borte. 

Sygnefest fekk vegsamband i 1968. 

Olav Sognefest døydde i 1970. Då overtok Gunnhild Eikefjord, søster til Olav, drifta i Sygnefest. 

Rutebåtane slutta å stoppe i Sygnefest i 1972 og postopneriet var lagd ned på same tid. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal