Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Varehandel i Gulen

 

            
STRAUME ...over sjø og land
Forfatter: Konrad Stendal
Publiseringsdato: 15.09.2004

- Då eg var unggut, var det to som dreiv landhandel på Nyhamar. Det var Mikal Wesetvik frå Oppdalsøyra som hadde filial i kjellaren til Anton Nyhammer, og Fredrik Nyhammer som dreiv butikk i sjøbua si. I denne sjøbua var det forretningsdrift fram til 1956. 


Vårpuss på gavlbåten med Konrad Stendal på dekk. 
 

På grunn av Hjartås-vågen som nesten deler Hisarøy i to, vart det alltid brukt båt når ein skulle handle. Men me rodde ikkje heile vegen: me rodde over Hjartås-vågen, og så gjekk me til Nyhamar. Heimatt bar vi varene i kipe på ryggen. 

Eg hugsar det var ein gong eg hadde fått 10 øre, mens ei byjente hadde også 10 øre. Me gjekk rundt vågen, ca 7 km, og kjøpte kvar vår pose med drops. I 1939 var 10 øre pengar. 

Under krigen var det ei byjente som stod i butikken til Mikal Wesetvik. Ho heitte Edel Bjørseth og elles trur eg at dotter til Wesetvik, Solveig, var på butikken til faren på Nyhamar ei tid. Me unge likte veldig godt desse to. 

Etter krigen fekk me motorbåt på Straume. Då vart det lettare, og me som var ungdommar, reiste alltid til Nyhamar laurdagskveldane når rutebåtane "Værøy" eller "Nesøy" kom frå Bergen. Og då hjelpte me til med å bere varene til butikken. Vi henta også posten. 

Eg hugsar godt Peder Nyhammer, son til Karl Nyhammer. Han var ein stor kar, 2,05 m høg, som var fødd i 1925. Han kunne ta brødkassen full av brød på skuldra og bere han til butikken ca 70 - 80 m. Ein slik brødkasse var ikkje lett ! 

Det var fint med dei gamle butikkane. Det var inga stengetid; vi fekk kjøpe varer enten det var seint eller tidleg, hugsar eg. Det var ikkje lett å drive handel i den tida. Barneflokkane var ofte store, og det var knapt om pengar hos dei fleste. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal