Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

     

      
Kirkebyggeren i Fonna
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 04.06.2003

Byggmeister Anders O. Korsvold (1856 - 1912) vart kalla "Kirkebyggeren i Fonna".
Mellom anna bygde han kyrkja på Mjømna i 1901, i Gaupne 1907 og den engelske kyrkja i Balestrand. 

Der bygde han óg fleire av dei store villaene i sveitserstil, m.a. huset til professor Dahl. 

Anders O. Korsvold bygde óg fleire store hotell, m.a. Fretheim i Flåm i 1904, Maristuen i Lærdal, Nystuen på Filefjell, Mundal i Fjærland og det kjende Kvikne Hotell (Balholm) i Balestrand. 

Om ikkje det skulle vera nok, bygde han óg gjestgjevarstaden Skjerjehamn i 1891, prestegarden i Eivindvik (hus og løe) i 1905, lensmannshuset Solvang, bustadhuset på Krossvoll o.s.v. I stor grad tok han med seg arbeidsfolk frå Gulen. 

Anders vart gift 25/10 1883 på Krossvoll med Orlaug Andersdtr/Sjurson, f. 1855 på Krokenes i Solund. Han døydde i Balestrand 14/10 1912, berre 55 år gamal. Orlaug døydde i 1944. 

Anders og Orlaug hadde 9 born. Den eldste, Ole Andreas var målarmeistar og målte dei fleste av byggverka til faren. 

Tekst og foto er henta frå bygdeboka Gulen i gammal og ny tid, band 1 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal