Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk/Artikler
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
 
Bjørn West - bak fiendens linjer
Forfatter: Kjell Harald Lunde

Våren 1994 samarbeidde BKK og NRK om å lage eit TV - program om Bjørn West. Programmet vart vist på fjernsynet 15. oktober 1994 - dagen Bjørn West-museet vart offisielt opna. Eit tv-team på 10 personar frå NRK Hordaland gjorde opptak m.a. i Matre, Stordalen. Kringlebotn og på Litle Matrestølen. 

Krigen i Matrefjella gjenskapt på TV 

Den tyske kommandanten Carl Wagner tok Åslaug Matre som gissel og truga med å gjera Matre-bygda til eit nytt Telvåg. Han tende på to naust og eit lagerbygg. I tv-programmet om Bjørn West vert Åslaug Matre spela av barnebarnet Åslaug Matre Ødegaard. Inge A. Alver har rolla som Carl Wagner. Nede på stranda brenn det i det eine naustet. 

TV - programmet om Bjørn West er ei gripande skildring frå den norske okkupasjonshistoria. Alt frå første dag var spørsmålet: kunne denne norske styrken klara å overleva ? Ville dei få nok mat, våpen og ammunisjon ? Ville dei kunna stå imot den tyske militærmakta når det kom til kamphandlingar ? 

Eit tv-team på 10 personar frå NRK Hordaland gjorde opptak m.a. i Matre, Stordalen. Kringlebotn og på Litle Matrestølen. Skuleelevar, folk frå Heimevernet og tilsette ved Matre kraftverk spela tyske og norske soldatar, deltok i kampar, og elles gjenskapte det som hende under krigen. Ein del av dei personane som var i Bjørn West, fortel om hendingane i programmet. Hovudpersonen er nestkommanderande den gongen, løytnant Fredrik Kayser. 

Bjørn West er namnet på ei norsk hæravdeling som var skipa hausten 1944 for å ta imot norsk ungdom som stod i fare for å verta utkalla til tysk krigsteneste. På slutten av krigen talde hæravdelinga 260 mann. 

Utover vinteren 1945 vart det knapt med forsyningar. Soldatane mangla alt: mat, klede, våpen, ammunisjon! Flyslepp vart berginga. Men flysleppa kunne også ha vorte Bjørn West sin bane. 
Gestapo tok til å stussa over all flytrafikken over Matrefjella. To feildropp - det eine nær huset til nazilensmannen på Risnes, gjorde dei sikre i si sak. Store norske styrkar heldt til oppe i fjellet. Tyskarane bestemte seg for å gå til åtak. 

I månadsskiftet april-mai 1945, nokre få dagar før fredsslutninga, kom tyskje og norske avdelingar i strid fleire stader i Matrefjella. Kampane var harde. Sju nordmenn miste livet. Tyskarane hadde mellom 70 og 100 falne. 

BKK støtta tv-programmet økonomisk. Dessutan stod ansatte ved Matre kraftverk for innkvarteringa av NRK-teamet, og ytte hjelp til transport og bygging av kulisser. BKK bygde opp att delar av huset i Stordalen, slik det ein gong såg ut med kjellarmur, vindauge, hellelagt trappestein og skifertak over inngangspartiet. Med på arbeidet var m.a. Øyvind Furebotn (i vindauget) og Reidar Matre. 
 
 
 

Tv- opptak frå hovudkvarteret i Stordalen. I grøn uniform sjefen for Bjørn West, kaptein Harald Risnes (spela av Bjørnar Vik). I døra står nestkommanderande, løytnant Fredrik Kayser (spela av sonen Johan Fr. Kayser). 

I førstninga av april 1945 flytta Bjørn West hovudkvarteret til Stordalen. Leiinga med kaptein Harald Risnes i brodden skjønte at det berre var eit tidsspørsmål før tyskarane ville slå til. Strategien var å stogga tyskarane før dei klarte å rykka inn i sjølve fjellområdet. Den 28. april kom tyskarane opp frå Matre. Ei avdeling gjekk til åtak i Kriglebotn. Den norske soldaten Arnold Mathiesen vart skoten. 

Ei anna tysk avdeling tok retning over Klavefjellet mot sjølve hovedkvarteret i Stordalen. På Klaven skaut tyskarane om ettermiddagen Arne Lampe og Henning Wernøe. Fleire tyskarar miste livet i kampane denne dagen. 

Olav S. Trodal i rolla som Torgeir Stordal. 
Det kom til nye kampar i Kringlebotn 29. april. Der miste Jakob Aasheim og Narve Tindeland livet. Same dag stod slaget ved Litle Matrestølen. 

Den 1. og 2. mai var det kampar på nordflanken, ved Nystølen og Krokavatn. 
Den 3. mai raste kampane på Klavefjellet, like ved hovudkvarteret. Om kvelden 3. mai fekk dei norske styrkane ordre frå London om å stoppa krigshandlingane. Dei norske styrkane evakuerte Stordalen. 
 

Den 76 år gamle bonden Torgeir Stordal var for skrøpeleg til følgje med Bjørn West innover fjellet. Han vart gøymd oppe i ei ur. To dagar seinare våga Torgeir Stordal seg ned på garden att for å sjå til dyra. Han vart overraska av ein tyrsk patrulje. Dei skaut Torgeir Stordal, og sette fyr på huset. Eit meiningslaust drap. Dagen etter slakta tyskarane ned alle dyra på garden og brann dei andre husa i tunet. 

Under slaget ved Litle Matrestølen 29. april miste nordmannen Johan Hansen Gatland livet. 27 tyske soldatar vart skotne av dei norske stillingane. Berre ein tyskar overlevde, overleutnant Faigert. Om natta klarte han å koma seg ned att til Matre usett og fekk varsla. Dei tyske reaksjonane let ikkje venta på seg. 

Alle vaksne menn i Matre vart arresterte og sendte til Espeland. Før det måtte dei snikra skikjelkar og henta ned frå fjellet dei 27 døde tyske soldatane. 

Carl Wagner tok Åslaug Matre som gissel. Han skjønte etter kvart at Bjørn West måtte ha gode medhjelparar hos lokalfolket. Han vart klar over at mannen til Åslaug - Hjalmar Matre, måtte vera ein av hjelpesmennene. Hjalmar Matre hadde på dette tidspunktet slutta seg til styrkane opp i fjellet, og var sjølv med i fleire av dei alvorlegaste slaga. 

Carl Wagner ville tvinga Åslaug til å fortelja om mannen. Medan han truga og ropte i rasande sinne, viste han henne lika av dei 27 døde tyskarane som var plasserte på marka utanfor kontoret hans. Men Åslaug Matre var ei sterk kvinne: ho røpa ingen ting. 
 

Det er uvisst kva som ville ha skjedd med Bjørn West og Matrebygda dersom ikkje freden hadde kome så snart. Tyskarane var talmessig overlegne. Mange av dei norske soldatane var urøynde rekruttar med mangelfull opplæring. Fredrik Kayser seier i dag at hadde kampane halde fram ei veke til, hadde det truleg vore lite att av den norske styrken. 

Bjørn West er eit stykke spanande norsk krigshistorie frå vårt eige område. Soldatane kom frå StorBergen, Nordhordland og Os. 

Det var BKK som tok initiativet til tv-programmet om Bjørn West. Matrefjella er BKK "sitt" fjellområde. Det er eit naturleg ansvar å fortelja denne historia til nye generasjonar. Og det var viktig å få laga dette programmet medan dei som sjølve var med kan skildra opplevingane. 
------------------------------------------------------------------------------- 
Frå BKK-NYTT, mai 1994 Tekst og foto: Kjell Harald Lunde 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal