Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
 
Bjørn West - veterandag
Forfatter: Bjørn West Museet

60 år sidan etableringa av Bjørn West-styrken og 10 år sidan kong Harald V innvia Bjørn West museet, vart markert gjennom veteranbil- og båtkortesje, minnestund og ein offentleg veteranmiddag. 


Foto: Magne Åhjem 

Markering av fleire jubileum stod på programmet under Kraftspela på Matre laurdag 21. august 2004. 

Det er i år 60 år sidan motstandsavdelinga Bjørn West blei etablert, og 10 år siden kong Harald V kunne innvie Bjørn West museet i Matre. Masfjorden kommune er 125 år, - og for 60 år sidan gjekk D/S Masfjord på land og sokk ved Duesund. 11 menneske omkom - noko som blei markert ved ein minnesermoni og nedlegging av krans frå D/S Oster ved ulukkesstaden. 


Veteraner samla til middag. Foto: Magne Åhjem 

VETERANMIDDAG

Masfjorden kommune, BKK og Bjørn West-museet innviterte til festleg markering. Rundt 50 Bjørn West-veteraner med ektefeller var møtt fram for å bli feira med ein offentleg veteranmiddag, - noko som blei sett stor pris på. I sin tale minna Håkon Randal, president i Norges Forsvarsforening, om diktaren sine ord - "merket det stend om mannen han stupa". 


Eilert Eilertsen. Foto: Magne Åhjem 

258 mann tenestegjorde i Bjørn West - og dei hadde god støtte frå lokalbefolkninga. Bjørn West var einaste norske avdeling som kom i direkte kamp i Norge etter felttoget i 1940. 

- "Den samhørigheten som ble skapt i Bjørn West føler vi fremdeles er til stede. Dette er et stolt kapittel i vår krigshistorie. Veteranene har grunn til å være stolte av det de har vært med på, og det har vi andre også", sa fylkesmann Svein Alsaker i sin tale. 


F.v. Håkon Randal, John Reidar Kvinge, Jon Pettersen og Atle Bondevik. Foto: Magne Åhjem. 

Bjørn West-veteranen Eilert Eilertsen hylla sin nære venn og sjef - kaptein Harald Risnes. Risnes fekk den høgaste av norske utmerkingar, Krigskorset med sverd. 

Leiar for Bjørn West museet, Alf Solheim, takka Jon Hope frå Sogelaget og Erling Virkesdal for den store og viktige innsatsen dei har gjort for museumssaka. 

Generalinspektøren for Heimevernet, generalmajor Bernt I. F. Bruvold, overrekte ein sjekk som gåve til museet: - "Vi skal aldri glemme det avdelingen sto for", sa han. 


Forsvarsforeningens president, Håkon Randal. Foto: Magne Åhjem 

Forsvarsforeningens president, Håkon Randal, heidra tre som har gjort ein ekstra innsats. Han overrekte medalje til 92-årige oberst John Reidar Kvinge, som ei tid var sjef for Kompani Linge, og veteranen Jon Pettersen som deltok i innvasjonen i Normandie i juni 1944.

Atle Bondevik gjorde sin innsats etter krigen, i heimevernet og som Bjørn West-marsjens far. Bondevik kvitterte på sin side ved å overrekke til museet feltprest Roal Hedegård Jacobsens nytestamente frå krigens tid i Matrefjella. 

Eilert Eilertsen takka ordførar Håkon Matre på vegne av veteranane. 

Arrangementet blei gjennomført i regi av rådmann i Masfjorden, Lovisa Midtbø. 


Generalinspektøren for Heimevernet, generalmajor Bernt I. F. Bruvold, overrekte ein sjekk til Alf Solheim - som gåve til museet. Foto: Magne Åhjem. 


Fylkesmann Svein Alsaker. Foto: Magne Åhjem. 


Ordførar Håkon Matre. Foto: Magne Åhjem. 


F.v. Erling Virkesdal og Jon Hope. Foto: Magne Åhjem. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal