Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Bjørn West museet
BA 1 / BA 2 / BA 3
Biografiar
Bjørn West marsjen
Bøker
Filmen
Foreninga
Historikk/Artikler
Innkvartering
Kamp og siger
Kart
Mannskapsliste
Matre
Minnestøtter
Museets venner
Sanger
Shetlandsbussane
Stordalsfolket
Taler
Reklameartiklar
Vedtekter
Veterandagar 
Våpensamling
   
Historikk og artikler
Foto: Ein pust i bakken på veg opp Bjørneskavlen. 

Fredag 13. september 1940. Dagen da krigen kom til Masfjorden
Flyhavari i Tangedalskaret
- Her sloss eg i 1945
Krig i Kringlebotten
Attraksjon
Bjørn West Muséet 
The "Bjørn West" Museum, Matre, Norway
 
 
 
 

Historikk
19.03.2003

Bjørn West Museet ligg i Matre, innerst i Masfjorden ved E 39, ca 90 km nord for Bergen. Museet har sitt namn etter ein geriljabase som blei etablert i fjellområdet rundt Matre dei siste seks månadane av 2. verdskrig. I dei alliertes planar skulle basen operera som reserve bak dei tyske linjene i tilfelle alliert invasjon. 

I oktober 1944 blei 7 offiserar frå kompani Linge sendt frå Shetland med ubåtjagar og landsett ute på kysten. 
Ved juletider heldt dei til i fjellområda sørvest for Matre då dei første rekruttane kom. Basen sto under direkte kommando av Forsvarets Overkommando i London og blei bemanna med soldater frå Heimefronten (Milorg) i Bergen, Os-traktene og bygdene omkring baseområdet. Ved krigens slutt hadde basen 259 soldatar. 
Soldatane fikk sine forsyningar frå England, fram til april for det meste med ubåtjagera frå Shetland. Ute ved kysten blei forsyningane lasta over i mindre båtar og frakta inn til utvalgte stader ved fjorden. Derfrå blei dei bårne opp til forlegningane. Det var mykje stormfullt vær i denne perioden og til tider prekær matmangel. 


Sjefen for Bjørn West, kaptein Harald Risnes og distriktsspesialisten for Vestlandet i London, kapteinløytnant Alf Martens Meyer. 

I begynnelsen av april bedra været seg, og fly frå det engelske og amerikanske flyvåpenet overtok transporten. Natta mellom 14. og 15. april kom heile 16 fly med utstyr til basen, sannsynlegvis det største flysleppet til ein avdeling i det okkuperte Norge. 

Soldatane var innkvartert i sel og nokre få hytter som var i området. Sela var gjennomgående små, med 2-3 sengeplassar og bygt for sommarbruk. 

I kvart sel var gjerne 8-10 soldater innkvartert. Etableringa av basen var et farleg vågespel. I luftlinje låg den berre 50-60 km 
frå Bergen. Tyskarane måtte holdast uvitande lengst mulig, og heller ikke sivile norske måtte vite om den. 

Uten aktiv støtte og hjelp utanfrå, og frå selvoppofrande kontaktpersonar i bygdene rundt basen ville ikkje geriljabasen ha klart seg.. 

8. april 1945 landsette tyskarane tropper fleire stader ved fjordane rundt baseområdet. BJØRN WEST trekte seg då attende til fjellområdet nordøst for Matre og oppretta hovedkvarter på Stordalen Fjellstove. 

Dei siste krigsvekene blei BJØRN WEST angripne av overlegne, tyske styrkar - over 800 mann. Det kom til mange harde trefningar, ikke minst på Klavefjellet syd for Stordalen der nærmare 400 tyske soldater blei slått attende 3. mai. Samme kveld trekte BJØRN WEST-styrken seg attende etter ordre frå London, og heldt seg i ro til fredsslutninga 8. mai. 

Historia om BJØRN WEST er dramatisk, interessant og spennande norsk krigshistorie, som det er muséets oppgåve å ta vare på og formidle til nye generasjonar. 


Slit og atter slit for å få fram forsyningane. 

Muséet har ei fin samling autentiske våpen, utstyr og personlige effekter, blant anna utstyret til basesjefen kaptein Harald Risnes, til nestkommanderande løytnant Fredrik Kayser - som blant anna var med på 
tungtvannsaksjonen på Rjukan, presten Roal Hedegård Jacobsens utstyr og uniformen til flykaptein, seinere Stortingspresident, Per Hysing-Dahl - som natta til 3. mai 1945 droppa dei siste forsyningane over BJØRN WEST-basen. 

Ved hjelp av bilder, bildespel, tekst, film og intervjuer med enkelte som var med, får ein innblikk i avdelinga sin kvardag og krig. Muséet kan dessutan informere om dei forhold soldatane levde under, om utruleg slit med å få fram forsyningar, om snøstormar, kulde, regn og matmangel samt problematisk innkvartering, godt kameratskap og imponerande kampmoral. 

Under krigen var ei avdeling på 30 tyskara og 200 russiske krigsfangar i Matre for å skaffe sand til 
utbygging av tyske festningsverk. Det er nå slutt på sanduttaket og det er bygd to store kraftstasjonar i fjell som forsyner Stor-Bergen og delar av Vestlandet med elektrisitet. Der er også ein fiskeriforskningsstasjon. 

I dei siste vekene av krigen var Matre nær ved å bli et nytt Telavåg. Alle vaksne menn blei arrestert og sendt til en fangeleir ved Bergen der dei sat til krigen var slutt. Det var også sagt at bygda skulle brennast og kvinner og born sendast til Tyskland. Dette blei det heldigvis ikkje noko av. 

Et besøk på muséet i Matre kan kombinerast med en tur til Stordalen Fjellstove der BJØRN WEST hadde sitt hovedkvarter, der det og står ein bauta over 6 falne BJØRN WEST-soldatar samt Torgeir Stordal som blei skoten av tyskarane der. Frå Stordalen kan en fortsette ned til Førde ved Sognefjorden og vidare til Massnes Villmarksmuséum som har ein stor samling av gamle bruksting og utstoppa og levande dyr. Frå Massnes er det berre 11 km til Oppedal fergeleie. 


Stabskokken var den første i Norge som blei behandla med penicillin. 


Jagarflygar Reidar Eikemo, født på lemmen i Museumshuset 1921, representerer Flyvåpenet i Museét. 


Livbåten som løytnant Fredrik Kayser og fenrik Severin Synnes kom i til Masfjorden. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal