Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Hordaland
Samfunn
Kultur
Natur
Næring
Folketalsutvikling
Fylkesmannen
 

    

   Låtefoss bru (1859) Foto: Scandion.

Hordaland

Hordaland, med meir enn 456 000 innbyggjarar, er det tredje største fylket i landet rekna etter folketal. Landskapet er variert og storslått. Stikkord er: Øyar, skjer og lune vikar. Fjordar med stupbratte fjellsider. Høge fossar. Fjellvidder og brear. 
I Bergen finn du fylkesadministrasjonen, statlege regionkontor for Hordaland og nasjonale statlege direktorat.

I mange samanhengar vert Hordaland fylke delt opp i innlands- og kystdistrikt. Som innlandsdistrikt vert rekna Hardanger og Voss. Kystdistrikt er Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland. Hordaland grenser mot Sogn og Fjordane, Buskerud, Telemark og Rogaland. 

Fakta:
Areal: 15 450 km² 
Folketal : 456 711  (2007) 

Tusenårsstaden «Kabuso»

Hordaland har eit rikt og variert dyre- og planteliv. Les om : 
FylkesfuglenFuglar i HordalandFylkesblomstenFylkessteinen
Sjøfuglreservat

Fylkesvåpenet 
I middelalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes kommune. 
Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. 
Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. 

I forbindelse med den store kommunesamanslåinga i Hordaland i 1972 vart det slutt på Bergen som eige fylke. Tidlegare kommunar som Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart samla til ein kommune som fekk namnet Bergen. 

Før 1919 var namnet på Hordaland fylke Søndre Bergenhus amt. Navnet 
«Hordaland» kjem av folkenamnet Horðar som ofte er nevnt i gamalnorsk - og 
kan være innvandra frå Jylland (germansk folkestamme) der harudene vert nevnt i 
1. århundre e. Kr.. Horðar er ei avleiing av av det germanske ordet for skog, harud - 
og «Harudane» betyr skogfolket. Hordar som kom til Vestlandet busette seg bl.a. på 
Bergenshalvøya - og mange stadnamn kan knytast til denne tida. 

Byar i Hordaland : Bergen - Stord - Odda - Voss

Bryggen i Bergen står på UNESCOs liste over verdas kulturarv. 

E39 Kyststamvegen 

Bergenhus amt

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal